Skulegata 11
gnr 28 / bnr 166 |
Byggjeår: 1934 |
Bruk: Bustad, ølagentur, manufaktur, broderi- og hobbybutikk |
Også tomta som dette huset står på, er skild ut frå gardsbruk nr. 5. som tilhøyrde Daniel Fløgstad. Gardshuset og uthusa på bruket låg like i nærleiken. Huset som vart sett opp her, vart bygt for samvirkelagsstyrar Johannes Dalene i 1934. Men han åtte huset berre i stutt tid, for allereie i 1936 bygde han seg eit nytt bustadhus langs den gamle Saudasjøvegen, som nå heiter i Hamnaflåt. Den som kjøpte huset i Skulegata. var Kristian Kaldheim. Då var huset eit reint bustadhus, men Kaldheim opna eit ølagentur i kjellaren. Fyrst representerte han bade Tou og Hansa, seinare berre Tou. Agenturet hadde han fram til 1950, då han avvikla verksemda og byrja på fabrikken.


Då Waldemar Sahr og kona Inger var leigebuarar, brukte den sistnemnde eit rom i fyrste høgda til damefrisørsalong. Men fyrste høgda vart ikkje ombygd til forretningslokale før i 1958, då Betty Knutsen flytte inn med manufakturforretninga. Ho heldt til her til siste halvdel av 1970-åra, då Ellinor Pedersen flytte inn med broderi- og hobbyfirmaet Elry. Ellinor var aktiv i forretninga fram til om lag 1990 då ho gjekk over i pensionisttilværet og selde forretninga til fru Bergit Kvaløy som dreiv verksemda i same huset.
Ekteparet Kaldheim hadde fire barn, tre gutar og ei jente. Berre den eldste guten, Torbjørn, vart verande i Sauda. Men det vart ikkje han som overtok huset etter at foreldra gjekk bort. Det var jenta i syskenflokken, Karin Kristine, gift og busett i Ølen.
Kjelde: Tre gater på Øyra


Bygningane på Øyra
Les om dei andre bygningane på Øyra ved å klikka på knappen under.