Inviterte sogelaget heim på garden

Det blei ei triveleg avslutning på vårsesongen for 65 medlemmer i sogelaget. Arena for møtet var Maldal, nærare bestemt den romslege verkstaden til Vegard Mjelkestøl. Kjærsti Bruknapp på saksofon fekk oss til å gløyma ein heller kald og fuktig vår ved å spela Henning Sommero sin kjende melodi, Vårsøg. Deretter fekk Vegard Mjelkestøl mikrofonen og overraska dei fleste med ein hyllest til Sauda sogelag for arbeidet med å ta vare på historia, for eksempel i saka om fiskeoppdrett framfor kraftstasjonen i Søndenåhavn.

– Me må halda på identiteten vår ved å forstå samfunnsutviklinga, hevda Vegard. Å kjenna historia er folkehelse, og derfor er det viktig å læra korleis folk levde, budde, dyrka og fekk det til. Han linka også tankane sine til dagens aktuelle situasjon kring beredskap.

– Lytt til erfarne fjellfolk for ikkje å gjera dei same feila om igjen. Me må kikka oss i bakspegelen og tenka på kor sårbare me i dag er utan straum og drivstoff, sa den svært taleføre bonden og politikaren på Saudas høgstliggande gard, nærare 400 meter over havet.

Historie

Dei fleste kjenner til diskusjonen om skrivemåten på Maldal, og Vegard viste også til varianten Moldal, truleg eit utspring av gard på Molla. Han slo også fast at både Maldalselva og Tverråna med drikkevatn og krefter er livsviktige for Maldal. Me fekk høyra om regulering av Reinsvatnet og kor viktig det tidlegare var med stabil vassføring for både kvernhus og sager. Lange, gode vintrar var positive for transport av ved og varer, men kunne også føra til sein vår.

Vegard meinte at jordforholda mot vest og sør var gode for hest og handamakt. Maldal har relativt lite stein og store, gode beiteområde, og dei 15-20 uteløene minner oss om tider då heiaslåtten var ein naturleg og viktig del av gardsdrifta. Også fjellheimen med jakt og matauk representerte ein viss verdi, men samstundes hadde rovdyr vore eit problem.

Den største utfordringa ved å bu i Maldal i gamle dagar var avstanden til sjøen og sjølve terrenget. Namn som Hekkanstjødnå fortel om trollskap og uframkomeleg terreng. Fleire ulike løypestrengar var til god hjelp, men transporten var likevel både tung og tidkrevande. Gamleveien inn til Sauda var heller ikkje lett, og folk på besøk i Maldal overnatta gjerne for å kvila seg til heimturen.

Turisme

Mange av sogelagsmedlemmene på Mjelkestølen denne tysdagen huskar nok «luftige hotellplanar» i Maldal på 80-talet, men lenge før den tid var påsketuristar frå Stavanger ei ekstra inntektskjelde for bøndene i Maldal. Vegard fortalde muntert om bønder som sjølv flytta ut av huset og tok imot 20-25 siddisar på påskeferie. Det kunne vera krevande å få både proviant og turistar til gards etter ein livleg båttur innover fjorden. Turistane hadde nok også med seg (u)vanar som var ukjende for bøndene i Maldal, og ikkje alle var like modne for lange skiturar etter ein fuktig kveld.

Moderne tider

Før 1874 hadde gardane i Maldal vore delt opp på ulik måte, men dei siste 150 åra har det vore tre gardar. I 1942 bygde Johannes S. Maldal på Mjelkestølen sitt eige kraftverk, men med visse utfordringar samanlikna med dagens straumnett. Gabriel Maldal og dei to søstrene hans på den nedste garden (Bakken) ville også ha straum, og til slutt fekk visst også den midtre garden kobla seg på. Maldølingane fekk på denne måten ein forsmak på moderne tider. I 1955 kom nemleg ein to-hjuls traktor til Maldal, men ifølge Vegard passa den dårleg i bratte bakkar, og hyppige nesten-ulykker gjorde at to-hjulingen blei «førtidspensjonert.» Det var derfor ein stor attraksjon då Johannes T. Maldal flaug opp den første traktoren til Maldal i 1960. Traktoren var demontert i 3-4 delar og frakta til gards med helikopter, og frå den dagen kunne ein sjå beltespor og skikkelege tømmerlass i Maldal. Ein ny revolusjon kom i 1967 då Johannes S. Maldal kjøpte ein av dei første snøscooterane i kommunen. Nå blei det enkelt å ta ein tur til Sauda om vinteren og elles kjøra rundt i området. På to av gardane var det ingen etterkommarar, og i 1974 overtok Sigurd Birkeland både Bakken og Mjelkestølen. Sigurd hadde vore mykje i Maldal og jobba sidan han var 13 år og var også i slekt med maldølingane langt ute. Sigurd arva altså begge gardane, men ein slags «folgeavtale» forplikta han også til å hjelpa dei opprinnelege maldølingane på fleire måtar slik at dei kunne bu heime så lenge som muleg. Planar om vei til Maldal og Vanvik blei endeleg realisert på slutten av 70-talet, og i 1980 kom veien heilt inn på tunet i Maldal. Trassèen var omdiskutert og noko tilfeldig, men busslass med turistar og krav om snuplass ordna også ei god bru over elva til Mjelkestølen.

Vegard på Mjelkestølen, Sondre på Bakken

Sigurd Birkeland (1926-2017) hadde passert 75 år, og det var ikkje lenger aktuelt for han å ha ansvaret for to tungdrivne gardar. Dette hadde han sikkert planlagt lenge, for i alle år hadde han hatt god hjelp av dei to barnebarna, Sondre og Vegard. Sigurd kjøpte tidleg motorsag og anna spennande utstyr til gutane som etter kvart fekk interesse for gards- og skogsdrift. Formelt overtok Sondre og Vegard kvar sin gard i 2002, og nok ein gong blei det altså to brør på gardane i Maldal. Gardsbruka er om lag like store, men det meste av bygningar stod til nedfalls. Vegard klarte å redda huset og bygde på, men verkstad, fjos og reiskapshus er av ny dato. På den nedste garden var fleire bygg i litt betre stand, men også Sondre måtte til med nybygg og store investeringar. Det aller viktigaste er nok likevel at det nå er skuleborn og arvingar på begge gardane.

Oppgradering av kraftanlegget i Maldal blei ein solid seier for dei unge bøndene. Spørsmålet var altså om vederlaget skulle baserast på naturhestekrefter eller marknadsverdi. Saka gjekk i rettssystemet i seks år og enda i høgsterett. Vegard som talsmann for bøndene sa i etterkant av møtet at det var ei spennande tid der motsett utfall ville ha vore fatalt. Maldalsskjønnet skapte presedens for liknande saker og gir bøndene ein solid, årleg pengesum på storleik med den eingongssummen dei først fekk tilbod om.

Forventningar

Vegard ville også gjerne seia noko om haldningar og forventningar og tok utgangspunkt i «urmaldølingane» som var så takknemlege for så lite.

– I dag skal alt vera lett og kjekt heile tida. Verda er ikkje slik, og sutring og klaging frå mange bønder er ein farleg vei. Denne klare ytringa resulterte i mange diskre nikk frå salen.

– Då bommar me, og det fører til at fleire bruk blir nedlagt, sa Vegard før han avslutta med å lesa Blakken av Kvitanesen.

Det kom også spørsmål og innlegg, og føredragshaldaren med brei erfaring frå arbeidslivet elles fortalde at han periodevis leiger seg ut på anna relevant arbeid.


Kåre Rød – Referent for Sauda sogelag