Breistein

Skulegata 10 og Torggata 2

gnr 28 / bnr 272
Byggjeår: 1955-56
Bruk: Sportsforretning, legekontor, tannlegekontor, bustad, elektrisk forretning, urmakar, kiosk, frisørsalong, radio, velværesalong, kontor

Byggjegrunnen har opphavleg vore ein del av gardsbruk nr. 5, som frå fyrst av tilhøyrde Daniel Fløgstad. Gardshuset og låven på denne garden er det mange som hugsar. Dei vart fyrst rivne då det vart laga parkeringsplass bak «Hellebygget».

Av di dette kombinerte forretnings- og bustadhuset, i samsvar med reguleringsplanen for sentrum, låg på ei hjørnetomt, vart det kravd at huset skulle byggjast med tre etasjar og dessutan kjellar under. Arkitekten for bygget kom frå firmaet Brandsberg-Dahl, Stavanger. Huset er eit murhus, og det var saudafirmaet Christian Sørensen som hadde murarbeidet. Sørensen, som sjølv kom frå Danmark, hadde to danske murarar i arbeid på den tida. Grunnarbeidet vart utført av brødrene Janson, som i tillegg støypte betongdekket mellom etasjane og dekket på det flate taket. Firmaet Sauda Bygg hadde det innvendige tømrararbeidet, medan Molla Snikkarverkstad tok seg av kjøkeninnreiingar og oppsetjing av skåp osb. Bedrifta til Reidar Andreassen stod for røyarbeidet og det sanitære anlegget. Det er verdt å merka seg at huset vart reist i to byggjesteg. Berre fyrste høgda fekk full utbygging med det same, medan andre og tredje høgda vart utvida ti år seinare.

Det ruvande bygget var klar til innflytting hausten 1956, og sportsforretninga til John og Marie Helle kunne opna det romslege lokalet til julehandelen ved månadsskiftet november/desember same året. Om lag samstundes kunne Sauda Elektriske Forretning ta i bruk det andre forretningslokalet i fyrste høgda, det som vender ut mot Skulegata. Ikkje lenge etterpå opna dr. Olav Gramstad lækjarkontoret i andre høgda og Arne Aabø tannlækjarkontoret i tredje. Sjølv tok Mark og John i bruk den romslege bustaden i tredje høgda, medan bustaden i andre høgda vart leigd bort til fru Halvorsen, mor til Marie.

Me skal vidare konsentrera oss om forretnings-og kontorverksernda i huset. John og Marie Helle dreiv ein blomstrande sportsforretning, men ulempa med å driva eiga bedrift er at ein vert så bunden at det vert lite med fritid og ferie. Etter kvart såg dei fram til den dagen dei kunne gå over i pensjonisttilværet. Det gjorde dei i 1981 då dei selde forretninga til Knut Andersson. Han dreiv versemda vidare under namnet Knuts Sport til 1990. Då overtok Stig Birkeland. Han fann ut at forretningsarealet vart for lite og flytte forretninga over til nabobygget i 1995. Same året flytte Narvesen A/s frå det tronge butikklokalet i «Triangelbygget» og inn i det romslege lokalet i «Hellebygget». Før Narvesen flytte inn, vart det gjort ein del ominnreiing i lokalet.

La oss så ta for oss kva som skjedde i det andre forretningslokalet i fyrste høgda. Sauda Elektriske Forretning heldt til i bygget fram til 1971 då firmaet flytte over til «Triangelbygget» som det var medeigar i. Så tok urmakar Ragnvald Kaldheim saman med kona Emma over lokalet. Etter at mannen døydde, var det Emma som var leiaren. Ho la ned verksemda i 1978. Etter den tid har det vore damefrisørar som har leigd lokalet. For tida er det «Helen Salongen», eigar Randi Kaldheim, som held til her.

Det er mange saudabuar som minnest dr. Olav Gramstad med takksemd. I andre høgda i «Hele-bygget» heldt han til i 30 år, frå 1956 til 1986. Han leigde fire rom der, medrekna venterommet. I mange år hadde han ein assistentlækjar eller turnuskandidat. Etter at han la ned lækjarverksemda, flytte Sauda Nærradio inn og var der to år. Etter den tid overtok fruene Taarland Olsen og Torgersen med soneterapi og fotpleie. Dei var leigetakarar i fem år. Seinare opna Kirsti Solland Fløgstad dame- og herrefrisørsalong i andre høgda. Ho delte den delen av etasjen med Samvirke Forsikring (Vår Bank og Forsikring). Filialstyrar var Einar Tretnes. Dette året har Solveig Johanne Jansson flytta inn med sin frisørsalong, medan forsikringsselskapet har funne eit nytt lokale i Det gamle Folkets Hus.

I tredje høgda hadde Arne Aabø tannlækjarkontor frå 1956 til 1971 då han vart medeigar i «Triangelbygget» og naturleg nok flytta inn der. Då lokalet vart ledig etter han, overtok Arbeidstilsynet og var leigetakar i tolv år. Etter den tid vart denne delen av tredje høgda innreidd til husvære, og frå toppetasjen er det eit vidt utsyn over det travle gatebiletet og vidare mot fjellheimen.

Det seier seg sjølv at det fylgjer ein del sut med å halda ved like eit slikt stort bygg, og dessutan må ein vera nøye med å føra rekneskap over utgifter som går med til vedlikehaldet og inntekter ein tek imot frå leigetakarar. Dessutan har ein som huseigar i sentrum eit visst ansvar. Dette kjem tydelegast til syne om vinteren. Då vert det kravd at huseigaren er nøye med å strø sand på fortauet når det er holkeføre. Dersom ein fotgjengar dett og skadar seg på eit glatt fortau, risikerer huseigaren å betala ei klekkeleg skadebot. For å verta fri for sut og arbeid som fylgjer med å eiga eit slikt stort bygg, var John og Marie samde om at den beste løysinga var å selja huset. Det gjorde dei nå i sommar. Den som kjøpte bygget, var Jan Reidar Jørgensen. Men John og Marie har teke unna at dei framleis skal få bu i huset.

Kjelde: Tre gater på Øyra


Bygningane på Øyra

Les om dei andre bygningane på Øyra ved å klikka på knappen under.