Nedrebø

Rådhusgata 22

gnr 28 / bnr 107
Byggjeår: 1985 (erstatta bygg frå 1930)
Bruk: Fargehandel (tidlegare bygg var klesforretning)

Sauda Fargehandel ved Jostein Aartun sette opp nytt forretningsbygg på Brita Hereim sin tidlegare eigedom. Erik B. Johnsen som hadde drive herreekviperingsforretning i Brita Hereim sitt hus sidan 1946, hadde avvikla og pensjonert seg i 1984.

Det var ingeniørfirmaet Stødle A/S, ved Harald Stødle, som planla og teikna det nye fargehandelbygget. Grunnarbeidet tok Brødrene Selvik A/S seg av. Råbygget vart oppført av Einar M. Gaard A/S. Fargehandelen opptar to etasjar og kjellaren. Etter flyttinga er varespekteret blitt utvida. Dagleg leiar er Jan Erik Aartun, son til Martha og Jostein Aartun.

Dette bygget (oppført 1930) blei rive på 1980-talet for å gi plass til fargehandelbygget.

Kjelde: Tre gater på Øyra


Utsnitt frå Norges bebyggelse

Bygningane på Øyra

Les om dei andre bygningane på Øyra ved å klikka på knappen under.