Anne Elisebeth Skogen er suldøl, og ho er «forteljar». I den uvanleg fine boka «Over havet til Amerika i 1825», som ho gav ut saman med biletkunstnaren Nenad Ignjatic tidlegare i haust, presenterer forfattaren seg sjølv slik: «Eg heiter Anne Elisebeth og er forteljar, munnleg forteljar. Når eg fortel, brukar eg sjølvsagt stemma mi, men eg brukar og ansiktet, ikkje minst augo, og iblant heile kroppen». Ho skriv at ho fortel både for barn og vaksne, unge og gamle. I år har ho bestemt seg til å «fortelje skriftleg». Og forteljinga hennar er eit frampeik mot noko som vil skje neste år. Då skal vi markere at det er 200 år sidan sluppen Restauration kasta loss i Stavanger med 52 rogalendingar om bord. Dei ville utvandre til Amerika.
Dei 52 var kvekarar. Dei hadde nekta å innordne seg, dei ville ikkje følgje den norske kyrkja og prestane sine reglar. Passasjerane var religiøse flyktningar. Det er den dramatiske og farefulle ferda frå Stavanger, via England og Madeira og over Dammen til Amerika boka handlar om. Og som hand i hanske passar Nenad sine illustrasjonar til Elisebeth sin tekst. Akvarellane hans fortel, dei og, om reisa mot det ukjende. Om småjenta Marta Helene der ho sit på dekk og tviheld på filledokka si. Om Marta Geilane, som hell sitt nyfødde barn på fanget fødd to dagsreiser frå Bahamas.
Treng saudabuen eit julegåvetips, anbefaler eg «Over havet til i Amerika i 1825», både til dei som kan lese og til dei som enno ikkje kan, men er glad i å bli lese for.
Og på dei tre barneskulane våre burde rektor svinge seg rundt og kjøpe inn klassesett av boka – om ein der enno held seg med klassesett med bøker? Boka er til sals i adventbokhandelen.
– Roar Lund
