Heimkjær

Rådhusgata 29

gnr 28 / bnr 35
Byggjeår: 1917
Bruk: Forretning, postkontor, bakeri, kafé

Dette er eit kombinert forretnings- og bustadhus som det knyter seg mykje historie til. I 1915 kjøpte Martha Tvedten eit stort areal som lag tett opp til gardshuset og låven til grunneigaren Daniel Fløgstad. Pa dette arealet vart det reist to hus for Martha Tvedten. Det eine — det eldste — er det huset seinare øyra Bakeri heldt til i. Det andre er Rådhusgata 27, der Øyra Klessenter dreiv handel. Her skal me konsentrera oss om det fyrstnemnde huset som vart bygt i 1917, i den perioden då så mange hus på Øyra vart bygde.

Verksemder av ulike slag har halde til i huset. Ein skulle ha venta at Martha Tvedten sjølv, som opna moteforretning i 1917, ville ha drive handel i eige hus. Men det gjorde ho underleg nok ikkje, ho leigde derimot lokale i eit anna hus. I staden inngjekk ho ein leigeavtale med postverket som vart leigetakar i fyrste høgda i huset hennar, der det nå er brødutsal og konditori. Det var på høg tid at posten fekk det romslegare. For i tidsrommet 1884 til 1917 hadde poståpneriet i Indrebygda hatt tilhaldsstad i foreldreheimen til Martha Tvedten, eit lite, lågt hus som stod på tomta der «Vegheim-huset» seinare blei bygt. I anleggstida etter 1915 vart poståpneriet oppgradert til feltpostkontor, og kontoret fekk ein postmeister. Den fyrste postmeisteren i bygda hadde etternamnet Kristiansen. Talet på postsendingar auka sterkt i anleggstida, og arbeidstilhøva vart monaleg forbetra då postkontoret flytte inn i det nye huset i 1917. I huset til Martha Tvedten heldt postkontoret til fram til 1930 då det flytte lenger ned i Rådhusgata. inn i nybygget til Inge Sand.

Huset då det var postkontor.

Etter at postkontoret flytte ut, vart Sauda Meieri leigetakar i fyrste høgda og opna utsal i lokalet. Her kjøpte saudabuen mjølk og fløyte i spann og glas tram til 1937, då meieriet bygde sitt eige hus i Skulegata i 1937. Bakar Kornehus Andersen, som hadde både bakeri og brødutsal vegg i vegg med Grand Hotell, hadde leigt eit lite butikklokale meir sentralt, i huset til Ole Seim. På grunn av auka omsetnad ynskte bakar Andersen eit meir romsleg lokale, og etter at Martha Tvedten gjekk bort, baud han på det eldste huset hennar og fekk tilslaget. Dette huskjøpet kom i stand ei stutt tid før krigen. Eldste sonen til Andersen, Arne Aano, flytte inn i andre høgda med familien. Då faren gjekk bort, var det han som overtok både bakeriet og brødutsalet. Han fann det naudsynt å modernisera bakarverksemda og bygde eit bakeri i betong som eit tilbygg til huset ved Rådhusplassen. Her installerte han moderne bakaromnar og tok i bruk nytt utstyr elles. Det vesle utsalet i foreldreheimen vart lagt ned.

Aano slutta som bakar og forretningsmann i slutten av femtiåra og gjekk inn i teneste for Misjonssambandet. Den som då overtok, var bakar Sven Håland. Han dreiv verksemda i nokre år åleine, og i hans tid vart bakeriet ytterlegare modernisert og påbygt. I 1965 inngjekk han eit samarbeid med bakar Einar Eidsvåg, og dei to kjøpte heile eigedomen frå Arne Aano som reiste frå bygda. På grunn av sviktande helse trekte Håland seg attende frå bakaryrket om lag 1970, og dermed sat Eidsvåg att åleine både med eige-domen, bakarverksemda og utsalet.

Eidsvåg hadde ein god handel og tileigna seg etter kvart ein veksande del av brødomsetnaden i bygda. I 1977 bygde han eit moderne bakeri i eit stort murhus nede på Vangnes, i utkanten av kaiområdet. Til slutt stod Eidsvåg att som den einaste bakarmeister i bygda. Men det var så langt frå noko latmannsliv han førte, og i slutten av åtti-åra tok han avgjerd om å gå over i pensjonisttilværet. Brødrene Munthe frå Haugesund-distriktet overtok, men dei heldt det gåande berre eit par år. Bakeribygget vart selt til Sauda E-verk, medan Eidsvåg framleis åtte eigedomen i Rådhusgata.

Då Eidsvåg flytte ned til Vangnes, vart bakeriet i Rådhusgata reidd om til vaskeri. Noko serleg lønsamt føretak tykkjest ikkje det å vera, for dei som dreiv det, heldt det ikkje gåande lenge. Vaskeriet hadde to eigarar innanfor ein stutt tidbolk.

Etter at brødrene Munthe la ned verksemda, var det to unge saudabuar som ville freista å blåsa nytt liv i bakaryrket i bygda att. Det var to unge personar som hadde vore i teneste hjå Eidsvåg tidlegare: Jan Olav Sunde og Siren Olsen Handeland. Då vaskeriet vart nedlagt, innreidde dei tilbygget om til bakeri att. Det skjedde i 1991. Dei har også hand om utsalet som samstundes inneheld eit konditori. Men heile eigedomen tilhøyrer framleis Einar Eidsvåg.

Då Einar Eidsvåg gav seg som bakar, ville kona, Evelyn, prova si lukke som sjølvstendig forretningskvinne. Ho opna «Gavebua» i austre ende av tilbygget, som hadde inngang frå Torggata. Her kunne saudabuen velja høvelege presangar for alle høve frå eit stort utval. Men Evelyn valde å reisa med «maen» til Stavanger og selde gåvebua. Seinare har dette lokalet vore utsal for helsekost ei stutt tid.

Men me må ikkje gløyma at også andre høgda har si eiga historie. Då huset stod ferdig i 1917, fekk Anna Ringhagen kommunalt løyve til å driva kafe i andre høgda. To år seinare er det ei anna kvinne, Gjertrud Larsen, som får løyva til å ha kafe same staden. Hoppar me fram i tid til om lag 1940, er det Olga Thorstensen som held til her med «Ryfylkekaféen». Men i mellomtida — i tjueåra —hadde Emil Rødsås skreddarverkstad i huset. Dette var samstundes bustad for han og familien. Men etter krigen har både andre og tredje høgda tent som husvære både for familiar og einslege.

Kjelde: Tre gater på Øyra


Brann

14. mai 2016 brann huset ned.

Slik såg det ut då det brann 14. mai 2016. Foto: Espen Gya.

Utsnitt frå Norges bebyggelse

Bygningane på Øyra

Les om dei andre bygningane på Øyra ved å klikka på knappen under.