KFUK / KFUM i Sauda bygde i si tid ei hytte i Maldal. For ein god del år sidan vart hytta teke over av KFUK / KFUM på Karmøy og for eit par år sidan vart ho seld til private.
Ukategorisert
Program 2019
Årets program er klart og du kan finna informasjon om møte og arrangement her.
Register – Smeltedigelen
For dei som er interessert i lokalhistorie kan det vera kjekt å veta om at registeret til Smeltedigelen nå er digitalisert. Du kan søkja i det ved å følgja instruksar her:
Jubileumsmøte på Sauda Fjordhotell
Torsdag i neste veke inviterer Sauda sogelag til jubileumsmøte på Sauda Fjordhotell. Då er det på dagen førti år sidan laget blei stifta. 31. januar i 1979 heldt Arnvid Lillehammer foredrag om mellomalderkyrkjegarden og stavkyrkja i Ytrabygda. Han sa at kyrkjegarden der var Sauda sitt viktigaste kulturminne. Skipingsmøtet fann stad i kapellet i Saudasjøen.
Og no kjem Arnvid Lillehammer nok ein gong til sogelaget og Ytrabygda, denne gongen til fjordhotellet. «Sju kvinneportrett – 300 års bygdehistorie» har han sett som overskrift denne gongen. Ingen saudabu kan meir om lokalhistoria vår enn Arnvid, det er udiskutabelt, og vi gler oss til å høyre kva han har på hjartet.
Så blir det litt underhaldning og allsong, men ikkje sogelagsmat denne gongen, for no blir det servert «fjordhotellmat». Så her er det mykje å glede seg til.
Møtet denne gongen er berre for medlemmane i det jubilerande Sauda sogelag. Ver velkomne.
Dato: Torsdag 31. januar
Tid: Kl 19:00
Stad: Sauda Fjordhotell
Berre for medlemmar
Fri adgang
Påmelding
Innan fredag 25. januar på telefon eller sms til Aslaug eller Liv Kari:
- Aslaug Astad, mobil 948 22 022
- Liv Kari Solli, mobil 902 36 009
eventuelt på e-post til sauda.sogelag@gmail.com.
God jul!
Sauda sogelag vil takka for året som er gått, og ønskjer med dette alle
