Mo

Brugata 12

gnr 28 / bnr 31
Byggjeår: 1929
Bruk: Manufaktur, elektrisk forretning
Mo-bygget midt i biletet, vis-a-vis Betel.

Ein annan stad er det nemnt at Amund Søndenå gjorde ei lønsam pengeplassering då han i 1909 kjøpte ein stor jordteig på Øyra. Mange tomter selde han til personar som bygde kombinerte forretnings- og bustadhus langs hovudgatene. Men eit vidt areal, som strekte seg frå huset som Hans Sand åtte og ned til Skulegata, heldt han tilbake for eigne føremål. Sjølv bygde han to hus på dette området, ei tomt selde han til Erling Tvedten, og på den fjerde tomta – nåverande eigar Walla Henriksen – står varemagasinet G-sport. Ein del av parkeringsplassen bak Kiwi tilhøyrer denne tomta. Som ein ser. var det eit vidt, verdfullt areal som lenge var på Amund Søndenås hender. Her skal me ta for oss det andre huset Søndenå sette opp, det bygget mange hugsar som «Grude-huset» og som er næraste nabo til supermarknaden Kiwi.

Annonse til jul 1938 – avisa Ryfylke.

Huset er eit kombinert forretnings-og bustadhus som vart bygt i 1929. Det har to høgder og ein loftsetasje. l fyrste høgda er naturleg nok forretningslokalet, og her bar det gjennom åra vore ein livleg handel. Den 8. april 1929 kunne saudabuen lesa denne annonsa i bygdebladet «Ryfylke»: «Vi har aapnet egen avdeling i Sauda for vore anerkjente Færdige Herreklær og Herreklær efter Maal. GRUDES Sauda-avdeling A/s». Konfeksjonsfirmaet Grudes i Stavanger opna filial i Sauda i det nye huset til Amund Søndenå. Sandsbuen Rasmus Nerheim var sjefen i Sauda, og med seg hadde han i årevis Erik Johnsen inntil denne opna eiga manufakturforretning i Rådhusgata.

Rasmus Nerheim og huslyden hans var leigetakarar i andre høgda. Han kjøpte huset i 1968. I 1984 selde han huset til Inge Isaksen som i dag sit som eigar. Etter at firmaet Grudes la ned filialen i Sauda, er det fleire verksemder som har halde til i forretningslokalet. Me nemner desse: Toralf Olsen dreiv elektrisk forretning her. Då han døydde, dreiv kona Alvhild verksemda vidare ei stutt tid. Ho selde seinare utsalet til Suldal Installasjon, som tilsette Olaug Johansen som styrar. Dette firmaet la ned verksemda i 1988. Same året opna Hilgot Norheim Birkenes manufakturforretning i lokalet. Ho spesialiserte seg i sengeklede og dameundertøy. Ho dreiv handel her heilt fram til hausten 1999 då ho flytte verksemda opp i det raude murhuset ved Rådhusplassen. Nå (1999) brukar huseigaren sjølv, Inge Isaksen, fyrste høgda som lagerplass for den manufakturforretninga som han nyleg har starta.

Kjelde: Tre gater på Øyra


Utsnitt frå Norges bebyggelse

Bygningane på Øyra

Les om dei andre bygningane på Øyra ved å klikka på knappen under.