Rådhusgata 16
gnr 28 / bnr 42 |
Byggjeår: 1916 |
Bruk: Hotell/pensjonat, kafé, fiskehandel, elektrikarverkstad, bustad/hyblar |
Her er nok eit døme pa ein byggjegrunn som er skild ut fra gardsbruket til Daniel Fløgstad. Han selde i 1916 eit stort areal som strekte seg fra tomta til Jakob Ringhagen i nord og ned til huset til Jakob Fløgstad i sør. Kjøparen var slaktar Knut J. Solberg. Den sistnemnde selde ein del av dette arealet til Tarald Austarheim. Begge desse sette opp kvart sitt hus mest vegg i vegg. Solberg bygde Rådhusgata 18, huset vert ofte omtalt som «Solberg-huset» eller «Dybing-huset». Det bygget Austarheim sette opp, vart Sauda Hospits som fra fyrst av heitte Saude Hotel.

På staden der Tarald Austarheim bygde, låg det tidlegare ein husmannsplass, truleg den eldste på Øyra. Me legg merke til at Saude Hotel vart bygt i ein periode då det var ei hektisk byggjeverksemd på Øyra, ein «byggjeboom» etter våre tilhøve. Byggherrane var optimistiske og venta gylne tider etter at storindustrien hadde etablert seg i bygda. Nå var Tarald Austarheim i den heldige situasjonen at han hadde vore i U.S.A. — i Montana — fleire vender og hadde lagd seg opp kapital. I anleggstida strøymde folk frå alle landsdelar til Sauda, og det var skort både på husvære og hotellrom. Av den grunn kunne det vere lønsamt å driva eige hotell i sentrum.


Tarald Austarheim var ein handlingens mann, han organiserte ei imponerande dugnadssamling. Vinteren 1916 kalla han saman hesteeigarar på Fløgstad, Herheim og Austarheim, og på godt vinterføre — kanskje over fjordisen — vart materialar frå eit nedrive hus i Saudasjøen frakta på slede fram til byggjestaden på Øyra.
Sjølve byggjearbeidet ser ut til å ha gått snøgt. Det store huset med tre høgder stod ferdig hausten 1916. I avisa «1. Mai» for 17. november 1916 kunne ein lesa dette: «Albert Jensen har aapnet nytt hotel. Folkekjøkken i 1. etage.» Dette tyder at byggherren, Tarald Austarheim, ikkje har hatt i tankane å driva hotell og kafé for eiga rekning. Sunnfjordingen Albert Jensen er fyrst leigetakar og fekk kommunalt løyve til å åpna kafé i huset og i desember 1917 løyve til å driva hotell. I 1917 kjøper han huset av Tarald Austarheim. Hotellet får namnet Saude Hotel og kaken i fyrste høgda «Folkekjøkkenet». Krumtappen i verksemda var —forutan Albert sjølv — kona Martha. Dei hadde saman ni barn, seks gutar og tre jenter. Den som har gjeve oss ei levande skildring av miljøet omkring kaféen og hotellet, er sonen Marthon i boka «Gutane på Øyra».
Huset var eit bygg som ruva på Øyra. Det hadde tre høgder over kjellaren. Det inneheldt 20 rom, i tillegg kom det store lokalet i fyrste høgda. Både hotellet og kaféen ser ut til a ha vore eit lønsamt foretak i fyrstninga. Hotellet tok imot gjester som budde der i lengre tid og hadde full pensjon. I helgene kom det anleggsfolk ned fra fjellet som tok inn på hotellet og som i tillegg vitja kaféen som var ein populær samlingsstad. Der folk også møttest, var i skytebana til «Pelle» som heldt til i det lange skuret like ved hotellet. Sjøfolk om bord i båtane som kom med last til fabrikken, vitja ofte kaféen. I fylgje den nemnde boka til Marthon Jensen var grammofonen plassert på eit bord midt i lokalet. det store trekkplasteret for a trekkja folk til kaféen!
Nå hadde ikkje «Folkekjøkkenet» heile fyrste høgda for seg sjølv, i alle høve ikkje heile tida, Handelsmann Johan Myhre leigde eit lokale ved sida av kaféen, like overfor «Dybing – huset». Namnet pa verksemda hans var «Fiskemat-kjøkkenet». Her handla han frå 1927 og fram til fyrstninga av 1930-åra, då han tok til med torghandel. Albert Jensen sysla ikkje berre med hotell- og kafédrift. Han var interessert i sjøliv og båttrafikk. Han skaffa seg ein stor båt – ein motorkuttar – og gjekk i gang med passasjertrafikk mellom Sauda og Stavanger. Han fekk jamvel serveringsløyve om bord i båten, som bar namnet «Virgo». Trafikken tykkjest å vera lønsam dei fyrste åra, men i lengda nytta det ikkje å hevda seg i konkurranse med D.S.D., og trafikken med «Virgo» måtte innstillast.


Det ser ut til at kafédrifta i fyrste høgda vart nedlagd i åra for krigen, medan hotellverksemda vart halden oppe. Det er ein fast gjest som kjem regelmessig til Sauda, annakvar helg. Det var sokneprest Johannes Messet, som budde på Sand og som heldt gudsteneste i Sauda kvar fjortande dag. Han tok alltid inn på Saude Hotel, der eit rom i andre høgda var reservert han. Når han kom til bygda om laurdagane, tente dette rommet som prestekontor. Han vigsla jamvel brudepar på det same rommet.
Det var tungt å driva hotell under krigen. Mot slutten av krigsåra var det eit alvorleg problem med å skaffa matvarer. Hotellvertskapet måtte også finna seg i at det tyske militærstellet i ein periode rekvirerte nokre rom for offiserar og soldatar. Så snart krigen var forbi – i 1945 – tok Jensen avgjerd om å selja hotellet. Albert Jensen vart enkjemann tidleg i trettiåra. Han gifte seg med ei dame fra Mandalkanten, og i 1945 kjøpte dei eit gardsbruk i desse traktene og forlet Sauda.
Den som kjøpte hotellet – som nå kom til å beita Sauda Hospits – var eit par som kom fra Finnmark, Leonard og Mary Baardsen. Dei dreiv vanleg hotellverksemd, medan dei i nokre år leigde bort lokalet i fyrste høgda til elektrikar Klaus Hegrestad som hadde både verkstad og utsal av elektrisk utstyr der. Då han flytte ut om lag 1950, byrja ekteparet med kafé Ritz i fyrste hogda. Denne kaféen dreiv dei om lag 20 år. Medan me nemner leigetakarar, la oss også ta med at møbeltapetserar Hakon Bjerga hadde verkstad i kjellaren.

Leonard Baardsen døydde i slutten av femtiåra. Mary gifte seg seinare med Magnus Klungtveit. På grunn av sviktande helse fann Mary det best å slutta med kafédrift, og lokalet i fyrste høgda mot Rådhusgata vart ominnreidd til salongar til bruk for hospitsgjester. Det var også høve for lag å leiga salongane som møtestad. Det var her at kulturminnenemnda i Sauda gjorde vedtak om å skipa eit sogelag.
Av helsemessige årsaker såg Mary Baardsen seg nøydd til å trappa ned og seinare leggja ned hospitsverksemda. Då ho kom på sjukeheimen, vart Magnus Klungtveit buande åleine i det store huset. Då han døydde, vart hospitset seld til nokre ungdomar frå Jæren. Selskapet dei etablerte, heitte Virgo. Dei pussa opp huset og gjorde nokre forbetringar. Romma vart leigde ut til utanbygds skuleungdomar, men føretaket var ikkje vellukka. På 1990-talet oppstod det ein lekkasje i huset, og skadane var omfattande. Det var uvisst om det lønte seg å utbetra det som var øydelagt.
Kjelde: Tre gater på Øyra


Bygningane på Øyra
Les om dei andre bygningane på Øyra ved å klikka på knappen under.