Årsmelding for Sauda sogelag 2020

Årsmøtet vart avvikla 14. februar 2020 på Eldresenteret. 128 tilhøyrarar var til stades.

Desse har sete i styret i 2020:

Leiar: Aslaug Astad (valt i 2020)
Nestleiar: Jan Ringstrand (valt i 2019)
Kasserar: Berit Saua (valt i 2020)
Skrivar: Roar Lund (valt i 2019)
Styremedlem: Marit Rusten Birkeland (valt i 2020)
Styremedlem: Liv Kari Solli (valt i 2020)
Varamedlem: Wenche Johnsen (valt i 2019)
Varamedlem: Kristoffer Nødland (valt i 2019)
Revisor: Bernt Egil Strømme (valt i 2019)
Valnemnd: Marie Grindheim (valt 2020) og Ruth Klungtveit (valt i 2019)

I skriftstyret, som ikkje er vald av årsmøtet, har desse sete: Roar Lund (leiar), Aslaug Tangeraas, Kirsten Hellerdal Fosstveit, Sigmund Andersen, Wenche Pleym og Lars Olav Fatland. Lars Olav og Aslaug går no ut av skriftstyret, og vi takkar dei for det arbeidet dei har gjort for årsskriftet.

Årsskriftet for 2020 er den 40. årgangen. Salet har vore særs godt, og vi har berre få eksemplar igjen. I samband med at Åbøbyens venner førebudde eit større arrangement i juni, gav vi ut eit ekstrahefte med artiklar om Åbøbyen frå tidlegare årsskrift. Salet var så godt at vi måtte bestille eit ekstra opplag. Av dette opplaget har vi difor mange hefte att.

Også i 2020 takkar vi kjøkkengjengen for innsatsen på lagsmøta. Marit Rusten Birkeland (leiar), Laila Hoftun,  Martha Brit Fløgstad , Eli Halvorsen og  Laila Solland Hardeland.

Anne Brit Solland ønskte ikkje attval etter 19 år i styret. Vi takkar henne for lang og verdfull innsats for Sauda sogelag.

Laget har 212 medlemer pr 31.12.2020.

Sauda sogelag har eit æresmedlem: Aslaug Astad. Vårt andre æresmedlem, Bjørg Oftedal, døydde 26. februar 2020. Aslaug skreiv minneord om Bjørg i Ryfylke og i årsskriftet.

I 2020 har vi hatt 12 styremøte. Styremøta har vore prega av koronapandemien. Styret hadde klart eit årsprogram og førebudd fleire medlemsmøte, for så å måtte endre planane og, diverre, utsetje og avlyse dei fleste møta. Vi har berre fått avvikla desse medlemsmøta:

14. februar «Ei historie om far min – Dr Olav Gramstad» ved Sigved Gramstad og årsmøte i Sauda sogelag. 128 tilhøyrar.
18. august «Samuel Tveit – slik eg møtte han» ved Ole Hovland. Møte ute på Tinghaug i samarbeid med «Interessegruppa for Samuel Tveit». Møtet var berre for medlemmar. 52 medlemmer var til stades.
29. september «Parken i Åbøbyen». Ved Kirsten Hellerdal Fosstveit og Odd Magne Lønset. Av smittevernomsyn blei møtet avvikla i Storesalen på Folkets Hus. Også dette møtet var ope berre for medlemmar på grunn av koronapandemien. Vi var 57 til stades. Erfaringa med dette møtelokalet var så gode at styret ønskjer å halde fram med å ha medlemsmøta her.
20. oktober «Det er lett å lyga når det er langt heim» ved Borghild Gramstad i møteserien «Kor vart dei av?». Borghild samla 76 tilhøyrarar i Storesalen på Folkets Hus. Møtelyden blei spurd om dei ville sogelaget skulle halde fram med å møtast på Folkets Hus. Dei svara med ei kraftig klappsalve.

Elles

Aslaug Astad er styremedlem i styret for Rogaland historielag. Ho er og  redaksjonsmedlem i Lokalhistorisk årbok for Rogaland.

Aslaug er også varamedlem i styret for Landslaget for lokalhistorie.

Jan Ringstrand har vore sogelaget sin representant i styret for stiftinga Sauda lokalarkiv.

I august møtte styret 97 år gamle Hans Olav Riddervold på Sauda Fjordhotell for å takke for ei gåve til sogelaget på 10 000 kroner. Møtet er omtalt i Rogaland historielag sitt medlemsblad SydVesten.

Styret har sett opp skilt ved Kvekerkyrkjegarden i Åbøbyen i tillegg til skiltløypa som var ferdig i 2019. Styret har også tatt på seg nokre helgevakter  på Industriarbeidarmuseet etter ynskje frå leiinga ved Ryfylkemuseet.

Arnvid Lillehammer har overlate  den lokalhistorisk boksamlinga si til sogelaget.

Anne-Brit Solland har tatt på seg å vere IT-konsulent og Face Book-ansvarleg etter at ho har gått ut av styret.

Kirsten Hellerdal Fosstveit er ansvarleg for heimesida vår.

Styret har sendt brev til kommunen om dei manglande trea i Wergelandsveien ved Sauda klubb.


Sauda, mars 2021

Roar Lund, skrivar

 

 

 

Sauda III er freda!

31. august 2020 vedtok Riksantikvaren freding av ei rekkje kraftstasjonar i Noreg, deriblant Sauda III. Sauda sogelag har gjennom mange år engasjert seg i vern av denne flotte kraftstasjonen.

– Kraftverka blei arkitektoniske og tekniske symbol for nasjonsbygging, modernitet og framsteg. Nå tek me vare på eit utval av desse anlegga for ettertida, seier riksantikvar Hanna Geiran.

Les meir på Riksantikvaren sine nettsider her.


Under: Bilete frå då riksantikvar Hanna Geiran besøkte Sauda i september 2019. Sauda sogelag tok henne med til Storlidammen og kraftstasjonen Sauda III. 

Turtips: Gå til Brattebakken

Nok eit lokalhistorisk turtips frå Sauda sogelag: Få bestefar og bestemor med opp til Brattebakken. Om bestefar ikkje hoppa der på 1950- og 60-talet, så var heilt sikkert både han og bestemor der for å sjå på når storfuglane sette utfor. Ikkje køyr opp til sletta, men finn ein parkeringsplass rett innafor der skiltet viser veg frå Birkelandsvegen og opp mot bakken. Til bakken brukar de litt under halvtimen på ein fin, men bratt grusveg. Og mindre bratt er ikkje vegen opp mot kulen. Der har de fin utsikt mot bygda vår. Så kan de traske, ikkje meir enn fem, saman innover fine og flatare stiar og skogsvegar.

I Brattebakken kunne det vere 70 gutar med i eit klubbrenn, og til dei store renna møtte opptil 1000 tilskodarar opp til hornmusikk, sportsandakt og spanande konkurransar. Bakken blei innvigd i 1926. Då var bakkerekorden 36 meter. I 1995 hoppa elleveåringen Ole-Christian Enger 70 meter. Det er framleis bakkerekord.

Gutane klare for hopp i Halvdalarteigen i 1958: 59 Helge Hansen, 46 Leif olav birkeland, sture Westin, 58 John Dahl-Olsen, 45 Knut Michaelsen, 37 Lars Hagen, 44 Oddmund Vik, mellom 38 og 39 Jan Lunde, 32 Einar Lunde, mellom 32 og 47 Hans Herbert Kjellsen, 43 Edvin Pape og 47 Øystein Tveit. Biletet er frå Årsskrift for Sauda sogelag 2018 og er utlånt av Øystein Tveit.

På vegen heim kan de stikke bortom Halvdalarteigen, eller Hallandsteigen som dei fleste kalla «gutebakken» i Sauda. Ta av mot Søndenåhaugen og følg første veg mot venstre, og vips så er du på sletta og kan sjå opp til høgre mot unnarennet. Bakken blei brukt fram til 1962. Etter det blei Myrabakken på Teig den nye gutebakken, og no sette også nokre jenter utfor.

De kan lese meir om hoppbakkane i Sauda i Sauda sogelag sitt årsskrift i 2018.

Etter påske trekker vi eit årsskrift (2019) for kvar av dei tre sogelagsturane, i  Åbøbyen, Saudasjøen og Brattebakken. Legg igjen namn på sogelaget si Facebook-side eller kontakt underteikna. God tur – med god avstand.

– Roar Lund

Krigsminneløypa i Saudasjøen

Eit nytt turforslag frå Sauda sogelag: Legg den lokale påsketuren til Saudasjøen. Finn fram til krigsminna i Ytrabygda. Dei er det mange av.

8. mai 2017 klipte kultursjefen i Sauda, Åshild Marie Øverland snor på Nesøyra. Slik opna ho løypa som fortel om dei mange krigsminna i Saudasjøen. Det er minna frå då tyske okkupantar satsa så stort på å byggje opp Nordag, ein gigantisk aluminiumsoksydfabrikk på slettene nedanfor Sauda fjordhotell.

Det er sett opp 10 skilt, nokre store med omfattande tekst, andre er berre skilt på stolpar. Dei kan vere litt vanskelegare å finne. Viss du startar ved Russarbrua bak drosjehytta, kan du følgje vegen utover mot Nesøyra, den siste strekninga gjennom ein liten tunnel, då har du også i grove trekk følgd jernbanetraseen frå krigstida. Ved skilt nr fem Nesøyra er det bygd ein gapahuk, og benkar er sett ut. Sjølv i koronatider er det plass nok til at dei som vil ta ein rast her, kan halde avstanden. Elles er det sett opp skilt eller stolpar ved fjordhotellet, nede ved Sjøen, ved kanononstillingar mellom Sjøen og campingplassen, i «fabrikkgata» og ved koplingsstasjonen (den gamle yrkesskulen). På oversida av riksvegen går turen til Risvoll, Fosstveitdammen og Hovland. Naturlegvis treng ein ikkje ta heile turen i eit jafs. Påska er lang, spesielt i år.

kart

Det var Aslaug Astad, Kirsten Hellerdal Fosstveit og Tore Bastlien Dahl som gjennom «Foreininga for krigens kulturminne Sauda» som laga løypa, med økonomisk støtte frå Sparebankstiftelsen i Sauda. Les meir på nettsida her.

Hald avstand, gå ikkje meir enn fem saman. Ha ein god lokalhistorisk påsketur.

– Roar Lund


Her kan du lasta ned brosjyre med kart og omtale av turen.

Avlyst!

Det planlagde møtet i Sauda sogelag tysdag 17. mars må diverre utsetjast inntil vidare etter helseråd frå Sauda kommune.