Årsmøtet vart avvikla 19. februar 2018 på Eldresenteret. 61 tilhøyrarar var til stades.
Desse har sete i styret i 2019:
Leiar | Aslaug Astad (valt i 2018) |
Nestleiar | Jan Ringstrand (valt i 2019) |
Kasserar | Anne Brit Solland (valt i 2018) |
Skrivar | Roar Lund (valt i 2019) |
Styremedlemmer | Marit Rusten Birkeland (valt i 2018) |
Liv Kari Solli (valt i 2018) | |
Varamedlemmer | Wenche Johnsen (valt i 2019) |
Kristoffer Nødland (valt i 2019) | |
Revisor | Bernt Egil Strømme (valt i 2019) |
Valnemnd | Aslaug Tangeraas og Ruth Klungtveit (valt i 2019) |
I skriftstyret, som ikkje er vald av årsmøtet, har desse sete: Roar Lund (leiar), Aslaug Tangeraas, Kirsten Hellerdal Fosstveit, Sigmund Andersen, Wenche Pleym og Lars Olav Fatland.
Også i 2019 takkar vi kjøkkengjengen for ein heilhjarta innsats på alle lagsmøta med å lage til maten og å servere: Marit Rusten Birkeland (leiar), Laila Hoftun, Martha Brit Fløgstad , Berit Saua og Laila Hardeland.
Oscar Waage-Pettersen (piano) og Sigmund Andersen (gitar) har som vanleg stått for dei musikalske innslaga på møta. Også dei skal ha takk.
Laget har 170 medlemer pr 31.12.2019.
Sauda sogelag har to æresmedlemer: Bjørg Oftedal og Aslaug Astad.
I 2019 har vi hatt 12 styremøte. I tillegg har styret hatt mange arbeidsmøte. Markeringa og feiringa av sogelaget sitt 40-årsjubileum har prega arbeidet vårt dette året. Planlegginga av jubileumsarrangementa har vore arbeidskrevjande og tatt mykje tid, men har samstundes vore eit veldig kjekt arbeid. Det same har arbeidet med skiltløypa i Åbøbyen vore. I årsmeldinga vil styret trekkje fram følgande møte og arrangement:
- Jubileumsfest på Sauda Fjordhotell 31. januar. 77 medlemmar var til stades. I tillegg til fleire kulturelle innslag kåserte Arnvid Lillehammer om «Sju kvinneportrett – 300 års bygdesoge».
- Jubileumstur 20. august for 22 påmelde medlemmar med buss til Eidsborg, til Vest-Telemark museum og Eidsborg stavkyrkje og heim om Rauland og stopp ved kyrkja der.
- Avvikling av årsmøte i Rogaland historielag i «Nyesalen» på Folkets hus 23. mars. 70 delegatar og utsendingar møtte. Roar Lund var årsmøtedirigent. Aslaug Astad deltok som styremedlem i RH medan Anne Brit Solland, Marit Rusten Birkeland, Jan Ringstrand og Roar Lund var delegatar for Sauda sogelag. Deltakarane blei vist rundt med buss i Sauda.
- Opning av skiltløypa i Åbøbyen 21. september. Riksantikvar Hanna Geiran klipte snor og slik markerte ho at jubileumsgåva til saudabuen, ei skiltløype med 15 forklarande skilt var opna. Det var ei gåve frå Sparebankstiftinga i Sauda på 250 000 kroner og stor arbeidsinnsats frå styret som gjorde det mogleg å få til ei slik lokalhistorisk løype. Styret vil spesielt takke Kirsten Hellerdal Fosstveit, som ikkje er styremedlem, for ein imponerande og avgjerande arbeidsinnsats her.
Vi har elles hatt desse medlemsmøta i 2019:
- februar: Årsmøte i Sauda sogelag og «Sauda idrettslag 1919 – 2019» ved Kåre Rød. Han hadde sett som undertittel: Samfunnsengasjement, MOT, stolte øyeblikk og betre folkehelse. 61 frammøtte på Eldresenteret.
- 19. mars: «Fyr og flamme i Fløgstadåsen» ved Heming Gujord. Om lokal forankring og mottaking av Kjartan Fløgstads bøker i Sauda. Møtet var også ei markering av 500-årsjubileet for boka i Norge. 76 frammøtte på Eldresenteret.
- april: Kvinner i mannsdominerte miljø. «Opp gangvegen med gnisten og sjømannspresten» ved Anne Lise Skoglund Welde og Anne Grete Hagen. 86 tilhøyrarar på ungdomsskulen.
- juni: Hans Wedvik fortel om hytteliv på Breiborg før og under krigen. Vårmøte for medlemmar på Breiborg. Sauda trekkspelklubb spelte. Ei stor oppleving for dei 47 medlemmane som møtte.
- 22. oktober: Kor vart dei av? «Med språket som arbeidsgjevar ved Ola E. Bø». 90 til stades på Eldresenteret
- 19. november: «Tjue år som prest i Sauda. (1992 – 2012)» ved Arne O. Øystese. Presentasjon av årsskriftet for 2019 ved skriftstyrar Roar Lund. 146 tilhøyrarar til stades i Eldresenteret. Styret er samd om at dette var for mange i salen og at vi ved seinare høve må sette ei grense for kor mange vi kan sleppe inn på møta på Eldresenteret.
Elles:
Aslaug Astad er styremedlem i styret for Rogaland historielag og møter fast på styremøta. Og ho er også varamedlem i Landslaget for lokalhistorie. Ho er redaksjonsmedlem i Lokalhistorisk årbok for Rogaland.
I 2019 har sogelaget hatt eit godt samarbeid med Ryfylkemuseet. Vi har møtt representantar for museet i samband med opninga av utstillinga i Industriarbeidarmuseet, «Under røyken», og vi har tatt på oss å vere guidar på museet utanom den ordinære sommarsesongen fire gongar.
Aslaug Astad, Marit Rusten Birkeland, Wenche Johnsen og Liv Kari Sollie deltok om «Frivillighet» i Norge 12. november.
Vi har også svart Landslaget for lokalhistorie på ei kartlegging av lokallagas historie.
Årsmøtet i februar vedtok å gjere slutt på ektefellemoderasjon på årskontingenten. Kontingenten er no 200 kr for alle. Det blei også vedteke å gje medlemmane 50 kr i avslag på prisen for eitt årsskrift.
Sauda februar 2020
Roar Lund, skrivar