Rådhusgata 9
gnr 28 / bnr 75 |
Byggjeår: 1930 |
Bruk: Bokhandel |
Arkitekt: Erik Erga |

Sauda bok- og papirhandel vart etablert i 1916 av Ragna Olsen Grønlund frå Hønefoss. Ho hadde då arbeidd ei tid i Floor sin bokhandel i Stavanger. Bokhandelen heldt først til i det eine forretningslokalet i skomakar Øverland sitt hus i Rådhusgata. I 1918 kjøpte ho gnr. 28, bnr. 53 (Kolbenshaug) lenger oppe i gata, som Ole Seim kjøpte nokre år seinare. Sauda Sparebank ville ikkje gi henne det pantelånet ho hadde søkt om. Noko som resulterte i at ho flytte bokhandelen til eit lite tømra hus som Hallvard Rafdal hadde sett opp i 1919, omtrent der bokhandelen er i dag. Der hadde han drive plantesal. Det var ikkje berre bøker Ragna Grønlund handla med. Ho selde bl.a. kosmetikk. Ein eller annan hadde oppdaga at sume parfymar inneheldt sprit, og då greip sjølvsagt heradsstyret inn. Slik styggedom ville dei ikkje vita noko av.

Det var stor tilflytting til Sauda frå 1915 og utetter. Men frå 1919 og til 1923 då smelteverket endeleg starta opp, var det vanskelege år med fråflytting og nedgang i handelen. Som fleire andre valde Ragna Grønlund å reisa frå Sauda. Ho kjøpte ny forretning på Austlandet. Avisa «1. Mai» skreiv då (31-5-22) bl.a. «Vi haaper at denne pene forretning maa bli fortsat. Det vil føles som et stort savn for bygden om den helt indstilles». Heldigvis gjekk det ikkje så fale. Ola Kristenson Fløgstad (f. 1887) kjøpte bokhandelen, og det vesle huset ho hadde leigd. Han vart ofte kalla «Ola Bok», for ikkje å forveksla han med Olav Kristian Fløgstad, som dreiv handel i nabohuset.
Ola Fløgstad reiv det vesle huset og bygde eit heller stort murhus i 1930. Det var Stavanger-arkitekten Erik Erga som teikna huset. Murmeister Jonas Solheim hadde hovudentreprisen. Firmaet Otto Bjørnsen & Co., Stavanger, leverte mykje av det innvendige utstyret. Øgreid-firmaet tok seg elles av trearbeidet, og J. L. Vandvik var bygningsinspektør. Bokhandelen opptok første etasje, og i kjellaren var det lagerrom. I andre etasje var det husvære. Huset kosta vel 32.000 kroner, og då var ikkje alt inventar rekna med. Eit vanleg bustadhus kom på ca 14.000 kroner på den tid.
O. K. Fløgstad døydde i 1941. Tre søsken arva han. Dei tilsette Georg Stang som styrar i bokhandelen. I 1948 tok Kolfinn Fløgstad over. Han var brorson til den førre eigaren. Kolfinn Fløgstad, f. 1925, hadde då tatt handelsgymnasiet i Stavanger og også gått bokhandlarskulen. Georg Stang byrja då eigen bokhandel i «Krossveien», Erling Hærem sitt hus. Kolfinn Fløgstad var dagleg leiar frå 1948 til han i 1970 overtok eigedomen og bokhandelen.
Bokhandelen førte i den første tida mange vareslag t.d. leiketøy, musikkvarer og kosmetikk. I ein annonse i bladet Ryfylke i februar 1930 står det bl.a. at «alle tinn og sølvvarer skal vekk» og også barnevogner! I seinare tid er han driven som spesialforretning i bøker, papir og kontorutstyr. Då NAF i 1963 skulle oppretta turist-service, vart det gjort ei avtale med Kolfinn Fløgstad, som ytte denne service i mange år. Han kjende då også heimbygda si betre enn dei fleste.

Kolfinn Fløgstad døydde seinhaustes 1987, og sonen Kjetil tok over forretninga. Bokhandelen vart i 1991 slått saman med naboeigedomen «Nordstrand» og fekk såleis mykje større golvflate.
Kjelde: Tre gater på Øyra


Bygningane på Øyra
Les om dei andre bygningane på Øyra ved å klikka på knappen under.