Flott oppslag om lokalhistoriske skrift i avisa Ryfylke (utgåve 26.11.2021). Under følgjer eit utdrag.
Smelteverksliv, barneteater, handballfeber og frontkjemparar frå Sauda er blant rettane på menyen i det 41. årsskriftet frå Sauda sogelag.
November er tid for lokalhistoriske årsskrifter, og tradisjonen tru står skriftstyrar Roar Lund og Sauda sogelag klar med nok ei utgåve av det populære årsskriftet sitt.
Årets bok inneheld 20 artiklar fordelt på 190 sider og kjem i eit opplag på 700.
– Fjorårets opplag på 650 blei for knapt, forklarer skriftstyraren.
I fiendens teneste
76 år etter at freden kom til landet, vil enkelte tema frå krigsåra framleis vekka sterke kjensler hos enkelte. Eitt slikt tema er saudabuane som valde å la seg verva til teneste for den tyske krigsmakta under andre verdskrigen. Skriftstyrar Lund har sjølv skrive artikkelen som omtalar tre unge menn som ofra livet sitt i kampen «på feil side».
– Me har vurdert det som rett å omtala også denne sida av lokalhistoria, forklarer skriftstyraren, som opplyser at han mellom anna har henta inspira-sjon frå manuskriptet til Kjell Bondevik. Ifølge Lund er artikkelen skriven før NRK-serien «Frontkjempere» blei vist. Lund har klart å henta fram mykje relevant fakta om dei tre soldatane og deira lagnad, og artikkelen viser at det framleis er muleg å presentera nytt og dels ukjend materiale om andre verdskrig.
Spettet og Meteren
Blant årets bidragsytarar er også forfattar og æresborgar av Sauda, Kjartan Fløgstad. I artikkelen «Kroppsarbeidets pris» skildrar Fløgstad liv og virke på smelteverket i «Industriens lukkelege augneblink» tidleg på 1960-talet.
Artikkelen tar for seg både folk og arbeid på dei ulike avdelingane, med smakebitar av kultur og det som i dag sikkert ville gått under ukultur. «Hardt kroppsarbeid, men ikkje skremmande», skriv Fløgstad, «med god tid til sosialt samvær, skøyarstreker og gode historier, som fortetta seg i ein rik fortellartradisjon. Her traff du Spettet og Meteren og 49-50 og Sørlands-Olsen, og Stavanger-Olsen og Flekk-Olsen. For ikkje å snakka om Kille og Banna Bein.»
«Kroppsarbeidets pris» er blant årets høgdepunkt, både som tidsbilde og som rein underhaldning.
– Artikkelen har tidlegare stått på trykk i gatemagasin i Oslo og Trondheim. Fløgstad har raust latt oss få lov til å setta det på trykk i årsskriftet, opplyser Lund.
Idrett og kultur
Årets skriftsamling inneheld òg ein god artikkel om 70-årsjubilanten Sauda Sau og Geit, der tre
av medlemmene i jubileumsåret har vore med sidan starten i 1951. Kåre Rød står for fortellinga, som mellom annan inneheld eit gjensyn med avlsvêren Svaledraum, som nesten var for kjendis å rekna rundt 1960.
Magne Eiesland er eit kjend namn for saudabuar som har levd ei stund. Om lag samtidig med Svaledraum sine glansdagar var sørlendingen den kan hende viktigaste drivkrafta bak eit blømande Sauda ungdomslag. Professor Egil Bakka fortel om aktiviteten i laget, slik han hugsar det, og kjem med ei muleg forklaring på tilnamnet «Heppen» som Ungdomshuset gjekk under. Dette var for øvrig eit namn dei som vanka der ikkje var spesielt begeistra for.
Tre av artiklane i årsskriftet handlar om ei tidsmessig nærare historie enn dei ein ofte møter i eit slikt sogeskrift. Wenche Pleym skriv om Saudasjøen Barneteater som heldt det gåande i 36 år, fram til 2007. Knut Atle Seim fortel om «husmorlaget» frå Sauda som spelte handball på nest øvste nivå i Norge rundt 1980 og Arne O. Øystese har skrive om menneske han møtte gjennom 20 år som prest i Sauda, frå 1992 til 2012.
Å kunna lesa om hendingar og folk ein kjenner til, og som framleis går blant oss, gir utan tvil skriftsamlinga eit løft.
– Eg er veldig glad for til dømes historia om barneteateret. Dette stoffet treff ein ny generasjon lesarar, seier Lund.
Takkar av
Årsskriftet for 2021 er det siste med Roar Lund i redaktørstolen. Tida er inne for å sleppa yngre krefter til, og frå neste år er det Kirsten Hellerdal Fosstveit, som står bak to av artiklane i årets utgåve, som tar over.
– Mykje arbeid, kjekt arbeid og god tilgang på artiklar, oppsummerer de avtroppande skriftstyraren, samstundes som han kjem med ei oppmoding:
– Me burde hatt meir stoff frå 1960-og 70-talet. Er det nokon som har aktuelle tema frå desse tiåra, er dei hjarteleg velkomne til å skriva, seier Roar Lund.
(skriven av Knut Atle Seim, avisa Ryfylke 26.11.2021)
Ønskjer du å bestilla ei eller fleire utgåver av årsskriftet? Det kan du gjera ved å fylla ut bestillingsskjema her.