Rådhusgata 25
gnr 28 / bnr 70 |
Byggjeår: ca 1918 |
Bruk: Bakeri, friørsalong, drogeriforretning, fargehandel, isbar, jernvarehandel |

Det var bakarmeister Peder Johnsen som bygde dette huset i 1918. Bakeriet innreidde han i eit mindre hus i bakgarden. Det var to butikklokale ut mot Rådhusgata. I det eine var det utsal frå bakeriet. Det andre leigde han ut. Jens Emil Aarvik hadde frisørsalong der før han i 1920 flytta til Betel. I det meste av mellomkrigstida var det drogeriforretning der. Det var Mathilde Abel som byrja. Ho kom frå Farsund. Der hadde ho drive bokhandel i mange år. Ho vart nemleg tidleg enke. Mannen hennar, Fredrik Abel, omkom på sjøen då han var 32 år. Mathilde Abel var ca 60 år då ho flytte til Sauda for å bu hjå dottera og svigersonen Karen Sibylla og Knut Vesthassel. Omkring 1930 selde ho forretninga til Alf Reinås frå Stavanger. Han budde berre kort tid i Sauda. Etter han flytte tilbake til Stavanger, arbeidde han i posten. Det var Trygve Baltzersen som tok over forretninga. Han hadde arbeidd ei tid i Danmark før han kom til Sauda i 1929. Bror hans, Birger Baltzersen, var gift med søster til Alf Røinås. Av annonsar i Ryfylke går det fram at det var ei velassortert lita forretning. «Droger» var det vel lite av på den tid, men heller kosmetiske artiklar, dessutan leiketøy og grammofonplater. Forretninga vart avvikla under krigen då det vart vanskeleg å skaffa varer.
Hausten 1945 selde Peder Johnsen huset og bakeriet til Olai- og Martha Hummelsund. Peder og Hilda Johnsen flytte då til Vikedal. Bakeriet vart nå leigd av Jon Malmquist, ein slektning av Peder Johnsen, som også hadde gått i lære hjå Johnsen, og drive som før. Frå 1953 hadde Malmquist Einar Eidsvåg i arbeid som bakarsvein. Etter nokre år slutta Malmquist som bakar og byrja på smelteverket. Eidsvåg dreiv då bakeriet for eiga rekning til han i 1964, saman med Sven Håland, kjøpte Arne Aano sitt hus og bakeri lenger oppe i Rådhusgata.

Hummelsund opna fargehandel i det andre lokalet. Det meste av arbeidet med fargehandelen fall på Martha, fødd 1918 på Hauge i Ølen. Olai, som var fødd i Bergen i 1915, dreiv målarfirma heile tida dei var i Sauda og hadde jamnt over 10-15 mann i arbeid. Frå 1949 konsentrerte Hummelsund seg om målarfirmaet og overlet fargehandelen til Jostein Aartun, som han hadde hatt i arbeid eit par år. I 1960 flytte Jostein fargehandelen til det gamle apoteklokalet. I det lokalet der fargehandelen hadde vore, opna Eidsvåg isbar. På grunn av sjukdom måtte Hummelsund avvikla malarfimaet i 1964 og selde huset til Leif Moe. Olai og Martha Hummelsund kjøpte eit hus i Laksevåg i Bergen, der Martha i mange år hadde ein større isbar.
Leif Moe kom, saman med foreldra sine, frå Imsland til Sauda i 1950. Etter å ha arbeidd i Øgreid-firmaet ei tid, tok han handelsutdanning i Stavanger i 1954-55. Då jernvarehandlar Ole Halvorsen vart sjuk våren 1955, vart Leif Moe oppmoda om å styra butikken, og det enda med at han overtok forretninga utpå hausten. Jernvarehandelen heldt då til i «Flatheim», der Fløgstad Gartneri seinare hadde blomsterbutikk. Det var på den tid to forretningslokale i huset. I 1964 flytte han forretninga til «Borgny». Her dreiv han handel med målarvarer og jernvarer til 1995 då han selde forretninga til Kjell Jensen, som hadde vore ekspeditør der i lengre tid. Kjell Jensen held så fram i same bransjen og i same lokalet.
Kjelde: Tre gater på Øyra


Bygningane på Øyra
Les om dei andre bygningane på Øyra ved å klikka på knappen under.