Heimfred (Det Blå Hus)

Skulegata 5

gnr 28 / bnr 185
Byggjeår: 1936
Bruk: Bustad, manufaktur, damekonfeksjon, frisørsalong, gardinbutikk
Huset fekk blått skilt i 2022.

Det var Valborg Lien som var byggherre, eller kanskje ein burde seia «byggdamen for dette husets som det vart sendt byggemelding for i august 1936. Det skulle byggast i reisverk og vera «til forretning og beboelse», som det står i dokumentet. Det var Øgreid-firmaet som førte opp huset. Helmert Ringhagen var byggmeister.

Valborg Lien var fødd i Røldal i 1893. I 1921 flytta ho til Sauda, der ho hadde to søsken. Ho hadde gått sykurs på Sand. I Sauda leigde ho eit rom hjå skomakar Øverland og byrja å sy. Men etter kort tid fekk ho arbeid i forretninga til Brita og Kolbein Hærei.m. Der var ho til 1924. Etter eit kort opphald hjå ei søster på Nedstrand, reiste ho same året til Amerika. Ho hadde tre brør i Montana, og det var dei ho reiste til. Etter 10 år i Montana, korn ho attende til Sauda i 1934, og igjen arbeidde ho hjå Hæreim i to-tre år.

Her ser ein husa i Skulegata på rekkje og rad: Lengst til venstre (i krossen der Skulegata og Brugata møtest) er Lundvang, så kjem Elvarhøgdi. Vidare følgjer Elvflåt II, Elvflåt I, Heimfred og Mollatun.

Det er fortalt at då ho skulle hygga huset, gjekk ho til Kolbein Hæreim for å be om eit lån. «Berre ga i banken du», sa Herheim. Og då ho vel var komen i banken, kom Hæreim etter henne og ropte inn: «La ho få det ho vil ha». Ho flytta truleg inn i huset sitt, «Heimfred», utpå hausten 1936, eller tidleg i 1937. Og då byrja ein lang dag i sy- og strikkestova i Skulegata. Valborg laga sin eigen arbeidsplass, og der arbeidde ho åleine i alle år. I huset var det eit lite butikklokale. Men ho dreiv ikkje med vanleg sal. Ho sydde og strikka «på bestilling». Valborg arbeidde til ho var godt over 80. Ho døydde i 1991. Huset hadde ho testamentert til Sauda Kommune. Ved salet av huset skulle inntekta nyttast til opprusting av Høllandsheimen.

Eigedomen vart overtatt av kommunen 1. januar 1992. I kommunestyremøtet i mai 1993 vart det vedtatt at kommunen skulle kjøpa «Heimfred» etter takst. Vidare vart det bestemt at prosjektet «Liv Laga Sauda» skulle få disponera huset vederlagsfritt i første omgang for ein 2-årsperiode. Kommunen kjøpte eigedomen for takstsummen kr. 290.000.

Kvinnenettverksgruppa «Livet overtok huset i november 1993 førebels for ein 10-års periode, I følge statuttane skulle «Heimfred» eller «Det blå hus», som det er blitt heitande, vera eit «allaktivitetshus», der det også kan drivast næring. Kvinneretta næringsutvikling – i første omgang husflid og kunsthandverk m. v.- skulle prioriterast, likeins kursverksemd. I tråd med vedtaka har huset mest vore nytta til husflid og utstillingar. Dei siste åra har «Sauda Produkter A/S» leigd 1, etasje av «Liv», og nyttar romma både til utstilling og produksjon. I andre etasje har Sauda Kunstlag hatt kurs og utstillingar.

Kjelde: Tre gater på Øyra


Utsnitt frå Norges bebyggelse

Bygningane på Øyra

Les om dei andre bygningane på Øyra ved å klikka på knappen under.