Rådhusgata 15 og 17
gnr 28 / bnr 32 |
Byggjeår: 1870-talet |
Bruk: Butikk, bakeri, bank, tolletat, urmakar, møbelutsal, kommunalt kontor, avishus |

Byggjegrunnen er skild ut frå gardsbruk nr. 5, som tilhøyrde Daniel Fløgstad. Tomta vart kjøpt av Christian Sigbjørn Eik-Nes, som var saudabu, men fyrste delen av etternamnet, Eik, er ikkje av saudarot. Det var familienamnet til kona Elin, som kom frå Sjernarøyane. Det fyrste huset som stod på eigedomen, vart bygt i 1877. Det er uvisst kva tid det vart rive. I dag står det to kombinerte forretnings- og bustadhus på den vide tomta. Det er det store huset, der Stavanger Aftenblad har sitt Ryfylke-kontor, og så er det det vesle huset, der urmakar Jensen har utsal og klokkeverkstad. Bak desse, på arealet mot Nordelva, står det gamle, kombinerte lagerhuset og bakeriet, bygt i 1874. Nedanfor dette ser ein den gamle løa, også sett opp i 1874. I tillegg til desse har det stått eit bygg til i bakgarden, som gav plass både for fjøs og stall, og endeleg syner gamle teikningar at det tidlegare var eit bryggjarhus ved elvekanten.

Rådhusgata 15
Me tek fyrst for oss det største huset, Rådhusgata nr. 15. Teikningar syner at huset vart bygt i 1885. Bygget vert karakterisert som eit Ryfylke-hus, og som nemninga tilseier, var dette ein vanleg byggjestil i denne delen av landet. Opphavleg var ikkje huset så stort som nå, og var frå fyrst av, bortsett frå verksemda i kjellaren, eit reint bustadhus. Men innanfrå kan ein sjå at det har vore eit lite butikkutsal i kjellaretasjen. Like innanfor inngangsporten — i hjørna av huset — har det vore ei steintropp som førte ned til ei inngangsdør, og bakanfor står det framleis restar av hyller i det vesle, låge utsalet. For Christian Sigbjørn Eik-Nes —som oftast nøydde han seg berre med namnet Sigbjørn — var utdanna hakar i Stavanger. Han starta bakeri og utsal i 1870-åra og har sikkert hatt aukande omsetnad av brød og kaker i gruvetide på åtti- og nittitalet. Spesialiteten hans var visstnok kring-ler som han selde rikeleg av.
Huset vart påbygt i 1915 og gav plass for lokale til Bergens Kreditbank som opna filial i Sauda dette året. Filialstyrar var den myndige saudabuen Sondof Rabbe. I 1929 vart bergensbanken til Sauda Kreditbank som heldt fram i dei same lokala, og Rabbe var framleis banksjef. Banken heldt til i dette huset til 1938, då han flytte inn i huset til Sigurd Fløgstad ved Rådhusplassen. Sondof Rabbe var ikkje med på flyttelasset, men det var Sigrid Aabø og Nils Øverland. Marie Oftedal som også var tilsett i banken, vart kontordame i skipsekspedisjonen på Vangnes.
Då banken flytte ut, var det tolletaten som vart leigetakar. Her heldt etaten til fram til 1962, då toll-bua leigde seg inn det nye kommunale hamne-bygget på kaien. Den 1. september 1962 opna Stavanger Aftenblad sitt Ryfylke-kontor i Eik-Nes huset. Han som fyrst var filialstyrar og samstundes journalist, var Oddvar Lavold. Seinare har det vore ei rekkje journalistar etter han. I dag (1999) er det Astrid Pettersen — fødd Espeland — som er kontordame, medan journalisten er busett på Sand og har faste arbeidsdagar i Sauda. Kontoret er i det siste blitt noko ominnreidd og modernisert.
Så skal me omtala det gamle, kombinerte bakeriet og lagerhuset. For nokre år attende braut det ut brann i huset, og skaden var så omfattande at dei gamle bakaromnane vart fjerna. Her var det altså at Sigbjørn Eik-Nes baka og steikte brød og kaker. Han hadde truleg sikre leveransar til gruvesamfunnet oppe ved Allmannajuvet. På sine eldre dagar vart Eik-Nes blind og måtte leggja ned bakarverksemda. Men tidleg på 1930-talet leigde Ole Oftedal bakeriet og lageret og haka her ulike slags brød og kaker som han selde over disk i utsalet i Nørgaard-huset i Brugata. Oftedal hadde både bakarsveinar og læregutar i si teneste. Mellom dei som var i arbeid hjå han, nemner me Trygve Lien og syskenbarna Ola og Erling Fatnes. Over bakeriet var det eit par loftsrom. Her budde arbeidsfolka hans, og jamvel den ofte omtalte Glade Grei fann nattly her når han ikkje hadde husrom andre stader. Oftedal heldt til her fram til slutten av tretti-åra då han la ned bakarverksemda.
Rådhusgata 17

Dei neste avsnitta omhandlar det vesle huset urmakar Jensen held til i, Rådhusgata 17. Bernhard Jensen og kona Harriet — begge 91 år! — kom til Sauda frå Koparvik i 1930 og har leigd dette huset sidan den tid. I fyrste høgda er det både klokkeverkstad og utsalslokale. Lenge hadde dei husvære i andre høgda, men etter krigen bygde dei eige bustadhus i Kalhagen, men likevel leiger dei heile huset inne på Øyra. Jensen er ein sers interessant person som ikkje herre er flink til å få klokkene til å gå korrekt. Dei som har levd ei stund, hugsar sikkert tida før krigen då Jensen laga til filmframsyningar i utstillingsvindauga! Her synte han filmar med variert innhald. Sjølv hugsar eg mellom anna at han viste ein del av ein spanande fotballkamp mellom Viking og Mjøndalen på Stavanger stadion. La oss også ta med at dette vesle huset var med i fjernsynsserien «Vestavind». Då vart butikklokalet ominnreidd til frukt- og tobakkutsaI .
Men dette huset hadde ei historie bak seg før urmakar Jensen flytte inn. Det vart bygt allereie i 1915, truleg av materialar frå eit hus som stod ved Allmannajuvet. Me veit ikkje for visst om det fyrst var ei kaffistove i huset etter at det vart sett opp på Øyra. Men sikkert er det at J.L. Vandvik hadde møbelutsal i huset før han flytte opp i eige hus lenger oppe i Rådhusgata. Før velferdsstaten vart bygd ut, måtte dei arbeidslause gå på «Fattigkassa» og få utlevert «matlappar». Det vil seia at dei på eit kort fekk ei kommunal fullmakt til å kjøpa hjå ein kjøpmann for ein viss pengesum dei mest naud-synlege matvarer til familien. Det kommunale kontoret som stod for utdelinga av «matlappar», heldt til i det huset Jensen leiger.
Det var eit trist syn å sjå den lange rekkja av arbeidslause som stod i kø for å skaffa seg «matlappen».
La oss ta med at Sigbjørn Eik-Nes var ein initiativrik person som var aktiv på fleire område. I bak-garden hadde han stall for hestar og fjøs for kyr og sauer. Hestane brukte han til varetransport rundt om til handelsmenn, og i anleggstida frå 1915 og framover var han med i den omfattande trans-porten frå sjøen og opp til Hellandsbygd der A/S Saudefaldene tok imot utstyr og materialar som skulle brukast til anleggsarbeidet i fjellet. Sønene hans var knapt komne i konfirmasjonsalderen før dei måtte vera med i denne trafikken. Me kan tenkja oss til kva for eit slit det måtte ha vore om vinteren med dei barske vêrtilhøve denne bygda har på den tid av året.
Huslyden Eik-Nes var barnerik, åtte barn voks opp på Øyra. Tre av dei, to gutar og ei jente, fôr til Amerika og slo seg ned der. Ein av gutane, Knut, studerte teologi, vart fyrst sokneprest, seinare prost i Sparbu i Nord Trøndelag. Han var ein liberal teolog og var i fleire år leiar i Noregs Ungdomslag. I det heile var syskenflokken ihuga norskdomsfolk. Dette har gått i arv til professor Sturla Eik-Nes. I eit dominerande bokmålsmiljø snakkar han eit klang-fullt nynorsk. Fire av barna til Sigbjørn Eik-Nes vart verande i Sauda: Torbjørn, Einar, Selma og Gudrun. Det var dei to sistnemnde som vart buande i foreldrehuset og tok vare på den verdfulle eigedomen. Etter at Selma og Gudrun gjekk bort, vart eigedomen lyst ut for sal hausten 1995. Eigaren av Sauda Rørhandel, Gustav Rasmussen, vart kjøparen. Det skulle syna seg å vera eit heldig sal. Han gjekk straks i gang med det omfattande arbeidet med å føra arkitekturen attende til den gamle og opphavlege byggjestilen. Vedlikehalds- og reparasjonsarbeid hadde gjennom mange år ført med seg at ikkje alle endringane harmoniserte med den gamle fasaden. Det første han gjorde, var å gå i gang med taket på dei to husa mot gata. Aluminiumsplatene vart fjerna og erstatta med teglsteinsheller. Bordkledningen i det store huset vart fornya. Glas vart skifta ut, nye inngangsdører vart sette inn. Nytt listverk og takrenner vart i harmoni med den gamle byggjestilen. Eit nytt, kvitmåla stakittgjerde og inngangsport var med å gi heile huset ein stilrein utsjånad. Alt som vart gjort, var i samråd med ein konservator i fylket og andre fag-folk. Bakgarden er ryddig, og både grøne plenar og fargerike blomebed glir vakkert inn i den idylliske omgivnaden. Ein kan setja seg ned på ein benk i gardstunet og fylgja Nordelva på veg mot fjorden eller la blikket gli over til Åbøtangen som også har sitt serpreg.
Den kommunale byggjeskikkprisen Gustav Rasmussen mottok var vel fortent.
Kjelde: Tre gater på Øyra



Bygningane på Øyra
Les om dei andre bygningane på Øyra ved å klikka på knappen under.