Medisin i sogelaget

Tysdag kjem Borghild Roald til sogelaget. Familien Roald kom til Sauda i 1957. Far var kirurg på sjukehuset og familien budde i legebustaden øvst i Åbøbyen. Dei tre jentene og litlebroren fekk oppveksten  i Sauda. Borghild var nest eldst. Ho reiste frå bygda i 1965. Kor vart det av Borghild då, lurer nok mange av dei som kjende henne og familien. Då er det fint at sogelaget alltid har «Kor vart dei av» til overskrift på oktobermøta sine.

Borghild Roald røper alt i overskrifta kva som skjedde då ho drog heimanfrå for å studere. «Medisinen tok meg», seier ho. Og då er mykje, men langt frå alt sagt. Ho fortel no at ho alt som fjortenåring bestemte seg for at ho ville bli lege. Det er uvanleg tidleg, men kanskje har det ei forklaring som ho vil kome inn på?

No er dokter Roald pensjonert professor frå Universitetet i Oslo. Doktorgraden skreiv ho om kreft hos barn. Om oppvekst og skuletid i Sauda og mykje av det som har skjedd etterpå, vil ho fortelje om når vi møtest på Eldresenteret tysdag. Og legg no merke til at denne kvelden er sogelaget tilbake i det gamle møtelokalet, der vi endeleg kan by på den tradisjonelle sogelagsmaten.

Sogelagsmøta er som vanleg opne for alle interesserte. Ver velkomne til eit sosialt lokalhistoriemøte med servering og tid for ein triveleg pausedrøs.

Roar Lund


  • Dato: Tysdag 18. oktober
  • Tidspunkt: kl 19:00
  • Stad: Eldresenteret, Høllandstunet

Fløgstad i sogelaget

Tysdag er Fløgstad temaet når sogelaget inviterer til ope møte i Folkets Hus. Nei, det skal ikkje handle om forfattaren Kjartan denne gongen. No er det historia om Fløgstadgarden, med dei mange frådelte bruka det gjeld, og om folka som budde der. Det er ei historie som strekkjer seg mange hundreår tilbake og heilt inn i vår tid.

No er det Arnvid Lillehammer som best kan greie ut om den gamle historia til det han kallar «Den mangbølte garden Fløgstad», det som på 1500-talet var ein gard. Då den store frådelingsprosessen var over kring 1900, kunne ein telje kring 20 gardsbruk i bakkane ovafor Øyra. Derfrå strøymde det ut slekter med Fløgstad som etternamn.

Arnvid Lillehammer har sjølv spede røter på Fløgstad. Oldefaren dreiv eit lite småbruk der ein gong på slutten av attenhundretalet, og Arnvid vaks opp i Kalhagen, også det ein del av Fløgstad.

Åshild Marie Øverland har også familierøter på Fløgstad. Mor hennar, Torunn, vaks opp der på 1930- og 40-talet. Begge foreldra hennar var fødde Fløgstad, vakse opp på to nabogardar. Åshild Marie har «intervjua» henne om oppveksten, og ho seier ho vil freiste å dra dei lange linene frå familien sin bondebakgrunn.

Sogelagmøta er som vanleg  opne for alle interesserte. Ver velkomne til eit sosialt lokalhistoriemøte med enkel servering og tid for ein triveleg pausedrøs.

Roar Lund


  • Dato: Tysdag 27. september
  • Tidspunkt: kl 19:00
  • Stad: Storesalen, Folkets Hus

Sogelaget endrar i haustprogrammet

På møteprogrammet for hausten er Fløgstad-garden tema. Møtet var planlagd til tysdag 13. september. No er møtet flytta til 27. september. Dermed er planane om å avduke fem nye «blå skilt» på Øyra utsett til tysdag 5. oktober.

Ver velkomne til sogelagsmøte:

DatoTemaStad
Tysdag
27. september
«Den mangbølte garden Fløgstad» ved Arnvid Lillehammer
«Livet på Fløgstad i vår tid» ved Åshild Marie Øverland
Folkets Hus, Storsalen
Tysdag
5. oktober
«Blå skilt på Øyra». Utfyllande informasjon og program kjem seinare. Øyra

Oppdatert program finn du også her.

Sauda i vikingtida

I år er det 1150 år sidan slaget i Hafrsfjord då Harald Hårfagre samla landet til eit rike. Så seier i alle fall soga. Då er det naturleg at jubileet blir ekstra heftig markert her i Rogaland. Og det blir det, med ein jubileumsfest som varer i heile elleve dagar til ende, med programstart i Haugesund 9. juni, og avslutting i Hafrsfjord 19. juni.

Vi i Sauda sogelag tjuvstartar jubileet alt på tysdag. Då blir vikingtida tema i Storesalen på Folkets Hus med lokalhistorikaren framfor nokon annan i Sauda, Arnvid Lillehammer. Han har sjølv valt overskrifta for kvelden: «Sauda i vikingtida – kan me seia noko om det?». Og han fortel at han vil freiste å svare både på det spørsmålet og fleire andre om Sauda meir enn tusen år tilbake i tid. Arnvid seier han vil kome inn på den generelle bakgrunnen for denne perioden i landet vårt si historie, og så vil han kome nærmare inn på Sauda si vikinghistorie. Han vil ta utgangspunkt i dei få gjenstandane frå denne tida som er funne i kommunen. Han nemner mellom anna sølvskatten som blei funne under Staurhidler, like bak rådhuset ein gong på 1800-talet. Og så seint som i 1944 kom Paul Austarheim over ein gullbrakteat i åkeren på garden hans på Teig. Kan desse og andre funn fortelje oss noko om bygda vår, og korleis folk levde så langt tilbake i tida? Vi reknar med at Arnvid, som jo er utdanna arkeolog, vil grave fram svar på desse og mange andre spørsmål om Sauda i vikingtida.

Denne gongen blir det ikkje musikk i pausen. «Vikingarna» kunne ikkje kome. Men ein matbit og te eller kaffi til alle, det blir det heilt sikkert. Ver velkomne til vikingkveld på Folkets Hus.

Roar Lund


  • Dato: Tysdag 26. april
  • Tidspunkt: kl 19:00
  • Stad: Storesalen, Folkets Hus