Austheim

Rådhusgata 18

gnr 28 / bnr 173
Byggjeår: 1915
Bruk: Slaktarforretning, fiskehandel, kolonial, hudklinikk, kiosk, blekkenslagar, tobakkshandel, bustad

Huset vart bygt i 1915. Byggherre var Knut J. Solberg. Han hadde drive slaktarforretning i Stavanger i mange år, men flytta tilbake til heimbygda og byrja slaktarforretning i det nye huset.

Austheim lengst til høgre.

Knut Solberg var ugift og budde saman med søster si, Brita, i det huset (Åstrand 18) der Brita Lone bur i dag. Der hadde han også eit jordstykke med løe og fjøs. Dyra som skulle slaktast, vart sette inn i fjøset. Slaktinga gjekk føre seg i eit rom som vart innreidd for dette føremålet i den eine enden av løa. Knut Solberg døydde i januar 1931. Brønla Hustoft tok over og dreiv kjøtforretninga i nokre år.

Frå baksida: Austheim er lengst til venstre i biletet. Foto: Mittet/Nasjonalbiblioteket.

I andre etasje dreiv Marie Dommersnes kafé i alle høve i 1920-21, og etter henne byrja Berta Hustoft pensjonat same stad. Frå sist i 1920-åra var det Brita Solberg, søster til Knut, som overtok pensjonatet. Etter at det var slutt med salet av kjøt, vart det fiskeforretning i dette lokalet. Magnus Austad, som i tre år hadde han kjøtforretning opp ved torget (Rådhusplassen), gjekk over til fiskehandel. Austad var frå Geithus i Modum og kom til Sauda i anleggstida 1915/16. Han gifte seg med Anna Aartun frå Hellandsbygd. Forutan å selja fersk fisk over disk ordna han seg med røykeri og salteri. Han kjøpte såleis inn sild i kassevis om vinteren og røykte og salta. Han selde også grønnsaker og litt kolonialvarer. Mellom huset og grana sett han opp ei lita bu der han selde pølser på kveldstid. Magnus Austad slutta i 1946, og i 1918 kjøpte Magnar Brendemo forretninga av Oddmund Sandal, som hadde ho ei kort tid.

Magnar Brendemo korn med sine foreldre frå Kvam i Gudbrandsdalen til Sauda i 1928. Faren omkom ved ei drukningsulukka alt i 1933, og Magnar kom tidleg ut i arbeidslivet. I 1940 byrja han i Johan Myhre sitt «Fiskematkjøken», som heldt til i Saude Hotel i eit lokale ut mot gata. I «Austheim» arbeidde Magnar og kona Bjørg, f. Grindvik frå Skodje, i meir enn 40 år. Frå først av var det fisk og grønnsaker. Men etter han tok handelsbrev i 1953, utvida dei varespekteret bl.a. med hermetikk og tok på seg agenturet for Borgar Fabrikker og Peko Mineralvann. Brendemo hadde agenturet også for Sand og Suldal. Han dreiv elles frå 1956 til 1992 utstrekt kundeservice ved å køyra «fiskeruten» ein gong i veka til kundar i utkantane t.d. til Svandal og Hellandsbygd.

Lokalet der Bjørg og Magnar heldt til i meir enn 40 år, vart i 1992 ominnreidd for å husa «Annes Hud og Fotklinikk», innehavar Anne Rugsveen.

Austheim til høgre i biletet (andre huset frå høgre). Foto: Nasjonalbiblioteket.
Austheim, fasaden mot gata. Foto: Mittet/Nasjonalbiblioteket.

I «Austheim» var det to forretningslokale ut mot gata. I det andre opna Wilhelm Bentsen «Tobakk og Cigarforretning» i 1916. I 1919 kjøpte han elles, saman med Larsine Ringhagen, eigedomen «Elvehøy». Han er kalla handelsmann då han søkte jobben som heradsstyrereferent i 1920. Kanskje han har slutta som handelsmann det året. Same året finn me nemleg Gro- og Bernt Dybing i denne forretninga. Gro f. Hagen, var frå Tuddal, Bernt var frå Oslo. Han var blekkslagar og hadde budd i Odda før han kom til Sauda. I Odda hadde han mange mann i arbeid i den store byggeperioden. Gro og Bernt Dybing selde også sølv og gull frå gullsmed Soma i «Sauda Tobakk og Cigarforretning». Dybing hadde også ei tid «Bladcentralen» i det nåverande «Presanghuset», og ein kortevarebutikk i eit av dei småhusa som sto vis-a-vis «Ivarshuset». Men det var nok helst Gro, og seinare Anna, som tok seg av butikken. Ein blekkslagar var nok etterspurd i dei dagar i Sauda, som var inne i ein travel byggeperiode. Dyhing hadde verkstad og lager i kjellaren på ungdomshuset, i 1933 flytta han til Inge Sand sin garasje. Også i Sauda hadde han mange mann i arbeid i travle periodar. Blekkslagarbeidet er vel ikkje det ein først legg merkje til ved eit hus. Men kyrkjespiret er i alle høve eit minne etter verksemda hans i Sauda. Gro Dybing døydde tidleg. Bernt Dybing gifte seg opp att med ei Saudajente, Anna Ramsnes (1909-1999). Ho byrja i forretninga i 1928 og sto på heilt til 1982. Bernt Dybing døydde også heller ung i 1937, medan Anna – som sagt – fekk ein lang arbeidsdag i det same lokalet, der interiøret stod uendra sidan 1916. I 1982 overlet ho forretninga til dottera Aase og svigersonen Tor Fløgstad, som framleis dreiv den gamle, ærverdige «Sauda Tobakk & Cigar».

Det bør til slutt nemnast at det gjennom alle år har vore mange leigebuarar som har hatt husvere i 2. og 3. etasje i «Austheim». Eigarar av huset har vore: Knut J. Solberg 1915 – 1934, Østen G. Solberg 1934 – 1968, Gunnar Ø. Solberg 1968 – 1992. Reidar og Berit Ljung kjøpte huset i 1992, men selde det i 1997 til Rolf Arild Ljung og Gunnar Birkeland, som selde det til Sigve Jordal i juli 1998.

Kjelde: Tre gater på Øyra


Utsnitt frå Norges bebyggelse

Bygningane på Øyra

Les om dei andre bygningane på Øyra ved å klikka på knappen under.