Betel og Fredheim

Mogata

gnr 28 / bnr 67 og 29
Byggjeår: 1905 (Fredheim) og ca 1918 (Betel)
Bruk: Skulehus, forsamlingslokale, bedehus

«Betel» og «Fredheim» har adresse Mogata. Men husa ligg også til Brugata og høyrer med i gatebildet. Begge husa har i ein kort periode vore nytta som skulehus. I «Betel» har det dessutan vore næringsverksemd.

Fredheim

Fredheim

Tomta til «Fredheim» vart skilt ut i 1904, og huset bygt året etter. Då hadde nok misjonsvenene lenge sakna eit hus å vera i. «Søvde Misjonsforening» vart nemleg skipa alt i 1842, og den første kvinneforening vart til i Saudasjøen i 1852. Til møtene i Saudasjøen kom misjonskvinnene frå Indrebygda «roande og gåande», skriv Ludvig Munthe. «Vegane var lange og rokkane tunge», og det enda med at Indrebygda skipa eiga forening. Arbeidet for misjonen tok seg godt opp etter at «Fredheim» vart tatt i bruk i 1905. Misjonsmotene vart haldne der. «Fredheim Kvinneforening» var sers flittig brukar av huset. Etter berre 10-12 år vart huset for lite. Nye religiøse organisasjonar byrja å arbeide i Sauda, og folketalet auka i anleggsåra 1915-1917. Straks etter at Indre Sauda Indremisjon var blitt skipa i 1918, vart det sett ned ein bygningskomite «for oppførelse av nytt bedehus» med Njeld Lofthus som formann. Det var elles Landsindremisjonen og Ryfylke og Jæren Indremisjon som hadde vore pådrivarar.

Hestetransport med Fredheim i bakgrunnen. Hesten på biletet er den første hesten Ola G. Søndenå hadde i 1949. Han starta med transportforretning i 1939. Normann og Odd arbeidde hjå Ola G. Søndenå. Frå venstre: Ukjend, Normann Mollatveit, Ola G. Søndenå, Odd Søndenå, Einar Solberg, Hansen. Foto: Ryfylkemuseet.

Det var delte meiningar om kva ein skulle gjera med «Fredheim». Heradsstyret ville helst riva det. Ved den nye gatereguleringa korn det nemleg til å stå ut i gata. Seinare var det stemning for å flytta det og nytta det til skulehus. Det var støtt mangel på klasserom.

Betel

Huset fekk blått skilt i 2022.

Våren 1918 byrja arbeidet med det nye bedehuset «Betel». Dei som var leiarar i «Betel», ville nytta material frå «Fredheim» i det nye huset. Rivinga hadde byrja, men vart stansa, og det som alt var blitt rive, vart sett opp att. Det «gamle» bedehuset var eigentleg ikkje gamalt. Men dei som hadde sin gang der, var blitt glade i huset. Dette skapte ikkje så lite utrivnad i bedehusmiljøet ei tid. Heradsstyret på si side vedtok i september 1918 å ekspropriera huset, flytta det og nytta det til skule-hus. Det vart likevel ikkje gjort. Men det vart nytta som skulehus ei kort tid.

Frå bygginga av Betel, 1917. Foto: Ryfylkemuseet.
Då Betel vart innvigt 6. november 1918. På biletet ser me Kornelius Andersen, Steffen Birkeland, Idrar Ristesund, Johan Egeland, Njell Lofthus, Eli Birkeland, Jorena Andersen, Marta Kolbeinshaug, Brita Hærem, Marta Ristesund, Fru Egeland, ukjend. Foto: Ryfylkemuseet
Betel midt i biletet. Fredheim er det vesle huset over gata til venstre.

Njeld Lofthus laga teikninga til «Betel». Det var Ola Fløgstad som grov ut tomta og murte grunnmur, Øgreid-firmaet hadde byggearbeidet. Huset vart innvigd 6. november 1918. Fleire framståande teologar var til stades og kasta glans over stunda, _Johan Lunde, som då var sokneprest i Johannes kyrkjelyd i Stavanger og seinare (1922) biskop i Oslo, og Bernt Støylen, biskop i Agder 1914-1930. Men huset var blitt innvigd og tatt i bruk før det var heilt ferdig. Så langt hadde det kosta 72830 kroner. Hausten 1919 kom bordkledningen på, og vinteren 1919-20 vart det innlagt elektrisk ljos. Økonomien var vanskeleg mange år framover. Mange trufaste vener av bedehuset måtte «trø til» med personleg lån og pengegåver til huset. Leigeinntekt fekk dei av frisørmeister Jens Emil Aarvik som hadde salong i første etasje. Han kom til å vera der i nær 40 år, til 1959. Rolf Garstad byrja hjå Aarvik i 1931 og arbeidde der til 1941. Det året byrja Nils Aahø i lære. Dei dreiv seinare begge eigne frisørsalongar i Sauda. Elles vart eit husvære i andre etasje også leigd bort.

Ei større ombygging fann stad i 1954 då kvistane vart tatt bort, likeeins galleriet i salen. Også i 1965-66 og 1989-90 vart det gjort omfattande endringar.

Sauda Kristelige Ungdomslag var eit uavhengig lag, skipa i 1934. I 1940-41 fekk laget hand om «Fredheim» og hadde i mange år sine møte der. Men N.M.S. sto som formell eigar. I 1980 vart begge desse husa skøytte over til Sauda Indremisjon. Dei aller fleste kristne organisasjonane i Sauda har gjort bruk av «Betel», som har vore nytta på mange vis, til gudsteneste, konfirmasjon, bryllaup, gravferdslag, årsmøte, foredrag, musikk- og songøving. «Fredheim» vert brukt i ungdomsarbeidet, og i dag har skulelaget «Gnisten» sine møte der.

Kjelde: Tre gater på Øyra


Utsnitt frå Norges bebyggelse
Utsnitt frå Norges bebyggelse

Bygningane på Øyra

Les om dei andre bygningane på Øyra ved å klikka på knappen under.