Ågard (Det gamle Folkets Hus)

Brugata 2

gnr 28 / bnr 49
Byggjeår: 1917-18 / gjenoppbygt etter brann i 1940
Bruk: Hotell, kafé, forsamlingshus
Huset fekk blått skilt i 2022.

Namnet på byggjegrunnen borte ved Nordelva, der Det gamle Folkets Hus vart bygt, er Ågard. Sjølve namnet tyder elvegarden eller garden ved elva. Me legg merke til at eigedomen har gardsnummeret til Fløgstad, men opphavleg tilhøyrde grunnen Åbø. Ole Olsen Åbø selde tomta til Christian Næss i 1896. Christian Bakke kjøpte grunnen hjå Udmund O. Hellemo i 1919, og føremålet med kjøpet var å setja opp eit hotell. Når Det gamle Folkets Hus i offisielle dokument har nemninga andelslag, skriv dette seg frå den tida den lokale samorganisasjonen sat som eigar. Samorganisasjonen var — som namnet seier — samansett av fleire fagforeningar som hadde «andeler» eller aksjar i huset. Men i dag er det herre Sauda Fabrikkarheiderforening som har hand om eigedomen.

Då sandsbuen Chr. Bakke av ukjente årsaker selde Grand Hotell i Sauda til Knud Tungesvik i 1917, gav han seg ikkje som hotellvert. På same måte som han hadde nytta materialar frå tidlegare hotell i Suldal og Røldal til å byggja Grand Hotell, ordna han seg med trevyrke frå eit turisthotell i Røldal, som vart rive og sett opp att som Christian Bakkes Hotel og Cafe på eigedomen Ågard like ved Nordelva i Sauda.

Allereie tidleg i mars 1919 er Bakke i gang med både hotell og kafédrift i det nye bygget. Frå mars og ut november 1919 hadde han tre faste annonsar i bygdebladet «Ryfylke-Posten»:

Christian Bakkes Hotel, Sauda. 20 værelser, enkle som doble. Moderate priser. Telefon.

Christian Bakkes Café, Sauda. Varm mat. Kaffe og smørbrød. Serveres hele dagen. Telefon.

Christian Bakke, Sauda. Skydsstation. Turer utføres hele døgnet. Telefon.

Annonsa som inneheld «Skydsstation», er interessant. Bakke heldt hestar, stallen hadde han ved kaien i eit uthus som han — saman med Johannes Fiveland — sette opp i 1915. Han hadde køyrekarar i si teneste, og desse var sysselsette i transport-verksemd for A/S Saudefaldene i anleggstida. Diverre var sonen til Bakke, Ole, i tidleg barndom så uheldig å falla ned frå hesteryggen. Han pådrog seg alvorlege ryggplager som hemma han sterkt under oppveksten. Han hadde lange sjukehusopphald før han døydde i ung alder.

I oktober 1919 får «skydsannonsa» til Bakke ein annan ordlyd:

Christian Bakke, Sauda. Automobilforretning.  Turer utføres hele døgnet. Telefon.

Dette tyder at hotellverten Bakke faktisk er ein av pionerane innan biltransporten i Sauda. Om han nytta bilar både til drosje- og lastebilkøyrung, veit me diverre ikkje. I alle høve dreiv han drosjekøyring. For då han seinare vart medeigar i turisthytta på Minnehaugen, køyrde han ofte hotellgjester og andre dit opp. Bilen — eller bilane — hadde han ståande i garasjar som han sette opp bak hotellet ved Nordelva. Då han seinare vart vert på Grand Hotell, nytta han i nokre år uthuset nede på kaien som garasje.

Diverre kom det etter kvart til å gå dårleg for Bakke som hotell- og kafévert. I slutten av november 1919 er alle dei tre faste annonsane hans borte frå sidene i «Ryfylke-Posten». Då han søkjer om fornya kaféløyve, vert søknaden avslegen av heradsstyret i januar 1920. Då ein ny søknad var føre i heradsstyret i februar same året, var det eit fleirtal for å gi han løyve, men tre representantar røysta imot. Året etter — februar 1921 — er det også eit fleirtal som gir han kaféløyve, medan eit mindretal på to er imot. Dette tyder på at ikkje alle er var nøgde med den måten han dreiv kaken og hotellet på. Nedgangstider forverrar situasjonen for han. Christian Bakke stampa i motvind og hadde problem. Ja, problema var så alvorlege at han ikkje makta å sitja med eigedomen Ågard lenger, og den 14. mai 1921 kunne saudabuen lesa denne notisen i «Ryfylke-Posten»: Eiendomssalg. Hr. Chr. Bakke har i disse dage solgt sit hotel til Sauda lokale samorganisasjon, efter forlydende for en pris av 60.000 kr. Hotellet skal benyttes til Folkets Hus. Samorganisasjonen har allerede overtatt det.» økonomiske vanskar førte også til at Bakke måtte selja ei byggjetomt under Høiland til Kristian O. Fløgstad.

Slik såg huset ut dei første åra etter det blei Folkets Hus. Foto: Steinkopf Wold (Kjelde: Soga som Sauda, fjerde bandet)

Chr. Bakkes Hotel vart det fyrste Folkets Hus i Sauda. Kjøpet skjedde medan Jens Brose Michalsen var formann i samorganisasjonen. Den 24. august 1921 skriv stavangeravisa «1. Mai» dette om huset: «Et prægtig Folkets Hus og en fin particafé. Arbeidet med at faa lokalene til caféen indredet blev vesentlig gjort under storstreiken, og mest som gratisarbeide. Da storstreiken blev avblaast, kunde saudakameratene aabne sin egen café til gene (= sjenanse, irritasjon) for de private cafédrivende. Den nye Folkets Hus Café blev aabnet fredag 10. juni 1921 kl. 7 om kvelden med sang og musikk.»

Den lokale samorganisasjonen sat som eigar av Det gamle Folkets Hus fram til 1927. Då kom organisasjonen opp i økonomiske vanskar, og eigedomen vart seld på auksjon. Det var Sauda Fabrikkarbeiderforening som fekk tilslaget. Prisen var 12000 kr. for hus og tomt, og etter den hande-len er det Fabrikkarbeiderforeningen som står som eineeigar.

Etter at fagrørsla overtok, skjedde det ominnreingar i huset. I kjellaretasjen vart det både møte-sal med scene og kjøken. Her vart det skipa til møte, festar og dansetilstellingar og jamvel vist film. Huset tente såleis som eit senter for arbeidarrørsla fram til 1931 då Det nye Folkets Hus vart bygt.

Det har vore to brannar i Det gamle Folkets Hus etter at Fabrikkarbeiderforeningen overtok huset. Den fyrste var i januar 1928. Etter det ein skjønar, var denne avgrensa til loftshøgda. Det måtte leggjast nytt tak over loftet, og taket vart tekt med skiferheller. Langt meir omfattande og dramatisk var brannen 1. mars 1940. Brannen vart varsla kl. 15.30, og då det kommunale brannstellet kom til, stod heile loftshøgda i lys loge. Då brannmannskapet la ut slangar til næraste hydrant, synte det seg at vatnet var frose! Ein fekk ikkje setja i gang med sprøyting før brannbilen til E.F.P. kom til brannstaden ein halv time seinare. Då hadde elden fått godt tak, og det såg ei stund ut til at heile huset skulle stryka med. Frå brannbilen til E.F.P. vart det lagt ut slangar til Nordelva. Sløkkingsarbeidet var sers vanskeleg. Røyken gjorde det mest uråd å koma inn i huset utan å ha gassmasker på seg. Etter eit par timars iherdig sløkkingsarbeid såg det ut til at fyrste høgda skulle verta spart, men heile loftshøgda og størsteparten av andre etasje hadde fått omfattande brannskadar. Brannen hadde samla ei mengd tilskodarar, og politiet hadde si fulle hyre med å halda uvedkomande attende. Det var ikkje heilt ufarleg å vera i nærleiken av huset, for rett som det var, var det små skred av skiferheller som fall frå taket.

Avisa 1. mai skreiv om brannen dagen etter.
Bilete frå avisa 1. mai si dekking av saka.

Det synte seg at brannskadane var så alvorlege at styret for Folkets Hus lenge var i tvil om huset skulle byggjast opp att eller om det burde kondemnerast. Men huset var godt assurert så ein valde den fyrstnemnde løysinga. Det gjekk eit halvt år før bygget vart sett i stand att. Då hadde det gått med 30.000 kroner. Men det var eit heilt anna hus som nå presenterte seg. Fasaden ut mot gata hadde fått eit meir moderne preg. Det vart nå oppgang til kaféen i andre høgda frå fortauet i Brugata mot tidlegare frå sida mot Nordelva. Frå kaféen i andre høgda vart det lagt ut ein altan ut mot elva, noko som gjorde det mogeleg å ha uteservering når veret var lageleg. Kafélokalet var ljost og fekk harmoniske fargar. Eit stort og godt utstyrt kjøken stod ferdig då kaféen vart opna. I tredje høgda vart det innreidd komfortable rom for kapersonalet. I fyrste etasje vart det plass til to butikklokale til høgre for oppgangen, på venstre sida eit romsleg lokale som lenge tente som lokalkontor for avisa «1. Mai» (seinare Rogalands Avis). Seinare vart det kontor for det lokale Arbeidarpartiet. Det var byggmeister S.K. Rasmussen som hadde laga teikningane til ombygginga, og det var han som hadde trearbeidet.

Sjølvsagt er det alltid store verdiar som går tapt ved ein brann, og i dette høvet var det eit leitt tap at arkivet til Sauda Arbeidaridrettslag gjekk opp i flammar. Men det var fleire som leid skade. Olena Bakke, til dømes, som i årevis dreiv delikatesseforretning i fyrste høgda, måtte halda stengt heilt til måndag 18. november før ho kunne opna att.

Dersom ein skal setja opp eit oversyn over alle lag, butikkar av alle slag, handverkarar og entreprenørar som har halde til i Det gamle Folkets Hus gjennom mange år, vert rekkja av namn så lang at det er mest uråd å få med alle. Etter at fagrørsla overtok huset var her — forutan Folkets Hus Café —kontor for Sauda Fabrikkarbeiderforening, Sauda Arbeidaridrettslag, Arbeidar- og Kommunistpartiet og deira ungdomslag. Tidlegare har me nemnt saudakontoret for «1. Mai». Når det gjeld kaféen, overtok Sauda Forbrukslag drifta under namnet Samvirkekaféen. I fleire år var det ein populær kafé, som var kjent for velsmakande mat og av den grunn hadde mange faste gjester. Men som me veit, er det ikkje så få kaféar som har gått inn etter krigen, og Samvirkekaféen er ein av desse.

I fyrste høgda er det mange butikkar som har halde til gjennom åra. I slutten av tjue og fyrstninga av trettiåra var det ein kolonial- og ei skotøyforretning i denne etasjen. Mange saudabuar hugsar delikatessebutikken til Olena Bakke. Ho selde kvalitetsvarer og hadde ein stor kundekrins. Me har også i friskt minne urmakar og optikar Austerheim som laga stor blest om verksemda si. Han vart etterfylgd av etnebuen Ragnvald Kaldheim som også heldt til her før han flytte til Skulegata. I det gamle Folkets Hus handla Birger Nilsson med musikkinstrument nokre år. Før han fekk seg arbeid ved fabrikken, hadde herrefrisør Karsten Stueland salong i dette huset. I dag vert det seld helsekostprodukt i eit lokale, og i lokalet ved sida av er det høve til å få leiga solsenger. Slik kunne ein lista opp mange namn på personar og verksemder som har prøvd seg på handel av ulike slag i dette huset. Men det vil føra for langt å nemna alle. Me nøyer oss med å omtala at det tidlegare kontoret for Arbeidarpartiet og avisa «1. Mai» (Rogalands Avis) er nå ominnreidd til kontor og kurssenter for L.O. i indre Ryfylke. Leiaren for senteret er Jens Jensen. Fast leigetakar er bank- og forsikringsselskapet Vår bank og forsikring, der Einar Tretnes er styrar.

Når det gjeld lokala til den tidlegare Samvirkekafeen, var det i nokre år leigde bort til Ryfylke Kompetansesenter A/s. Dette firmaet er nå gått inn, og eit nystifta firma har flytt inn: Sauda Bedriftservice A/s, der Sauda kommune, Elkem Mangan, (Eramet Norway A/s), Elkem Saudefaldene og Sauda Fabrikkarbeiderforening sam-arbeider om tiltak innan attføring og praktisk arbeidsopplæring. Leiaren for denne verksemda er Jan Ringstrand. Romma i tredje høgda, som opphavleg vart innreidde for kafépersonalet, er nå leigde bort til ein familie.

Me har tidlegare peika på at då fagrørsla overtok eigedomen, vart det innreidd møte- og festsal i underetasjen. Då Det nye Folkets Hus stod ferdig i 1931, vart denne bygningen senteret for arbeidar-rørsla i bygda. Men ungdomsgruppa til Kommunistpartiet heldt seg endå eit par år i Det gamle Folkets Hus, uvisst av kva for grunn. Seinare vart kjellarlokala og garasjane leigde bort til lokale handverkarar og entreprenørar. Mellom dei som har hatt lager og verkstader i underetasjen og i garasjeanlegget i bakgarden, nemner me: Murmeistrane Svendsbråten, Aardal og Storli, målarmeister Aanensen, bilmekanikkar Alf Lønseth, skinngarvar Gamst. Medan Arne Skogarbø ennå var blikkenslagar, hadde han i mange år verkstaden i kjellaretasjen. Me tek også med at det var i ein garasje nede ved elva at hotelleigar Bakke hadde bilen eller bilane då han hadde sin «automobilforretning» på området.

La oss også til slutt ta med at var ved Det gamle Folkets Hus at Stokkedal selde pølser frå vogna si. Der stod han i bitande kulde, i blåst og uver og selde sine produkt, medan mange av oss tykte synd i han der han stod i elvetrekk og sikkert ikkje kjende seg vel. Men etter det han sjølv sa, var han blitt så godt herda medan han var på Bjørnøya at vêrlaget i Sauda ikkje beit på han!

Kjelde: Tre gater på Øyra


Utsnitt frå Norges bebyggelse

Bygningane på Øyra

Les om dei andre bygningane på Øyra ved å klikka på knappen under.