Elvehøy

Rådhusgata 19

gnr 28 / bnr 48, 280
Byggjeår: 1916
Bruk: Kooperativ, klesforretning, bakarforretning, sportsforretning, kolonial, pub
Elvehøy er det næraste huset i venstre biletkant.

Daniel Fløgstad selde tomta til J. N. Aartun i 1916, og huset vart truleg bygt det året. Byggmeister var Helmert Ringhagen. Men Aartun sat ikkje lenge med eigedomen. Han selde «Elvehøy» året etter til Sauda Kooperative Handelsforening. Men «Kooperativen« måtte gi opp etter kort tid. I 1919 kjøpte Wilhelm Bentzen og Larsine Ringhagen huset. Det kom til å vera Ringhagen-familien sin eigedom til Ingolf Pedersen i 1945 kjøpte det av Helmert Ringhagen og Larsine Aarebrot (f. Ringhagen). Wilhelm Bentzen og Larsine Ringhagen byrja manufakturforretning saman. Ei annonse dei sette inn i Ryfylkeposten i mars 1919, fortel at dei fører undertøy, arbeidsklede, dametøy, sko og «alt i branchen tilhørende artikler». Det var truleg denne forretninga Peder Bjordal overtok i 1927.

I byrjinga av 1920-åra fekk huset eit tilbygg, og der flytta Ole Oftedal inn med sin bakarforretning. Husvære leigde han i andre etasje. Oftedal, som var gift med Mark, f. Høiland frå Sauda, var frå Stavanger og hadde gått i bakarlære der. Då dei kom til Sauda, hadde dei budd eit par år på Judaberg, der Oftedal bakte for handelslaget på staden. Bakaromnen sto i eit mindre hus i bakgarden. Seinare nytta Oftedal bakehuset til Nes på naboeigedomen. I det store lokalet i hovudhuset hadde haugesundaren Peder Bjordal manufakturforretning. Da han flytta ut, vissnok i 1931, flytta Maggi Hansen inn med sin frisørsalong. Nokre år seinare vart både bakarforretninga og frisørsalongen flytta til skreddar Nørgaard sitt hus i Brugata. Anna Ringhagen ville då byrja med kolonialhandel i huset. Det vart imidlertid Leif Hauge som dreiv kolonialforretninga «Saudavang» den lengste tida, fram til 1947. Han hadde starta i forretningslivet tidleg i 1930-åra i Åbødalen. I Saudvang selde han heile tida bakarvarer frå faren, Severin Hauge, sitt bakeri i Åbødalen.

Sauda Sport. Foto:

Ingolf Johnsten Pedersen, som hadde flytta frå Haugesund til Sauda i 1936, opna i 1938 ein filial, «Sauda Sport», for haugesundsfirmaet Jon Skree. Det var, som ein skjønar, sportsartiklar det dreidde seg om. Han leigde eit butikklokale av Inge Sand den første tida. I tillegg til sportsutstyr førte han reiseeffektar som koffertar, vesker og anna. Men syklar var det viktigaste vareslaget, og med det følgde sjølvsagt også reparasjon av syklar. Det var Øglænd-produserte syklar han selde. Ski var også ei viktig salsvare. Under krigen var det vanskeleg å skaffa varer. Ingolf tok seg til dels anna arbeid, og det vart til at den yngre broren Arne flytta til Sauda i 1942 og tok seg av butikken.

Elvehøy er det bakerste huset.

Hausten 1945 sa Ingolf opp hopehavet med Jon Skree og starta eigen forretning i sportsutstyr, framleis under namnet «Sauda Sport». Han kjøpte «Elvehøy» av Helmert Ringhagen og Larsine Aarebrot og installerte seg i det største forretningslokalet. I 1953 oppsto det brann i huset. Ingolf bygde opp att det som var skada, og huset vart samstundes noko ombygd, men året etter selde han «Elvehøy» til Peder Sørland, som hadde leigd hjå han ei kort tid, og flytta til Porsgrunn. Med i avtalen med Sørland var at broren Arne skulle føra «Sauda Sport» vidare i same lokalet.

Peder Sørland, som var frå Nordfjordeid, kom til Saudasjøen under krigen og arbeidde som forskalingssnikkar. I 1942 kjøpte han saman med Jakob Hellerslien, Birkeland Kolonial av Sigurd Hoftun. Arbeidet med denne vesle butikken gav meirsmak, for i 1944 reiste han til Nordfjordeid og tok handelsskulen. Då han vel var komen attende til Sauda, spurde Leif Hauge om han kunne styra kolonialforretninga «Saudavang«. Hauge ville sjølv ga over til å selja sko. Slik gjekk det til at Sørland ikkje lenge etter, 1. januar 1947, kjøpte forretninga av Hauge. Det var Ingolf Pedersen som då åtte huset. I 1954 kjøpte han huset av Pedersen og innreidde forretninga som sjølvbetjeningsbutikk, den første i Sauda. Det var ikkje alle kundane som likte dette nye systemet. I 1960 vart huset påbygd på baksida. Bakarhuset vart då rive.

Peder Sørland, som var gift med Solveig f. Berge frå Ølensvåg, kom til å driva «Saudavang» heilt til 1982. Det året selde dei forretninga til Arne- og Sylvi Tennebø frå Måløy, som hadde den i fem år, til 1987. Same året selde Peder- og Solveig Sørland «Elvehøy» til Oddvar Svantesen. Frå 1988 er Max Invest eigar, medan Svantesen driv pub i huset, først Mad Max Fun Pub 1988 – 1991, og deretter Monte Cristo frå 1991.

Kjelde: Tre gater på Øyra


Utsnitt frå Norges bebyggelse

Bygningane på Øyra

Les om dei andre bygningane på Øyra ved å klikka på knappen under.