Nordvang

Rådhusgata 6

gnr 32 / bnr 89
Byggjeår: 1955
Bruk: Bilverkstad, kontor, verkstad, køyreskule

Denne murbygningen vart oppført i 1955. Byggherre var Inge Sand. I 1920-åra var han ein pioner innan samferdsla i Sauda og dei næraste bygdene. Han fekk drosjeløyve i 1924. I 1925 fekk han lov av heradsstyret til å opna bilrute mellom Sauda og Saudasjøen, og i august 1926 opna han, etter tilråding frå heradsstyret, bilrute mellom Sauda og Haugesund, og noko seinare, mellom Sauda og Ølen. «Dollarvegen» vart først opna 15. juni 1931. Før den tid måtte bilane fraktast med båt frå Storskjær til Ropeid. I 1924 starta han firmaet «Bilcentralen». Verksemda omfatta sal av bensin, bilrekvisita, bilverkstad, rute- og drosjetrafikk og lastebiltransport.

I 1930 sette han opp eit større, kombinert bustadhus og kontorbygg på den store eigedomen sin ved krysset mellom Rådhusgata og Saudasjøvegen. Her var det postkontor og telegrafstasjon, og kontor og endestasjon for HSD-rutebilane. Dette huset, som i mange år var ein sentral og travel arbeidsplass i Sauda, er nå borte. Berre bilverkstaden står att og er framleis i bruk, og «Nordvang» som altså ikkje er frå pionertida.

Toyota, ved Aase Auto, kjøpte dette huset av familien Sand i 1980. Bilfirmaet hadde kontor der og nytta den rommelege garasjen som verkstad. I 1986 selde firmaet huset til Vidar Tvedten Andersen, men tok unna retten til å nytta kontoret og garasjen ennå i 10 år. I forretningslokalet har det i seinare år vore hobbybutikk, datasal og videobutikk. I 1990-åra hadde Per Michaelsen køyreskule i lokalet.

Kjelde: Tre gater på Øyra


Utsnitt frå Norges bebyggelse

Bygningane på Øyra

Les om dei andre bygningane på Øyra ved å klikka på knappen under.