Rådhusgata 7
gnr 28 / bnr 28 |
Byggjeår: 1865 |
Bruk: Landhandel, pensjonat, forretning, kontor, frisør |
I 1857 vart det vedtatt ei ny lov om «Udvidelse av Handelsfriheden paa Landet». Lova skulle gjelda frå 1. januar 1860. På det tidspunktet var det berre ein landhandlar i Sauda, og det var Andreas Lea i Saudasjøen. Han hadde kjøpt handelshuset til John Larsen på auksjon i 1854. I 1862 kjøpte han Vangnes og starta handel også der. Få år etter, i 1865, hadde han fått ein medtevlar i nabolaget. Det var Ivar Ivarson Årtun, eller Ivar Birkeland, som han gjerne skreiv seg. Han var son til Ivar og Durdei Årtun og var fødd i 1836. Han vart foreldrelaus då han var fem år og vart oppfostra på Birkeland. Han var ein evnerik og vaken gut og vart sett til å vera lærar då han var 17 år. I 1864 gifte han seg med Marta Torsteinsdotter Årtun, og året etter slo dei seg ned som handelsfolk på Øyra. Det ligg såleis nær å tru at «Ivarshuset» som ennå står på Øyra, vart bygd i 1865. Men dette kan ein ikkje vita for visst. I folketeljinga 1865 er Ivar kalla husmann. Han hadde altså då hus på Øyra, og det kan vera «Ivarshuset» han alt då budde i. Men den jorda som dette huset står på, kjøpte han først i 1881, så «Ivarshuset» kan også skriva seg frå dette året. I alle høve er det truleg det eldste handelshuset som ennå står i Sauda. Og huset, som er eit typisk «Ryfylke-hus», er ikkje endra. Ivar hadde forresten alt i 1869 kjøpt eit større jordstykke innafor Hamnabakkjen. Halvparten av dette selde han i 1891 til krøterhandlaren og slaktaren Knut Solberg. Den andre parten selde han same året til Lars Handeland, skomakaren.

Ivar og Marta gjorde det godt. I 1866 var den likna formua 100 spd., i 1876 1600 spd.! Men Ivar tenkte ikkje berre på pengar. Han hadde sans for andre verdiar. Gjennom mange år i bygdepolitikken synte han omsut for bygda sitt ve og vel. Han var varaordførar i 2 år og ordførar i 12. Kva innverknad dette hadde på handelen, veit ein ikkje for visst. Men før utgangen av hundreåret er det slutt både med handelen og politikken. I 1880- og 90-åra kom det til fleire nye landhandlarar i Sauda. Det er hevda at Ivar ikkje likte all den konkurransen som følgde med. I alle høve avvikla han i Sauda i 1897/98 og kjøpte seg gard på Sjernarøy. Der døydde han i 1904. Etterkomarane hans nyttar namnet Aartun. Eldste sonen hans var domprost Ivar Aarthun.
«Ivarshuset» vart i 1904 selt til Nils Eide. Det var ved skylddelinga i 1904, då eigedomen vart skilt ut frå bruket Aastrand, at namnet «Heim» først vart nytta. Huset skifte eigar fleire gonger i dei næraste åra etterpå. Men før 10. juli 1915 har i alle høve Øystein Ø. Birkeland kjøpt huset. Søstrene Gjerstad får då løyve til å nytta huset som pensjonat, eller hotell, «Central Hotel», kalla dei det. Ved dette høvet er Øystein Birkeland nemnd som huseigar. I mange år etterpå sto det nummer fire av dørene som eit minne frå hotelltida. Kor mange år søstrene Gjerstad hadde det, er ikkje kjent. Men tidleg i 1920-åra byrja Ragnhild, dotter til Øystein, å ta imot kostfolk i huset. I januar 1925 vart eigedomen skøytt over til henne. Ragnhild hadde kostfolk i huset til 1928. Seinare hadde bladet Ryfylke sitt kontorlokale der. Frå 1940 til byrjinga av 1950-åra dreiv Agnes Tønnesen kafé i det gamle butikklokalet. Elles hadde elektrikar Klaus Hegrestad i mange år lager i lokalet. I 1967 flytta broderiforretninga «Elry» inn, eigar Elisabeth Rydningen. I august 1969 selde ho forretninga til Ellinor Pedersen, som etter eitt år i Ivarshuset, flytta til større lokale i Nørgaard-huset i Brugata. Frå 1986 haldt «Hårek Herrefrisør» til der.
Kjelde: Tre gater på Øyra


Bygningane på Øyra
Les om dei andre bygningane på Øyra ved å klikka på knappen under.