Apotekbygget

Rådhusgata 37

gnr 28 / bnr 39
Byggjeår: 1960
Bruk: Apotek, restaurant
Arkitekt: Endre Årreber
Slik såg apotekbygget ut då det stod ferdig i 1960. Foto: Norsk Folkemuseum.

Dette huset vart bygd i 1960. Byggherre var Finn Retz, som var apotekar i Sauda frå 1957 til 1964. Endre Årreberg MNAL, Stavanger, var arkitekt. Murmeister Chr. Sørensen var hovudentreprenøren. Øgreid hadde trearbeidet. Apoteket gjorde bruk av heile første etasje og det meste av kjellaren. I andre etasje var det husvære for apotekaren. I 1964 overtok Retz eit apotek i Stavanger. Den nye apotekaren heitte Arne Eidjord, f. 1907 i Kristiansand. Han dreiv apoteket til 1970. Knut Rødseth, frå Harstad, hadde vore apotekar på Sand i 5 år. I 1970 tok han over Sauda apotek og dreiv dette til han døydde i 1976.

Det vart tidleg klart at apoteket var ein noko tungvint arbeidsplass. Særleg var det uheldig at lagerromma var i kjellaren. Utover 1970- og 80-åra endra arbeidet i apoteka karakter, og departementet kom med nye føresegner. Det måtte då ei større ombygging til, eller ein måtte bygga nytt. Kari Rødseth, f. Viland frå Sauda, som hadde styrt apoteket etter at mannen døydde, fekk bevilling til å driva det hausten 1977. Ho valde det siste alternativet og gjorde ei avtale med Sauda Sparebank. Den nye bankbygningen var ferdig sommaren 1987, og apoteket vart då flytta dit.

Same året selde Finn Retz huset til HS Maskin og Edda Finans ved B. Heggelund. Apoteklokalet vart då ominnreidd og leigd ut til kaféen «Spisekroken», som var driven av Torhild Torsteinsen og seinare av Unni Lindseth. Kaféen stengte dørene i 1994. I februar det året vart huset selt til Sverre Skudal, som leigde det ut til «Maxim Vin og Mathus», med dagleg leiar Oddvar Svantesen.

Etter dette vart huset brukt som restaurant, først kinesisk, seinare tyrkisk.

Kjelde: Tre gater på Øyra


Bygningane på Øyra

Les om dei andre bygningane på Øyra ved å klikka på knappen under.