Brugata 7
gnr 28 / bnr 46 |
Byggjeår: 1917 |
Bruk: Landhandel, forbrukslag, fiskeutsal, fotobutikk, kiosk, frisør, hyblar, gåvebutikk (leiker og kosmetikk) |
Byggjegrunnen tilhøyrde gardsbruk nr. 5 på Fløgstad, og det var Anders Fløgstad som i 1916 selde tomta til Njel Lofthus som selde eigedomen vidare til Jørgen Lundtveit i 1919.

Det største huset — eigedomen omfattar to hus — som gjekk under namnet «Bøndernes Hus», fekk visstnok dette tilnamnet av di nokre bønder i Sauda gjekk saman i ein kooperativ handelsforening og prøvde seg på handelsverksemd. Men dette fall ikkje heldig ut, og det enda med at Sauda Forbrukslag i 1922 overtok eigedomen for kr. 86.100 og byrja handel der i same året. Men også dette laget fekk problem med å sitja med eigedomen, og sjølv om Forbrukslaget ikkje slutta med handelen der, vart eigedomen selt til fem Sauda-bønder: Østen Birkeland, Mons Handeland, Njel Lofthus, Gunnar Søndenå og Ø.C. Aartun. Denne transaksjonen skjedde i 1928, og salssummen var kr. 60.000. Men soga om eigarskiftet av denne sentrale eigedomen sluttar ikkje med dette. Allereie hausten 1929 kunngjer Sauda Forbrukslag at laget er interessert i å kjøpa «Birkelund» attende og legg inn eit tilbod på kr. 63.000. Tilbodet fall i god jord hjå fire av eigarane, som sa seg viljuge til å selja eigedomen for den same summen. Men Østen Birkeland var av ei anna meining og kom med dette utsegnet: «I staden for å selja husa til Sauda Forbrukslag løyser eg dykk heller ut for den same summen. Mine pengar er vel like gode som «Forbruken» sine?» la han til. «Det er du knapt mann for,» svara dei andre. Det enda med at dei vart samde om at Birkeland skulle skaffa seg ein påliteleg kausjonist og ta opp eit lån i den lokale kredittbanken og dessutan straks betala ein kontantsum på kr. 10.600.
For å gjera ei lang historie stutt kan me fortelja at det var tydeleg at dei fire andre ikkje hadde tillit til kausjonisten Birkeland hadde funne, og dessutan vart kontantsummen betalt inn noko seinare enn det tidspunktet som var avtalt av di banksjef Sondof Rabbe hadde vore bortreist nokre dagar. I staden for fredeleg handel vart det til ei tvistesak som kom opp for forliksrådet som ikkje makta å få til ei semje mellom dei to partane. Dermed hamna dragkampen om eigedomen i heradsretten som gav Østen Birkeland medhald, og han vart altså sit-jande som eineeigar av den verdfulle eigedomen. Men trettiåra var ein vanskeleg periode, og den økonomiske verdskrisa råka også Sauda. Den største leigetakaren i fyrste høgda, Sauda Forbrukslag, flytte ut og fann seg eit nytt forretningslokale på andre sida av vegen, i det nåverande Selvig-huset. Dermed vart det store lokalet i «Birkelund» ståande tomt, og ei viktig inntektskjelde vart borte. Østen Birkeland kjempa i motvind og måtte gi tapt.

Den nye eigaren, Martin Brekke, overtok eigedomen for kr. 42.000 vinteren 1935. Denne pengesummen fekk han ikkje låna i Saudabankane, men sparebanken på Sand hadde tillit til han og betalte han beløpet han søkte om. Frå og med året 1935 er det Brekke-familien som har hatt hand om eige-domen. Martin Brekke overlet eigedomen til sonen Kjell, og det er han som er den nåverande eigaren.
Som nemnt ovanfor omfattar eigedomen «Birkelund» to hus. Det største, som vender hovudfasaden ut mot Brugata, er eit kombinert forretnings- og bustadhus. Opphavleg var det i fyrste høgda tre forretningslokale. Dersom me tek til øvst, altså nærast Bedehuset, var det tidlegare eit lokale der det var fiskeutsal. Den fyrste som hadde utsal her, var fru Ringereide. Mannen hennar var tidleg i 1920-åra ein av leiarane i den lokale politiske arbeidarrørsla. Ho spesialiserte seg i ulike fiskede-likatesser. På tretti- og førtitalet var det fleire som dreiv fiskehandel i dette lokalet: Molven, Marvik og Sandanger.
I den midtre delen heldt Foto- og Ramme-forretninga til Olafr Jakobsson til her i trettiåra. Han flytte ut like før krigen.
Når det gjeld det største forretningslokalet, er det nemnt ovanfor at ei samanslutning av bønder dreiv kooperativ handel på denne staden. Då denne verksemda vart nedlagd, overtok Sauda Forbrukslag lokalet og heldt til her i 11 år, frå 1922 til 1933. «Forbruken» brukte kjellaretasjen i huset bakanfor som mjøllager.
Etter at Forbrukslaget flytte ut, vart det store forretningslokalet ståande tomt nokre år, inntil forretningsfirmaet «Bladcentralen» i slutten av trettiåra tek i bruk det ledige lokalet. Som namnet seier, spesialiserte dette firmaet seg i aviser og vekeblad og ulike småartiklar. Firmaet vart etablert i 1931, og då var det fru Augestad og Peder Bergli som stod i brodden. Truleg har denne forretninga halde til i den delen av fyrste høgda som Jakobssons Foto-og Rammeforretning leigde. Men seinare er det Bertha Sivertsen som — ved sida av å driva tobakks-og frukhandel ved Rådhusplassen — også i nokre år var eigar av «Bladcentralen» som flytte inn i det store lokalet. Etter krigen overlet ho dette firmaet til Peder Bergli og Asta Eidem — fødd Bakke — som dreiv denne forretninga fram til sekstiåra.
Då overtok Kjell Brekke det store lokalet og starta firmaet «Presanghuset». Denne forretninga kom til å spesialisera seg i to vareslag: leiketøy og kosmetikk. Saudabuen har vore vitne til korleis denne forretninga har ekspandert dei siste tiåra. Kjell Brekke og seinare sonen Morten — saman med kona Unn Karin fødd Haavelsrud – har drive ein blomstrande handel. Ikkje berre har dei teke i bruk heile fyrste høgda, i tillegg har dei lagt inn arealet mellom dei to husa, som før var skilde med ei steintropp opp til gardsplassen, og dessutan kjellaretasjen i det bakre huset, inn i det store lokalet. Såleis har dei utvida monaleg sjølve forretnings-lokalet og attpåtil fått plass til eit romsleg kontor. I dag framstår «Presanghuset» som ei moderne forretning med eit stort vareutval.
Når det gjeld talet på bustader i dei to husa, var det i fylgje dei opplysningane som ligg føre, ni husvære. I dette talet er teke med tre hyhelbustader i loftshøgda i det største huset. Fleire av huslydane var barnerike. Barna boltra seg i leik og moro på den romslege gardsplassen mellom dei to husa, og like ved ligg Runnane — Birkelunden — der dei dreiv ballspel og leika både cowboy og indianar.
Ein skulle tru at når så mange huslydar budde så tett inn på kvarandre at det lett kunne oppstå gnissingar og jamvel uvenskap. Men nei, tvert imot, her rådde samhald og venskap. Under krigen, då det var knapt med matvarer, gjekk dei saman om å ha både griser, kaniner og høns i Birkelunden. Det vert sagt om fru Spitse, som skal ha budd der over femti år, at ho jamvel tok inn hønsa i husværet sitt når det var på det kaldaste under krigen ! Ei anna dame som budde der lenge, var fru Ella Dyhre.
På den romslege gardsplassen var det to lange uthus. Her hadde kvar familie sitt vedskjul og rom til klesvask. Då husa vart bygde før kommunen hadde fått i stand kloakk og vassleidningar, måtte konene henta vatnet i Nordelva eller gjera klesvasken i elva. Seinare sette kommunen opp ei vasspumpe på det området Forbrukslaget har sitt bygg i dag. Det var sjølvsagt ei stor lette då det vart lagt inn vassleidningar i husa i sentrum tidleg i trettiåra. Det vert sagt at konene ofte tok ein pause ved klesstampane når dei høyrde Anker Sødergren syngja. Han hadde ei uvanleg vakker songrøyst, og av den grunn medverka han ofte i lokale revyar og ved andre tilstellingar.
Til slutt tek me med at det ikkje herre var i fyrste høgda i det største huset det var forretningsverksemd. I det bakre huset vart det i kjellaretasjen på trettitalet drive skraphandel. Elles hugsar mange at Nils Aabø hadde damefrisørsalong der. Etter han var herrefrisør Karsten Skueland leigetakar der ei tid før han flytte ned i Det gamle Folkets Hus. Han som til slutt kjøpte eigedomen, Martin Brekke, var i mange år agent for Haugesunds Sjøforsikrings-selskap og hadde kontor i huset for denne verk-semda. Det tidlegare kontoret tener i dag (1999) som lagerrom for «Presanghuset».
Kjelde: Tre gater på Øyra


Bygningane på Øyra
Les om dei andre bygningane på Øyra ved å klikka på knappen under.