Fagerlund

Rådhusgata 20

gnr 28 / bnr 36
Byggjeår: 1915
Bruk: Kolonial, kafé, bank, kontor, avishus.

Huset fekk blått skilt i 2022.

«Fagerlund» vart bygt i 1915 i to etasjar med to butikklokale i første etasje og husvære i andre. Byggherre var Theodor O. Kaada frå Stavanger. Han bygde stort hus og satsa stor, ser det ut til. Men det var ikkje lenge han vart verande i Sauda. I 1920 bur han på Våland i Stavanger og har eit stort en-gross-firma i kolonial- og fetevarer på Nytorget.

Sauda Ungdomslag, som vart skipa i 1909, ville i dei gode tidene omkring 1915 prøva seg med kafédrift, som ungdomslaga i fleire av dei store byane hadde gjort, og som viste seg å gå godt. I september opna laget kaffistove i det vesle huset der urmakar Jensen har halde til i mange år. Det viste seg at dette var eit svært populært tiltak, så etter eit par år var det aktuelt å flytta til eit større lokale.

Huset Fagerlund midt i biletet. Foto: Nasjonalbiblioteket.

Kaadahuset fekk ei svært kort tid som handelshus. Alt i august 1917 set Kaada inn ein annonse i Stavanger Aftenblad der han byr eigedomen fram til sal. Det går fram av annonsen at det var eit heller innhaldsrikt hus med «12 varme værelser, 2 kalde», 2 butikkar i første etasje forutan 2 butikkar og 2 større lagerrom i kjellaren. Kva slags handel det vart drive i desse butikkane i den korte tida det sto på, har det ikkje vore råd å få sikker greie på, men litt seinare på hausten var det flaum i Fløgstadbekken, og vatnet rann inn i kjellaren. Og skal ein døma etter varene som vart skada, må det i alle fall ha vore kolonialvarer i huset.

Fagerlund den gongen huset fungerte som kaffistove. Foto: Ryfylkemuseet/Digitaltmuseum

Hausten 1917 kjøpte fem medlemmer av ungdomslaget huset, og på eit lagsmøte baud dei laget å kjøpa det. Det enda med at ungdomslaget tok opp eit større pantelån og kjøpte huset for 48.800 kroner. Kaffistova vart opna den 1. januar 1918. Det gjekk litt opp og ned med drifta etter som det var skiftande økonomiske tilhøve i Sauda i 1920- og 30-åra. Frå 1918 leigde Sauda Sparebank det eine lokalet. Banken hadde då i dei siste åra halde til i huset til Helleik Torsen lenger nede i gata. I november 1936 gav ungdomslaget opp kafédrifta og selde heile huset til sparebanken, som tok over eigedomen den 1. januar 1937. Banken kosta mineralittpuss og nye vindauge i huset, og dei to butikklokala vart slått saman til eitt. Og her i «Fagerlund» kom banken til å vera i 50 år – til juni 1987 då den nye bankbygningen var innflyttingsklar.

Bankbygget. Foto: Norges bebyggelse.

Fleire har hatt sers lang teneste i sparebanken og har hatt «Fagerlund» som arbeidsstad i mange år. Det gjeld i første rekke Andreas Fløgstad, Rasmus Rasmussen, Tollef Grindheim, Ellinor Thynes og Inge Juvet. Det vart Mæhle Fotosats ved Magnus Mæhle som tok det gamle banklokalet i bruk. Hausten 1991 tok Mæhle Reklame A/S over, drive av Kjetil Mæhle. I 1993 vart lokalet delt i to, og Haugesunds Avis har sidan hatt sitt kontor der, styrt av journalist Oddvar Vindedal. Kjetil Mæhle la ned verksemda i 1997, og Samvirke Forsikring sin distriktssjef, Einar Tretnes, har halde til der til sommaren 1999. Hausten 1999 selde Sauda Sparebank «Fagerlund» til registrert revisor Tor Ingve Fatnes.

Kjelde: Tre gater på Øyra


Utsnitt frå Norges bebyggelse

Bygningane på Øyra

Les om dei andre bygningane på Øyra ved å klikka på knappen under.