Bygningane på Øyra

Biletet over er frå nedre del av Rådhusgata (tidlegare Kyrkjegata). Frå venstre ser me: litt av Elvehøy, Austarheim, Heim og nederst Sjovang. Til høgre nærast fotografen: Austheim, Hotel Sauda og Midtun. Mørke dressar og kvite skjorter tyder på at det er helg og fridag. Foto: Oscar Olsen, Haugesund, 1920-åra (Kjelde: Tre gater på Øyra).


Les om bygningane på Øyra

Klikk på bileta under for å lesa meir om bygningane på Øyra. Tekstane om bygningane er i hovudsak henta frå «Tre gater på Øyra» (1999). Dei tre gatene det blir vist til er Skulegata, Brugata og Rådhusgata:

Rådhusgata, Brugata og Skulegata er dei tre sentrale gatene på Øyra og dannar ein trekant. I denne trekanten, Sauda sitt «gyldne triangel», om ein vil, finn me praktisk talt alle forretningane i tettstaden, eller byen, må ein vel ha lov til å seia nå. Berre nokre få fell utanfor.

Torgeir Vetti og Lars Viland

Mo

Brugata 12