Historia om Sauda monteringslag/Weldone i sogelaget

Tysdag kjem Paul Rune Engebretsen til Folkets Hus for å fortelje historia om Sauda Monteringslag. Det er Sauda sogelag som har invitert han. Paul Rune er mannen som verkeleg kan historia om den mekaniske bedrifta som faren hans, Paul Engebretsen, saman med fire andre saudabuar var med og stifta i 1948. Sjølv leia han bedrifta i mange år, sidan har han vore styreformann i driftsselskapet.

Kjært barn har som kjent mange namn. Monteringslaget heitte firmaet det første året. Så blei namnet Sauda Monteringslag, og frå 2006 snakkar vi om Weldone. Dette er den absolutte kortversjonen av bedriftshistoria. Den riktige og meir omfattande historia om oppturar og nedturar, suksessar og bommertar, om folk som kom, blei og etter kvart slutta i den trauste mekaniske bedrifta i Nedre Saudasjøen, overlet vi til Paul Rune å fortelje.

Og strøymar dei til, alle dei mekanikarane, sveisarane, kontorfolka og arbeidstakarar elles som har arbeidd på monteringslaget, kan det fort bli folksamt i Storesalen tysdag. Dei og alle andre interesserte er også velkomne til drøs, allsong og tradisjonell, velsmakande sogelagsmat.

Roar Lund


  • Dato: Tysdag 10. mars 2026
  • Tidspunkt: kl 19:00
  • Stad: Folkets Hus, Storesalen
  • Sogelagsmat. Entre: 150 kr. Billettsal på biblioteket og på saudakultur.no

Gamle bilete og filmsnuttar frå Sauda

Nødland med fleire gamle bilete i sogelaget

Tysdag ber Sauda sogelag inn til det første sogelagsmøtet i 2026. For to år sidan vitja Inge Mikal Nødland sogelaget og viste filmar som i hovudsak urmakar Jensen hadde tatt opp – dei fleste frå 1960-talet. Filmane hadde Inge Mikal «vaska» og klargjort for framsyning. Saudabuane strøymde då til i hopetal for eit gjensyn med bygda og menneska som budde her for seksti år sidan. Ja, så mange kom at Sauda sogelag måtte invitere til ekstraforestilling for dei som ikkje fekk billett denne kvelden.

No viser det seg at Inge Mikal har meir å by på av interessant stoff frå «gamle dagar». Han har funne fram enda fleire godbitar frå fotoarkivet. Det er både stillbilete og filmkutt som er klare for framsyning til tysdagskvelden i Folkets Hus. Det er nok lurt å skunde seg å kjøpe billettar på biblioteket eller på saudakultur.no.

Februar er meir enn vinter, glatte fortau og brøytekantar. Det er også årsmøtemånaden for lag og foreiningar. Difor legg Sauda sogelag årsmøtet sitt til denne kvelden. Årsmøta i sogelaget er til vanleg greitt avvikla. Valkomiteen har gjort jobben, og dei har fått ja frå alle dei har spurd.

Ver velkomne, anten du er medlem eller ikkje, til det første sogelagsmøtet i 2026 – til filmframsyning, allsong, sogelagsmat og god drøs.

Roar Lund


  • Dato: Tysdag 24. februar 2026
  • Tidspunkt: kl 19:00
  • Stad: Folkets Hus, Storesalen
  • Sogelagsmat. Entre: 150 kr. Billettsal på biblioteket og på saudakultur.no

Sogelagskonsert

Tysdag 25. november er det igjen sogelagsmøte i Folkets Hus. Men denne gongen blir det ikkje med dekte bord og sogelagsmat. Det blir konsert – sogelagskonsert. I programfoldaren vår heiter det Poeten Arthur i ord og tonar, presentert av Sigmund Andersen og Oskar Waage-Pettersen. Og dei to har fått med seg eit elitelag av lokale musikarar. Saman byr dei på konsert i Storesal.

– Arthur var poet og han skreiv med scenebiletet og den dramatiske effekten for auga, seier Sigmund.

Arthur døydde i 2017. Sigmund  var kollega, ven og «revyundersått».  Difor vil sogelagskonserten vere Sigmund og Oskar sin måte å heidre minnet etter Arthur.

Etter konserten blir det tid for ein liten drøs mellom stolradene, før skriftstyraren slepp til og presenterer det 45. årsskriftet frå sogelaget. Dei som ønsker det, kan også få kjøpe skriftet før dei går heim i novemberkvelden. Billettar får de kjøpt på saudakultur.no og på Biblioteket.

Ver velkomne til sogelagskonsert i Folkets Hus.

Roar Lund


  • Dato: Tysdag 25. november 2025
  • Tidspunkt: kl 19:00
  • Stad: Folkets Hus, Storesalen

Amerikabrev i sogelaget

Tysdag vil det handla om amerikabrev i sogelagsmøtet på Folkets Hus, både dei breva som utvandra saudabuar sende frå Montana, og breva som dei her heime sende til saudabuar i den same staten.

Øystein Kirchner Gjerding bur i Oslo, men har familierøter både på Djuv og på Herheim. For ti år sidan imponerte han stort då han fortalte møtelyden i sogelaget om saudabuar som var med på gullrushet i Alaska dei første to tiåra av førre hundreår. No har han kome over brev som mellom andre oldemora hans, Elen Gurina Herheim, gift Amdal, skreiv til bror hennar Elias mellom 1908 og 1915. Breva Gurina og andre i familien sende fortel om liv og lagnad på gardane frå Teig og innover til Austarheim, om kristenliv og festing i bygda, om sladder og slarv. Og blir rykta for stygge, har Øystein lova å anonymisere kvar einaste villfaren røvar. Men mest av alt handlar breva om kvardagen, om livet på Herheim og på dei nærmaste gardane.

Så er det naturleg å også gje plass til dei breva som gjekk den andre vegen – det er jo dei som er «amerikabreva» i tradisjonell forstand. Roar Lund har fått tilgang på heile førti brev send frå Montana mellom 1910 og 1921, mest alle skrive av Oskar Fløgstad til «kjære moder og alle der heime». Han var bror til Olav Kristen Fløgstad, i Sauda best kjend som O.K. Fløgstad. O.K. tok vare på breva, og så har dei blitt i familien etter at han døydde. I breva skriv Oskar om saudabuar han reiser saman med og alle dei han trefte på «over there», om ein evig jakt etter arbeid, om andre i familien som er i den same staten samstundes, og, som det gjerne heiter, om mykje anna spanande.

Vi i sogelaget trommar altså saman til eit skikkeleg «Montanamøte» i Folkets Hus, Storesalen i samband med at vi markerer at det er 200 år sidan utvandringa frå Norge til Amerika starta. Og så blir det som vanleg både allsong og noko å bite i. Ver velkomne til nok eit «amerikamøte» i sogelaget.

Aslaug Astad


  • Dato: Tysdag 4. november 2025
  • Tidspunkt: kl 19:00
  • Stad: Folkets Hus, Storesalen

Kor vart det av Johan Brox?

Mange i Sauda lurar nok på kor det blei av Johan Brox, guten som vaks opp i Hellandsbygd på 1970-talet og som mellom anna var innom i Ryfylke som journalist dei siste åra tiåret etter. Han skreiv jo godt, ungguten, meinte mange då.

For alle dei som no lurar på svaret, er det heil sikkert flott at Sauda sogelag kvart år i november presenterer utflytta saudabuar, blant dei også hedlingar, i møteserien «Kor vart dei av?»  Tysdag i neste veke kjem Johan heilt frå Oslo og til Storesalen i Folkets Hus for å dra historia om det meste av det han har vore med på sidan han reiste ut fjorden – eller var det over fjellet?  – i 1990. Og kanskje går han så langt tilbake i historia som då han vaks opp i det som nærast kan kallast Saudefaldene sitt underbruk, Hellandsbygd og til skuletida elles i heimkommunen.

Vi ynskjer velkomen til det første sogelagsmøtet i haust. Der held vi fram med det  møteopplegget som så mange vil kjenne igjen, med god drøs, allsong og sogelagsmat. Billettar får de kjøpt på biblioteket eller på saudakultur.no.

Roar Lund


  • Dato: Tysdag 7. oktober 2025
  • Tidspunkt: kl 19:00
  • Stad: Folkets Hus, Storesalen