Midtun

Rådhusgata 14

gnr 28 / bnr 27
Byggjeår: 1898
Bruk: Forretning, kafé

Huset vart bygt i 1898. I huset er det både forretningslokale og husvære i første etasje. Eigar var Jakob Andersson Fløgstad, byggmeister var Jakob Ringhagen. Jakob Fløgstad, som var fødd i 1848, hadde i yngre år drive med krøterhandel saman med Krister Olsson Fløgstad. Begge byrja seinare med landhandel på Øyra, Kristen i 1887, Jakob i 1898. Sistnemnde døydde i 1919, og kona Marta (f. Åbø) dreiv handelen vidare under same firmanamnet. I 1923 tok sonen Anders (f. 1898) over. Det vart då gjort visse endringar i forretningsdelen i huset. Det hadde då lenge vore ein velassortert landhandel, som i tillegg til daglegvarer kunne tilby steintøy og klede, ja, som i dei fleste landhandlar kunne ein få nær sagt alt frå knappar til kraftfôr. Parafin var også ei viktig vare, men salet minka av frå 1920-åra då det etter kvart vart vanleg med elektrisk ljos.

Annonse i Ryfylke like før jul, 22.12.1927

Anders Fløgstad var gift med Anna, fødd Nygaard frå Imsland. Då Anders i 1936 byrja på smelteverket, først som snikkar, seinare som kontormann, fall meir av arbeidet i butikken på Anna. Ho hadde då gjerne butikkjenter til å hjelpa seg. Fleire av kundane kom langvegsfrå, frå Molla og Maldal. Det hadde lenge vore ein vane å by dei inn på kaffi, ja, middag også. Familien Fløgstad hadde som nemnt husvære i same bygningen. Denne form for service måtte det etter kvart bli slutt på, ettersom Anna hadde meir enn nok å gjera i butikken og i heimen elles, der det var 4 born. Etter at Anders døydde i 1958, dreiv Anna forretninga vidare med noko minska vareutval fram til 1972.

Sidan har forretningslokalet stått tomt. «Midtun» er eit av dei få handelshusa som på det næraste er uendra sidan 1898. Det har såleis stor kulturhistorisk verdi.

Kjelde: Tre gater på Øyra


Utsnitt frå Norges bebyggelse

Bygningane på Øyra

Les om dei andre bygningane på Øyra ved å klikka på knappen under.