Vinnarar av spørrekonkurranse

Etter at skiltløypa var opna kunne ein prøva seg på ein spørrekonkurranse med 15 spørsmål – eit for kvart skilt. Svara på spørsmåla fekk ein ved å gå løypa og lesa på skilta.

Me har trukke ut tre vinnarar av konkurransen:
  • Olaug Drarvik
  • Trygve Aartun
  • Borghild Stråtveit Refvik
Kvar av vinnarane får eit gåvekort på 500 kr.

Takk til alle som deltok!

Opning av byvandringsløype i Åbøbyen

Laurdag kjem riksantikvaren til Sauda. Her skal ho sjå på den verneverdige kraftstasjonen i Søndenåhavn, Stasjon lll og på Folkets Hus. Og så skal ho klippe snor i Åbøbyen. Litt over klokka 1400 utstyrer Sauda sogelag riksantikvar Hanne Geiran med saks, så skal ho klippe over ei snor spent tvers over Wergelandsveien, og vipps, så vil løypa i Åbøbyen vere opna for «fri ferdsel».

Skilt nr 1

I 2019 feirar Sauda sogelag sitt 40-årsjubileum. I samband med jubileet vil sogelaget gi ei gåve til saudabuen, og det blei ei byvandringsløype gjennom hele bygda sin stoltheit – vakre Åbøbyen. Med raus økonomisk støtte frå Sparebankstiftelsen Sauda og solid eigeninnsats frå sogelaget, er no 15 skilt sett opp kring i Åbøbyen. På skilta kan ein lese lokalhistoria til området, om arkitektur, butilhøve, parkar og grøntanlegg, skular, idrettsanlegg og forsamlingshus. Også bileta på skilta fortel historie, dei har Sauda lokalarkiv skaffa fram.

Laurdag ettermiddag blir det fin fest for store og små der Haakonsgaten og Wergelandsveien møtest. Og til fine festar høyrer både kulturelle innslag, ein kaffiskvett og noko å bite i.

Og når festen er over, kan dei som vil få seg eit spørjeskjema, følgje løypa rundt og så svare på spørsmåla. Blant dei mange som sikkert har alt rett, blir det trekt ut tre rause premiar.

Vel møtt i Åbøbyen laurdag!

– Roar Lund


Dato: Laurdag 21. september
Tid: Kl 14:15
Stad: Krysset mellom Haakonsgaten/Wergelandsveien


Montering av skilt

Tysdag ettermiddag denne veka gjekk styret i sogelaget rundt i Åbøbyen og monterte skilt.

Du kan lesa meir om skiltprosjektet her. Nå gler me oss til opning laurdag 21. september! Me håpar flest mogleg vil koma til opningsarrangementet. Riksantikvar Hanna Geiran kjem til Sauda for å opna løypa. Det blir helsingar og kulturelle innslag m.m. Møt opp i krysset mellom Wergelandsveien og Haakonsgate (like ved Industriarbeidarmuseet) kl 1430. Møt opp i god tid!