Krossveien

Brugata 19 og Rådhusgata 35

gnr 28 / bnr 134
Byggjeår: 1930
Bruk: Forretning, bustad/hyblar, kafé, frisør, klesbutikk, tannlege, kontor
Arkitekt: Erik Erga

Dette raude murhuset med tre fulle høgder, som vart bygt i 1930, var – og er framleis – eit bygg som ruvar i gatebiletet. Det er eit kombinert forretnings-og bustadhus som har fasaden vendt mot to gater, Rådhus- og Brugata. Byggjegrunnen tilhøyrde opphavleg gardsbruket til Anders Fløgstad som selde tomta til stavangerfirmaet Rasmussen & Racine som hadde planar om å reisa eit forretningsbygg då det etablerte seg i Sauda i anleggstida. Men av ukjende årsaker vart det ikkje noko av byggjeplanane, og firmaet selde tomta til kjøpmann Erling Hærem som dreiv eigen manufakturforretning i huset til mor si, Ane Kristine Hærem, lenger nede i Rådhusgata.

Det store murbygget hadde store glasfasadar mot Brugata.

Murhuset som skaut i vêret ved Rådhusplassen, var teikna av stavangerarkitekten E. Erga. Me tek med at dette huset var eit av dei få – bortsett frå nokre bustadhus i Åbøbyen – der eit radiatoranlegg sytte for oppvarminga. Frå fyrstninga av var oppvarminga basert på koks, men då det vart skort på koks under krigen, vart det installert ein elektrisk kjel i kjellaren. Som ein kuriositet kan me namna at fortauet framfor bygget hadde opplyste glasruter. Lyset kom frå ei lysgrav i kjellarhøgda. Men då det var uråd å halda rutene heile, vart dei seinare tildekte av asfalt.

Mot slutten av året 1930 var ein komen sa langt i byggjearbeidet at Erling Hærem kunne opna julehandelen der i desember. Det er eit sers innhaldsrikt hus. På eldre fotografi vil ein sjå at det var laga til ein terrasse på taket. Men på grunn av lekkasje vart steingjerdet fjerna. Husværet for huslyden Hærem, som forutan foreldra Inger Helene og Erling Hærem, talde fem jenter, var i tredje høgda. Frå vindaugo mot vest og sydvest var det eit vidt utsyn mot Rådhusplassen, gatetrafikken og vidare mot fjellheimen. I same høgda var det tre hyblar som vart leigde ut.

Andre høgda inneheld to romslege lokale og to husvære. Det eine store lokalet vart gjennom mange år leigt ut til kaftlrift, og seinare vart det brukt som møterom for foreningar, mellom andre for «Kameratklubben». Mellom dei som dreiv kafe her, nemner me ei utanbygds dame, Marta Fuglesten. Ei anna dame som kom frå Erfjord, Kirsten Kolstø Årthun (seinare Handeland), leigde også lokalet for kafédrift. Namnet på kaféen var Aartun Café. Mange hugsar saudabuen Magnhild Fløgstad som i fleire år heldt til her med kaféen «Sentrum».

Flyfoto – truleg tatt kort tid etter Krossveien stod ferdig.

Det andre store lokalet tente som tannklinikk for tannlækjarane Unger-Thorsen og Stoltenberg. Dessutan hadde bladet «Ryfylke» kontor her ein periode i på 1930-talet.

Tek me for oss fyrste høgda, kan me nemna at i det minste forretningslokalet mot Rådhusgata, er det ulike verksemder som har halde til. I trettiåra hadde frisør Kvalvag salong her. Etter krigen hadde røyrleggjaren Miljeteig utsal i lokalet. Seinare heldt «Rådhuskonditoriet» til her. Nå (1999) er det Torvets Frukt og Tobakksforretning som har teke over. Fyrst var det Ilmy Sivertsen som styrte forretninga, så overtok dottera Bertha Therese som styrar.

Inngangen til det største forretningslokalet i fyrste høgda er fra gatekrossen. Forutan dette romslege lokalet, som Erling Hærem brukte som avdeling for dameklede og tøyvarer, hadde han i tillegg to mindre lokale, eitt for skotøy og det andre for herreekvipering. Etter Sauda målestav var dette ei stor forretning. Skotøyutsalet vart seinare avvikla, og endelokalet mot Brugata vart leigt ut. Etter krigen byrja Georg Stang bok- og papirhandel her. Etter han flytte gullsmed Nils Espeland inn. I dei seinare år har det vore lokale for ein damefrisør-salong.

Etter at Erling Hærem la ned forretningsverksemda i 1968, var det eit stavangefirma, Stoffbua Filial, som overtok det store lokalet. På syttitalet forsøkte duoen Halstad og Knutsen seg med restaurantdrift. For dette føremålet leigde dei kafélokalet i andre høgda og det store, tidlegare forretningslokalet i fyrste. Dei installerte jamvel ein heis mellom etasjane. Men restaurantdrifta var truleg ikkje lønsam, for verksemda vart avvikla etter stutt tid.

Det høyrer med til soga om huset at tyskarane rekvirerte det minste butikklokalet mot Rådhusgata og bustaden over og dessutan endelokalet i fyrste høgda mot Brugata. Det fylgde ein del uro med å ha tyskarane buande i huset, serleg plagsamt var det seint på kvelden etter leggjetid. Tok uroa overhand, var det ikkje anna råd for husverten enn å løysa på sikringane og stengja av straumen! I krigsåra budde også ein adventistpastor, Udbørg, i huset saman med kone og to barn. Han hadde Sauda som sitt arbeidsområde. Familien utmerka seg mellom anna med å halda barna heime frå skulen om laurdagen, då denne dagen er kviledag for adventistane.

Etter at Erling Harem gjekk bort i 1973, overlet kona, Inger Helene, eigedomen til døtrene. Eli Hærem Johansson tok seg av rekneskapen som fylgde med utleiga, medan mannen, Alf, fungerte som ein slags vaktmeister og tok seg av vedlikehaldet. Så vart eigedomen seld til A/S «Håndverkerhjørnet» – tre lokale handverkarfirma.

Kjelde: Tre gater på Øyra


Utsnitt frå Norges bebyggelse

Bygningane på Øyra

Les om dei andre bygningane på Øyra ved å klikka på knappen under.