Jubileumsmøte på Sauda Fjordhotell

Torsdag i neste veke inviterer Sauda sogelag til jubileumsmøte på Sauda Fjordhotell. Då er det på dagen førti år sidan laget blei stifta. 31. januar i 1979 heldt Arnvid Lillehammer foredrag om mellomalderkyrkjegarden og stavkyrkja i Ytrabygda. Han sa at kyrkjegarden der var Sauda sitt viktigaste kulturminne. Skipingsmøtet fann stad i kapellet i Saudasjøen.

Og no kjem Arnvid Lillehammer nok ein gong til sogelaget og Ytrabygda, denne gongen til fjordhotellet. «Sju kvinneportrett – 300 års bygdehistorie» har han sett som overskrift denne gongen. Ingen saudabu kan meir om lokalhistoria vår enn Arnvid, det er udiskutabelt, og vi gler oss til å høyre kva han har på hjartet.

Så blir det litt underhaldning og allsong, men ikkje sogelagsmat denne gongen, for no blir det servert «fjordhotellmat». Så her er det mykje å glede seg til.

Møtet denne gongen er berre for medlemmane i det jubilerande Sauda sogelag. Ver velkomne.


Dato: Torsdag 31. januar
Tid: Kl 19:00
Stad: Sauda Fjordhotell

Berre for medlemmar

Fri adgang


Påmelding

Innan fredag 25. januar på telefon eller sms til Aslaug eller Liv Kari:

  • Aslaug Astad, mobil 948 22 022
  • Liv Kari Solli, mobil 902 36 009

eventuelt på e-post til sauda.sogelag@gmail.com.