Garstad

Brugata 18 og Rådhusgata 33

gnr 28 / bnr 43
Byggjeår: 1930
Bruk: Forretning, bustad/hyblar, kafé, frisør, klesbutikk, tannlege, kontor
Huset fekk blått skilt i 2022.

Mange vil sikkert stussa over namnet på denne eigedomen. Har huset det har skal skrivast om, noko å gjera med familienamnet Garstad? Ja, det har faktisk det. Avdøde Anders Garstad kjøpte i 1916 ei tomt hjå Aamund Søndenå, som tidlegare hadde kjøpt eit vidt areal hjå gardbrukar Daniel Fløgstad på Øyra. Men det var ikkje Garstad som kom til å byggja på tomta han kjøpte. I 1921 selde han byggjegrunnen til Bent Dybing og Hans Rydningen. Dernest overlet Dybing sin halvdel til Rydningen. Derfor var det den sistnemnde åleine som kom til å sitja med den verdfulle tomta, og som seinare sette opp det store murhuset i sentrum av Øyra.

Utsnitt av flyfoto av Øyra. Garstadbygget godt synleg ovanføre Rådhuset.

Eit prospektkort av Øyra rundt 1920 syner at det var eit tomrom i husrekkja mellom forretningshuset der firmaet Jakobsson Ramme- og Fotoforretning held til i dag og det tidlegare «Nørgaard-huset», som nå er «gått inn i» supermarknaden Kiwi. I dette tomrommet var det eit søkk i terrenget, og eldre saudabuar kan ennå minnast at her samla det seg vatn som fraus til is seint på hausten og om vinteren. Då hadde barn og ungdomar på Øyra det moro med å skli på isen eller jamvel prøva seg som skeiseløparar.

Men i 1927 vart dette søkket borte då murhuset til Rydningen, som kom frå Troms, stod ferdig. Huset ligg til to gater, Rådhus- og Brugata. Men den lengste delen av fasaden vender mot Rådhusgata. Huset er vinkelforma, og i Brugata endar det i ein støypt tunnel som er felles inngang til «Nørgaard»- og «Rydningen-huset» på baksida.

Det som sermerker det sistnemnde huset, er at i fyrste høgda var det tidlegare fire butikklokale, og opp gjennom åra har det i desse vore ulike verksemder. Det skal godt gjerast om han som skriv desse linene, har makta å få med seg alle namn på føretak som har halde til i huset. Kjeldene som eg har brukt, har gjeve noko motstridande opplysningar. Men det bør vera mogeleg å få med namn på forretningar som har vore leigetakarar gjennom ein lang periode.

Dersom me tek til i det lokalet i Rådhusgata som ligg nærast Jakobsson Ramme- og Fotoforretning, var det gjennom mange år brukt som frisørsalong. Både dame- og herrefrisørar har halde til her. Dei fyrste som leigde lokalet, var brødrene Strand. Det var utanbygds folk som ikkje vart verande så lenge i bygda. Det vart derimot Kvalvåg senior, som også var leigetakar i det same lokalet, før han flytte salongen over i murhuset til Erling Hærem lenger oppe i same gata. Når det gjeld damefrisørar, har Ingeborg Larsen (Bendiksen) vore leigetakar her ei stutt tid.

Går me vidare oppover til det neste lokalet, er det utan tvil gullsmed Dagfinn Paulus og kona Jenny dei fleste eldre saudabuar forbind med denne staden. Det var forresten ikkje her at gullsmed Paulus byrja med forretning då han kom til Sauda. Eit par år var han leigetakar i huset til Torstein Aarthun (nå Bjarne Aarthun) før han flytte over til Rådhusgata om lag 1930, og på denne staden var han til han nådde pensjonsalderen ikring 1960. Då selde han varelageret til den nye gullsmeden frå. Haugesund, Nils Espeland. Samstundes med at Paulus dreiv forretning, var han tilsett ved E.F.P. Når han var på fabrikken, var det kona som styrte forretninga. Paulus sin fremste hobby var kunstmåling, og bileta han presterte, syner at han hadde kunstnarleg talent.

Me går vidare oppover, og me kjem til eit lokale der det har vore livleg handel. Her hadde fruktdyrkar Martin Andersen frå Vandvik utsal før krigen. Seinare dreiv fiskehandlar Johan Myhre handel her på 40- og 50-talet. Etter han var eit fiskefirma frå Haugesund ei stutt tid. Seinare hadde Sigurd Sørland hovudsakleg grønsak- og frukthandel her. Sørland dreiv både detalj- og engroshandel.

Så kjem me til det lokalet som hadde — og framleis har — inngang frå hjørnet mellom Rådhus- og Brugata. Den forretninga som saudabuen hugsar best frå mange år attende, er utan tvil Sauda Barnekonfeksjon som tilhøyrde Tolleiv Løvvig. Denne klesforretninga byrja her tidleg på 30-talet og heldt det gåande fleire år etter krigen. Men alt før Løvvig flytte inn her, hadde huseigaren sjølv, Hans Rydningen, drive sin eigen tobakks- og fruktforretning, «Havannamagasinet» i dette lokalet. Som namnet seier, selde han tobakksvarer, sjokolade, aviser, vekeblad og dessutan gåveartiklar. Men forretninga vart tidleg avvikla.

Brugata: Garstadbygget til høgre.

Etter at Hans Rydningen gjekk bort i 1950, vart kona, Louise, sitjande åleine med den store eigedomen. Rundt 1970 kjøper handelsmann J.W. Norheim huset. Han ominnreier heile fyrste høgda. Dei små lokala vert borte, og i staden vert heile denne høgda eit samanhengande stort lokale. Og ikkje berre det. I tillegg vert det sett opp ei tropp opp til andre høgda, og bustaden til familien Rydningen vert ominnreidd til ei romsleg avdeling for herreekvipering. Dermed har Norheims omfangsrike manufakturforretning preg av å vera eit moderne klessenter, maken til det ein finn i byane. Norheim heldt til her fram til slutten av 80-åra. Då vart foretninga nedlagd. Huset vart kjøpt av Einar Aartun, og svigerdottera Åse Marie, gift med Kjetil Aartun, byrja med forretninga «Spareland». Kjetil og Åse Marie overtok eigedomen i 1995.

I andre høgda var det tannlækjarklinikk gjennom mange år. I 30- og 40-åra var det tannlækjar Leif Bokn som heldt til her. Samstundes med at han dreiv privat praksis, var han i tillegg skuletannlækjar og hadde tilsyn med tannhelsa til alle barna i folke-skulen. Som regel var han åleine med å driva den private praksisen, men det hende at han hadde ein medhjelpar. Ein av desse var den unge tannlækjaren Bugge Paulsen frå Horten, som gifte seg med Mia Øgreid. Dei slo seg seinare ned i Porsgrunn. Etter at Bokn gjekk bort, vart klinikken overteken av tannlækjar Claesson. Den siste tannlækjaren i huset var Kåre Torgersen. Som kjent flytte han bort i nybygget til Den norske bank i 1967. La oss til slutt ta med at Hans Rydningen hadde inntekter av hyblane han hadde i loftsetasjen. Dei vart leigde bort til einslege, og fleire av dei budde her i årevis.

Kjelde: Tre gater på Øyra


Utsnitt frå Norges bebyggelse

Bygningane på Øyra

Les om dei andre bygningane på Øyra ved å klikka på knappen under.