Rådhusgata 28
gnr 28 / bnr 119 |
Byggjeår: ca 1998-99 |
Bruk: Post, bibliotek |
Arkitekt: Giske’s Arkitektkontor |
Før arbeidet med det nye postbygget kunne ta til, måtte Ola G. Søndenå sitt hus frå 1930, «Lønnegård», vika plass. Måndag 1. februar 1999 var første driftsdag i det nye postbygget. Posten hadde då i 28 år halde til i Handel- og Håndverkerforeningen sitt hus i Skulegata 4. I det nye huset har Posten heile 500 kvm. til rådvelde. Mannskapet i omdelingsavdelinga var kanskje serleg glade for alle kvadratmetrane. Dei hadde i meir enn ein år vore forviste til leigd lokale i det tidlegare Grand Kolonial etter at postkontoret i Saudasjøen vart lagt ned. All post måtte då sorterast i Sauda, og det gamle postlokalet vart då for lite.

Ved den høgtidelege opninga var det mange lovord å høyra frå dei involverte partane. Det vart serleg framheva at det ved planlegginga av bygningen er lagt stor vekt på det estetiske ved sida av det funksjonelle, og at bygget i så måte er svært vellukka. Bygningen burde få byggeskikkprisen, sa postmeisteren i talen sin. Jan Reidar Jørgensen i Jørgensen Eiendom takka hovudentreprenøren Brødr. Selvig A/S for godt samarbeid og roste dei mange lokale firma som hadde gitt sine bidrag til det gode resultatet.
Arkitekt for bygget var Giske’s Arkitektkontor, Stavanger. Følgjande lokale firma var med i arbeidet: BM Øgreid, Ryfylke Elektro A/S, Sauda Rørhandel, Klima og Energiteknikk, Sauda Fargehandel, Molla Snekkerverksted A/S. Dessutan hadde to utanbygds firma levert bidrag: J. Fjeldtvedt A/S, Stord og Hørmann Vest-Norge A/S Stavanger.
Kjelde: Tre gater på Øyra


Bygningane på Øyra
Les om dei andre bygningane på Øyra ved å klikka på knappen under.