Elvflåt I

Skulegata 7

gnr 28 / bnr 200
Byggjeår: 1937
Bruk: Bustad, manufaktur, damekonfeksjon, frisørsalong, gardinbutikk

Dette er eit kombinert forretnings- og bustadhus med kjellar, to høgder og ein loftsetasje. Huset vart oppført i 1937 for Kornelius Fløgstad, soneson til han som opphavleg åtte gardsbruk nr. 5 som tomta for dette huset vart skild ut frå. Gardbrukaren var altså Daniel Fløgstad som åtte eit vidt areal på Øyra, Byggjegrunnen til mange av husa langs gatene på Øyra har vore ein dei av gardsbruket hans.

Her ser ein husa i Skulegata på rekkje og rad: Lengst til venstre (i krossen der Skulegata og Brugata møtest) er Lundvang, så kjem Elvarhøgdi. Vidare følgjer Elvflåt II, Elvflåt I, Heimfred og Mollatun.

Dette huset i Skulegata har eit romsleg buareal. Tidlegare budde det ikkje mindre enn tre huslydar her, to i andre høgda og ein i loftsetasjen. Etter at barna er blitt vaksne og reist frå bygda, bur i dag berre to personar i det store huset, Grethe Irene og Ivar Sivle.

Me skal så konsentrera oss om ein omtale av forretningslokala i fyrste høgda. Den som fyrst leigde det største lokalet — bak den søndre inngangsdøra – var manufakturhandlaren J. W. Norheim. Han hadde ein god handel i dette lokalet. Norheim heldt til her fram til fyrste halvdel av 1970-åra dån fann ut at han ville utvida vareutalet og derfor hadde bruk for eit større forretningsareal, Han flytte forretninga opp til «Rydningen-huset», der «Spareland» held til nå.

Etter at Norheim flytte ut, overtok Randi Bern lokalet. Ho spesialiserte seg i damekonfeksjon. Då Rolf Garstad la ned frisørsalongen i lokalet ved sida av i 1983. slo Randi Bern begge lokala saman til eitt og fekk såleis eit meir romsleg forretningsareal. Men fru Bern la ned verksemda etter stutt tid — om lag 1985 — og opna i staden ei manufakturforretning i Sandeid.

Deretter opna Reidun og Arvid Stålesen ei moteforretning i det same lokalet, men dei slutta allereie etter eit par år. Då kom det ein ny leigetakar, firmaet «Gardin og Tekstil». Dei som stod i brodden for denne forretninga, var to damer, Inger Andersen og Karin Næss Øye. Dei siste åra var den fyrstnemnde åleine om å driva forretninga. Firmaet flytte inn i slutten av 1980-åra og heldt på til sommaren 1999. I skrivande stund (1999) er det gjort kjent at ei ny forretning skal opna her i næraste framtid.

Kjelde: Tre gater på Øyra


Utsnitt frå Norges bebyggelse

Bygningane på Øyra

Les om dei andre bygningane på Øyra ved å klikka på knappen under.