Rådhusgata 2
gnr 32 / bnr 60, 80, 110 |
Byggjeår: 1915 |
Bruk: Hotell, kafé, pub |
Heile eigedomen er om lag to dekar. Namnet på byggjegrunnen er Oshakke, og det høver godt. For hotellet ligg like ved osen der Nord- og Storelva renn ut i Saudafjorden. Sandsbuen Christian Bakke kjøpte tomta i 1917 for kr 5 702. Men sjølve hotellet må vera bygt før kjøpet av tomta vart tinglyst. For allereie 9. november 1915 skriv stavangeravisa «1. Mai» dette om det nye hotellet som vert reist nede ved dampskipskaien: «Hoteleier Chr. Bakke har under opførelse en større moderne 3 etasjes hotelbygning der skal indeholde 36 værelser og være ferdig ved nyttårstider. Der skal være 4 butikker i 1. Etasje. Hotellet bygges ved damskibskaien delvis av et av Bakkes hoteller på Nesflaten.» Hotellet ser ut til å ha vore i drift sidan sommaren 1916, for Stavanger Aftenblad har 18. juli same året ei annonse om det nye hotellet. Den 7. juni 1916 drøfta Sauda heradsstyre ein søknad frå Christian Bakke om løyve til å skjenka øl og vin og rett til å driva kafé i nedre høgda i hotellet, men søknaden vert avslegen.

Avisa «1. Mai» opplyser altså at materialane til hotellet kom frå eit hotell på Nesflaten som tidlegare hadde tilhøyrt Bakke. Denne opplysninga er ufullstendig. Hotellet på Nesflaten det her er tale om, var Sellands Hotel som vart bygt av Osmund Selland i 1890. Seinare vart bygget overteke av Mikkel Hegerland som flytte det til Røldal, der det fekk namnet Solfonn Hotel. Det var materialane frå «Solfonn» Bakke kjøpte, frakta dei til Sauda og nytta det til å byggja Grand Hotell.

Kven var denne Christian Bakke som sette så djupe spor etter seg i Sauda? Som kjent nøydde han seg ikkje med berre å byggja Grand Hotell. Det var han som sette opp Bakkes Hotell som seinare vart til Det gamle Folkets Hus. Dessutan dreiv han både «skydsstation» og «automobilforretning». Bakke var fødd på Sand i 1881. Han var berre 14 år gamal då han fylgde med nokre britiske lakse-fiskarar til Edinburgh, der han budde i ungdomsåra. Som vaksen vart han reiseleiar for det kjente Cooks reisebyrå. Seinare var han i fleire år turleiar for det Bergenske Dampskipsselskap. Verksemda som reiseleiar førte han til fleire land rundt om i Europa og til alle landsdelar i Noreg.

Det var i Stavanger at Bakke fyrst fekk praksis frå hotellverksemda. Her dreiv han sitt eige hotell i fleire år. Seinare bar det til Nesflaten der han var eigar av hotellet «Bratlandsdalen». Til Sauda kom han i 1915. Det vert sagt om han at han i hotellkrinsar var kjent som ein dugande hotellvert. Han var venleg, jovial og hadde lett for å vinna seg vener.
Det var med andre ord ein røynd mann innan reiseliv og hotellverksemd som kom til Sauda og bygde Grand Hotell. Hotellet, som vart bygt i sveitsarstil, hadde ein vakker arkitektur, og fasaden ut mot Rådhusgata med to innebygde glasverandaer gav bygningen eit karakteristisk estetisk og harmonisk preg. Det er verdt å merka seg at før utvidinga i 1926 var hovudinngangen frå Rådhusgata.

Hotell- og kafédrifta kom i gang i 1916, men det var ikkje så lang tid at Christian Bakke sat som eigar av hotellet. For allereie i 1917 er det Knud Tungesvik som har overteke Grand Hotell. Han kjøpte det av Bakke for kr. 65.000. Om grunnen til at Bakke selde, hadde samanheng med at herads-styret ikkje gav han løyve til å skjenka gjestene øl og vin, veit me ikkje sikkert. Men sjølv om han kvitta seg med Grand Hotell, tok han ikkje avskil med hotellnæringa. Tvert imot, han kjøpte tomta Ågard ved Nordelva og bygde eit nytt hotell, Bakkes Hotel og Café.
Heller ikkje Knud Tungesvik kom til å sitja lenge med Grand Hotell. Allereie den 13. september 1918 kunne Stavanger Aftenblad opplysa at Tungesvik hadde seld hotellet til Osmund Foss for kr. 75 000. Aftenbladet skriv vidare: «Hotellet har gått gjennem ymse reparasjoner og er nå i bra stand. Handelen er formidlet ved Johan Nygaard.» Den 30. oktober gav Sauda heradsstyre O. Foss konsesjon på Grand Hotell.
Då forløparen for lokalbladet «Ryfylke» -«Ryfylke-Posten» – tok til å koma ut i mars 1919, gjekk denne annonsa att i bladet: «Grand Hotel, Saude. Mottar faste gjæster.» Frå oktober same året vart annonsa noko brigda: «Grand Hotel, Sauda. Restaurant i første etage. Eget Skrædderverksted.»
Kven det er som driv skreddarverkstad, har me ikkje fått greie på. Men frå sommaren 1920 er det ei ny annonse som går att i det same bygdebladet: «O. Foss. Skrædderforretning. Lager av moderne Dress- og Frakkestoffe. Endel færdigsydde Dresser på Lager til Priser fra 95 til 110 kr.» Spørsmålet er om skreddaren O. Foss er identisk med hotelleigaren Osmund Foss eller kanskje er i slekt med han? I så fall er det rimeleg å tru at det er han som held til i skreddarverkstaden i hotellet.
Diverre kom vertskapet på Grand Hotell opp i vanskar på grunn av brot på skjenkeføresegnene. Då hotelleigar Foss søkte heradsstyret om nytt løyve til å driva kafé i 1921, vart søknaden avslegen etter tilråding av lensmannen. Ein ny søknad i juni 1922 fekk same lagnaden. Då vart det vist til at framande gjester dreiv ulovleg spritsal frå eit rom på hotellet. Den faste annonsa i lokalbladet vert borte. Det er eit teikn på at hotellet har problem, og den 11. november 1922 vert det kunngjort i «Ryfylke-Posten» at Grand Hotell skal seljast på auksjon den 6. desember 1922.
Det ser ut til at det er eit aksjeselskap som eig hotellet etter at familien Foss gav opp verksemda. Den som nå er hotellvert, er den same personen som bygde hotellet i 1915/16, Christian Bakke. I mellomtida hadde han seld sitt eige Christian Bakkes Hotel og Cafe til Sauda lokale samorganisasjon våren 1921 for 60.000 kr. Derfor var Bakke «ledig på torget» og var klar til å gå attende til den verksemda han starta då han kom til Sauda.
Alt tyder på at dei nye eigarane dreiv hotellet godt. Det ser me mangt anna av det bladet «Ryfylke» skriv fredag 5. november 1927: «Hotelleigar Bakke på Grand Hotell held paa med eit tre høgders tilbygg i mur. I fyrste høgdi vert store utpakningsrom for reisande, i andre høgdi forsamlingssal og i tredje høgdi gjesterom. —- Før har det stundom vore klaga over at Sauda ikkje var so vel stelt med hotell. No skulde det ikkje vera grunn til det lenger.»
Me tek med at urmakar H. Becker sommaren 1927 har ei kunngjering i «Ryfylke», der han opplyser at han held til i fyrste høgda på Grand Hotell. Ved eit anna høve inneheld annonsa eit lite dikt som roser dugleiken til urmakaren.
Christian Bakke reiste frå Sauda like før krigen. I periodar under krigen budde det tyske offiserar på hotellet, og på kjøkenet i fyrste høgda laga tyske kokkar til mat for soldatane som var stasjonerte ved luftvernskytsa som låg spreidde omkring på det vide jordområdet til R. Rasmussen.
Etter at Christian Bakke reiste frå bygda, ser det ut til at firmaet A/s Tou ei tid sat som eigar av Grand Hotell. Etter krigen var det ein utanbygds person, Georg Lien, som åtte og dreiv det ei stutt tid inntil hotellet vart seld til Eilert og Brita Landa som tidlegare hadde vore vertskap på fjellhytter som tilhøyrde Stavanger Turistforening. Den nåverande ordføraren i Sauda, Anne Marie Brekke, var i teneste på «Grand» i den tida då ekteparet Landa dreiv hotellet, og ho fortel at det var ein sers lønsam periode. Dette var i 50- og tidleg i 60-åra medan det var utbygging fyrst i Berdalen og seinare i Slettedalen. Utbygginga hadde positiv innverknad på hotelldrifta. Det var mange overnattingar, og kafeen i fyrste høgda hadde eit stort tal faste middagsgjester.

I 1964 overtok Astrid og Kjell Rønneberg hotellet som dei to dreiv i 19 år. I deira tid skar dei ned arealet på utpakkingsrom og innreidde i staden nye overnattingsrom. Krav til høgare komfort førte til at dei byrja modernisera gjesterom og utstyra dei med dusj og toalett. Kjøkenet i fyrste høgda vart utvida, og inngangen til kaféen vart flytt frå midten av bygget til sørsida. Namnet Grand Cafe vart endra til det eksotiske Grand Manilla. Murpussen i fasaden mot Rådhusgata og på veggen mot Saudasjøvegen vart fjerna og erstatta med gule trebord.
Etter at Astrid og Kjell Rønneberg gjekk frå borde som vertskap, kjøpte Reidar Sandanger hotellet og åtte det til 1985. Då kjøpte Per Ellingsen det. Han starta selskapet «Grand Eiendom», der fleire interesserte var aksjonærar og der Ellingsen, eigaren av Kløver hotell og kafé, hadde aksjemajoriteten. I nokre år var det samdrift mellom «Kløver» og «Grand». I det sistnemnde bygget vart det utført eit omfattande oppussingsarbeid både på Grand Manilla, i matsalen i andre høgda og på gjesteromma. Det var medan dette aksjeselskapet sat som eigar at ein fann ut at det var for pretensiøst å bruka hotell i namnet. Standarden i bygget heldt ikkje mål med den komforten ein finn i dei fleste hotell nå til dags. Derfor valde ein å skifta namnet til Vertshuset Grand, noko som ein meinte var meir dekkjande for den standarden gjester møtte.
Den som kjøpte aksjane var karmøybuen og investoren Sverre Skudal. Han førte moderniseringsarbeidet vidare.
Tenk om ein kunne føra eksteriøret attende til den opphavlege sveitsarstilen. Det ville ha vore ei vinning som hadde gleda mange!
Kjelde: Tre gater på Øyra
Grand Manila
I kjellaretasjen (på bakkeplan) har Grand ein pub som heiter Manila. Den er blitt kjend gjennom litteraturen til Kjartan Fløgstad. I boka «Grand Manila» finn ein diktet med same namn:

GRAND MANILA
Eg kom heim igjen som passasjer med rutebåt
På veg frå båten såg eg gutta: Eg veit namna
Dei hoiar på meg som ein gammal rockelåt
Dei seier: Her er det vi har hamna
Ja, her er hamn med lossetårn og kai
Med leider, trosser, pullertar og buler
Men vidare bort herifrå går ingen veg
Og ingen drosje er å sjå og skipsfløytene uler
Det er ein stad der draumar dør
Og livet går igjen på denne staden
Her har eg gått og komme før
Og reist att med den tidlege westamaranen
Eg hadde kjøpt meg postkort, bøker og avis
Du skulle berre sett dei lange fjesa
Då eg opna bilaget til søndagsutgåva av El Pais
Men det er altfor mørkt her til å lesa
Eg stakk jo berre innom. Eg fekk sjå
På dei som er fortapt men ikkje temma
Her er eg berre to—tre halvliterar frå
Her er eg nesten hjemma
Dei snakkar alltid til dei begynner med å grina
Dei bannar, ber. Forbøn, forbanning.
Så er pina død. Det var hu fina
Eg elska. Og det er faen ikkje jug, men sanning
Når friskifta er 8 timars indre tvang
Då er dei faen ikkje verde filla
Når du har fri til å gå i kjellaren på Grand
Til sviresøstrene på Grand Manila
Ikkje samhald lenger eller klassekamp
Den tavla strøyk han ut med fuktig svamp
Det gjekk så lett med damenes, så lett på skolen
Men endå lettare med alkoholen
Her blir eg fudle når eg vil bli full
Og jenta som er snill med meg vil bli hu snilla
Og det er meg, men faen om det er mi skuld
Om eg blir drita her på Grand Manila
Det finst gode kompisar, og ikkje dårleg vêr
Og fylla finst, og sprøyta, lykkepilla
Eg skriv på kortet: Nå skulle du ha vore her
Og levd livet lykkeleg på Grand Manila
Til klangen når metall fell mot metall
I nederlag, fortviling, undergang og skade
Om han ikkje går, men fell: i alle fall
Eg høyrde han sa enten Hades eller Ha det!
Han har tatt på seg ytterplagg
Så er han borte, heilt gåen eller ganske gått
Håpet vårt er lysegrønt som storkna slagg
Mellom her og nå står tette skott
Vi nærmar oss den store store stilla
Vi kvervlar ned og fell som haustens lauv
Vi strekker oss mot seidelen med Tou Manila
Som var det bergingsline av Manila Tou
Eg må nok bli her natta lang
Men eg har vore her for lenge til å skilla
Mellom dei som bur ei natt på gjestehuset Grand
Og dei som løper lina ut på Grand Manila
Kjartan Fløgstad


Bygningane på Øyra
Les om dei andre bygningane på Øyra ved å klikka på knappen under.