Skulegata 1
gnr 28 / bnr 180 | |
Byggjeår: 1979-80 (tidlegare bygg – Meieriet – vart bygt i 1937) | |
Bruk: (tidlegare: meieri, kafe, trykkeri), hotell, pub |
Kløver Hotell og Kafe er bygt på meieritomta. Det var om natta den 31. desember 1977, siste dag i året, at det «gamle» meieribygget brann ned. Det var nå elles ikkje så gammalt. Arbeidet med Meieriet byrja varen 1936, og det vart tatt i bruk i august 1937. Det var ingeniør Birger Baltzersen som hadde planlagt det og var byggeleiar, medan det var Knut Fløgstad som hadde vore den «drivande krafta» bak tiltaket.

I den tida meieriet var i drift, 1937 – 1969, var det mjølkeutsal og mjølkebar i første etasje ut mot Skulegata. I kjellaren var det «folkebad» den første tida. I andre etasje hadde dr. Olav Gramstad kontor i mange år. Kafe Kløver var der frå 1959. I 3. etasje var det lenge husvære, men frå 1967 var det festsal der. Etter at meieriet var lagt ned, hadde Olav Honganvik egg og grønsakbutikk i det tidlegare mjølkeutsalet i åra 1969-73, og Sauda Boktrykkeri hadde kontor der det hadde vore mjølkebar. Trykkeriet leigde også tilbygget, produksjonsrommet i meieriet.
Det var Per Ellingsen som var eigar av meieribygget då det brann ned. Tjuverialarmen, som var kopla til Ellingsen sin telefon, vart løyst ut då det byrja å brenna. Han varsla lensmannen, og då lensmannsfolka kom til, var det alt stor røykutvikling. Trass i at brannmannskapet gjorde det dei kunne utover heile natta, var det ikkje råd å redda huset. Det einaste som sto att nokolunde uskadd, var den gamle meierihallen, eit tilbygg på baksida, der Sauda Boktrykkeri hadde maskinene sine. Det viste seg at det hadde oppstått ein feil ved det elektriske anlegget.

Per Einar Ellingsen er fødd i Hamar i 1935 og gjekk i kokkelære på Holmenkollen Turisthotell, der kona Unni, også gjekk i lære. I 1958 tok han eksamen ved hotellfagskulen i Sola. Etter å ha vore servitør på Atlantic i Stavanger ei tid, vart han oppmoda av Knut Fløgstad, som var styreformann i Sauda Meieri, til å ta jobben som styrar ved Kløver Kafe. Denne kaféen, i 2. etasje i Meieriet, var eit «underbruk» av Meieriet, og var opna nokre månader i førevegen. Familien Ellingsen flytta til Sauda, og han byrja i arbeidet 1. mai 1960.
I 1969 fusjonerte Sauda Meieri med Vikedal Meieri. Ellingsen leigde då kafélokala eit år – til han i 1970 kjøpte heile det store meieribygget. Sju år seinare gjekk det heile opp i røyk. Det nye Kløver Hotell og Kafe vart opna påsken 1980. To år og tre månader var då gått sidan det gamle bygget brann ned. Per Ellingsen var ei stund i tvil om han skulle satsa vidare i Sauda, men det vart til det. Det var frå først av planen å setja opp eit treetasjes bygg. Men Ellingsen fann ut at det ville verta for stort eit løft. Det var til slutt ferdighusfirmaet Block Watne som tok på seg å vera arkitekt og hovudentreprenør. I staden for å bygga i tre etasjar, vart bygget fundamentert slik at det lar seg gjera å bygga på ein etasje, om det skulle verta behov for det. Per og Unni Ellingsen var til å byrja med ikkje så overtydde om at det var behov for eit nytt hotell i Sauda, men for å kunne nyta godt av DU-midlar, måtte dei bygga hotell. Det vart da planlagt som eit forretningshotell, ikkje som familiehotell. Det nye Kløver har eit golvareal på 1323 kvm. I første etasje er det selskapslokale, restaurant på nær 100 kvm, kafeteria med mezzanin på 160 kvm, storkjøken og garderobar. I andre etasje er det 14 hotellrom og ei daglegstove på 25 kvm. I underetasjen er det tilfluktsrom, innreidd som diskotek.
I 1983 vart drifta av Kløver Hotell og Kafe eit eige aksjeselskap, medan bygningen framleis var personleg eigedom. Seinare vart bygningen overført til aksjeselskapet. I 1993 kjøpte Nordbø Eiendom aksjemajoriteten. Året etter vart Per Ellingsen tilsett som kjøkensjef ved Sauda Sjukehus/Sauda Sjukeheim og selde då aksjeposten sin til Nordbø Eiendom. Styrar ved Kløver Hotell og Kafe i dag er Jan Nordbø.
Kjelde: Tre gater på Øyra


Bygningane på Øyra
Les om dei andre bygningane på Øyra ved å klikka på knappen under.