Fagerborg

Torggata 6

gnr 28 / bnr 124
Byggjeår: 1929-30
Bruk: Forretning, kafé, atelier, kontor, frisør, museum
Arkitekt: Erik Erga

«Fagerborg» er eit kombinert forretnings- og bustadhus som ligg ved Rådhusplassen. Eli Fauske – fødd Handeland – kjøpte byggjegrunnen hjå gardbrukar Daniel Fløgstad i 1929 etter at ho vart enkje og måtte flytta frå husværet i Åbøbyen. Etter det dottera Maud Langeland opplyser, vart huset bygt etter teikningar mor hennar hadde kome med utkast til. Eli og barna hennar – Maud og Sverre – flytta inn i 1930 og valde å bu i det vestre husværet i andre høgda, medan huslyden Alfred Vetti flytta frå Åbødalen og leigde det andre husværet i same høgda. Ludvig Vetti og Ingvald Øren hadde kvar sine rom i loftsetasjen.

Fyrste høgda inneheldt to romslege butikklokale. Alfred Vetti, som hadde byrja som kjøpmann i Årdal i Sogn allereie i 1923, heldt fyrst til i sjøhuset på kaien – Vangnes – då han kom til Sauda i 1928. Frå 1930 leigde han det austre forretningslokalet hjå Eli Faukse. Ein bergensfamilie, Sjusen, bruktet det andre som kafé. Men det var nedgangstider i Sauda fyrst i 1930-åra, og då kafédrifta ikkje var lønsam, la huslyden Sjursen ned verksemda. Då byrja Eli Fauske si eiga kaféverksemd og gav kaféen namnet Sportskaféen. Men det var ikkje så liketil å sitja med eit stort hus og driva si eiga verksemd i dei åra. Ho selde huset og la ned kafédrifta i 1936 og reiste til Oslo saman med barna. Maud fortel at før dei reiste, vart konfirmasjonsgjestebodet hennar halde i kaféen.

Huslyden Alfred Vetti budde i husværet i andre høgda til 1934 då di flytte ned til Øyra. Men forretningslokalet leigde Vetti til 1939 då han flytte til huset han kjøpte i Rådhusgata.

Fasadeteikning, datert 1929 og signert arkitekt Erik Erga.

Dei som overtok huset «Fagerborg» etter Eli Fauske, var Dina og Elling Kjellevold. Dei flytte inn i husværet som fru Fauske hadde fått, og fru Kjellevold opna sin eigen kafé i fyrste høgda under namnet Torgets Matstove. Det var ein populær kafé som heldt det gåande til dei fyrste krigsåra då han vart stengd av dei lokale styresmaktene av di – etter det Anders Kjellevold fortel – gjestene fekk høve til ulovleg å lytta på radio. Kafémøblane vart kasta ut og lokalet rekvirert til bustadføremål.

Av familiar som har budd i andre høgda, nemner me politibetjent Wahl med familie, huslydane Gabriel Sagland og fotograf Andersen. Rutebilselskapet H.S.D. leigde lenge rom i loftsetasjen til sjåførane sine. Etter at Dina og Elling Kjellevold gjekk bort og dottera Ingebjørg flytta ut, vart det Anders og Valborg Kjellevold som eigde huset. Dei bruka sjølve heile andre høgda og loftshøgda. Av endringar dei gjorde med husfasaden, nemner me at dei skifta vindauge i andre høgda. Vidare reiv dei det gamle uthuset og sette opp ein romsleg garasje. På baksida laga dei til ein vakker hage.

Av verksemder som har halde til i fyrste høgda, tek me med at Rolf Garstad hadde frisørsalong der i tida 1946-48, vidare kunstmålar Jakobsen frå Stavanger som betalte husleiga med å gi husverten eigne måleri! Så nemner me fotograf Andersen som hadde atelier og utsal her. Etter han kom Arnar Jakobsson som tok i bruk heile første høgda. Det gjorde også Ragnar Austarheim som heldt til her med skotøyforretninga i mange år. Vidare hadde Nanna Lunde Johannesen instituttet sitt her nokre år. Ei verksemd av eit heilt anna slag var ølutsalet til Sverre Fanebust som leigde ein del av kjellaretasjen i byrjinga av 1930-åra. Seinare flytta Sauda museum inn i fyrste høgda.

Kjelde: Tre gater på Øyra


Utsnitt frå Norges bebyggelse

Bygningane på Øyra

Les om dei andre bygningane på Øyra ved å klikka på knappen under.