Solbakken

Rådhusgata 24

gnr 28 / bnr 23
Byggjeår: 1875
Bruk: Bakeri, telegrafstasjon, forretning, frisør, kontor, avishus

Dette kombinerte forretnings- og bustadhuset i Rådhusgata er eit av dei eldste i sentrum. Byggjegrunnen tilhøyrde garden til Daniel Fløgstad, og huset «Solbakken» kom til å liggja på høgd med bustadhuset på denne garden. Den som bygde huset, var nedstrandsbuen Jakob Kristenson Ringstvedt, fødd 1844. Han er nemnt som landhandlar allereie i 1875 og har truleg drive handel i eit eldre hus som stod på same tomta, for huset «Solbakken» vart fyrst oppført i 1885. Det er interessant å konstatera at gruvetid i Sauda i 1880- og 90-åra førte med seg ei aukande handelsverksemd i bygda.

Solbakken er huset med ring rundt på biletet. Foto: Nasjonalbiblioteket.

Den som overtok handelen i huset etter Jakob Ringstvedt, var svigersonen Mons Tormodson Hærem, fødd i 1872, som var gift med dotter til Ringstvedt, Ane Kristine. Mons fekk handelsbrev i 1893, og ein del av handelsverksemda var bakeriet i kjellaretasjen. Ein av bakarane var Kornelius Andersen, som seinare byrja eige bakeri lenger nede i Rådhusgata. Det vart nedgangstider i bygda etter at verksemda i sinkgruvene tok slutt, og det er truleg forklaringa på at Mons Hærem la ned handelen og utvandra til Amerika, medan kona, Ane Kristine, vart verande heime saman med sønene Johan, Toralf, Erling og dottera Helene.

Truleg var det ingen som heldt fram med handelen i huset etter at Mons forlet bygda. Korleis kunne då Ane Kristine og barna greia å livberga seg? Ei viktig og sikker inntektskjelde for henne var det nye kommunikasjonsmiddelet: telefonen. Den fyrste telefonstasjonen i Sauda vart oppretta på Ytre Molla i 1909. Men det seier seg sjølv at det var sers tungvint å måtta ro til Molla kvar gong ein skulle telefonera! Eit år seinare vart det strekt ei line inn til Øyra, og Ane Kristine Hærem vart tilsett som stasjonshaldar på Øyra med ei godtgjersle på 60 kr i året.

Solbakken er det lyse bygget i venstre biletkant, med eit skilt over inngangsdøra.

Kvar telefonstasjonen heldt til dei fyrste åra på Øyra, veit me ikkje. Men heradsstyret, dei to industriselskapa – A/S Saudefaldene og E.F.P. – og dessutan lokale kjøpmenn fann tilhøva på stasjonen så utilfredsstillande at dei kravde at telefon- og telegrafvesenet måtte gå inn for å skaffa eit meir romsleg lokale for teletenestene. Resultatet av klagesongen vart at telegrafstyret godtok eit tilbod frå Ane Kristine Hærem om leige av husvære i andre høgda i hennar eige hus. (Me skyt her inn at då mannen hennar kom attende frå Amerika, var han sjuk. Han døydde i 1913). Me har diverre ikkje funne ut kor mykje telegrafverket betalte i leige. Men forutan å få ein påliteleg betalar som leigetakar og dessutan å møtta ei fast løn som stasjonsstyrar hadde Ane Kristine etter måten ei god inntekt.

Såleis bar det altså til at huset «Solbakken» i ein 10-årsperiode – frå 1920 til 1930 – tente både som telegraf- og telefonstasjon. Den som sat ved morsetelegrafen frå slutten av 1920-åra, var frk. Gloppestad. Stasjonen hadde lokale i andre høgda, og trappeoppgangen var i den tida direkte frå gata. Dette var i dei åra då telefonen var i sin barndom og så langt frå å vera blitt allemannseige. Derfor var trafikken opp til andre høgda i huset stor, og heile dagen kom og gjekk det folk som hadde bruk for å ringja eller få ekspedert telegram.

Korleis gjekk det med handelsverksemda i huset? Den nesteldste sonen, Toralf, var den i familien som bles nytt liv i den verksemda som var blitt driven tidlegare. Han dreiv både som bakar og kjøpmann. Han gjekk i bakarlære i Stavanger under den fyrste verdskrigen, og før han tok til med handelen i Rådhusgata, var han eitt år på anleggsarbeid ved A/S Saudefaldene. Toralf baka både brød og kaker som vart selde over disk i butikklokalet saman med andre kolonialvarer. Dessutan køyrde han til faste tider bakarbilen til utkantane av bygda der folk møtte opp og kjøpte bakarvarer.

Då Toralf byrja som bakar og kjøpmann i 1918, fann han eit behov for å utvida mot sør. Dette gav plass for eit nytt forretningslokale som seinare vart leigd av broren, Erling, som handla med manufakturvarer her i tidsrommet 1927-30. Etter at den sistnemnde flytte til sitt eige nye murhus ved Rådhusplassen, overtok Ane Kristine lokalet, der ho saman med svigerdottera Helene, handla med steintøy og glasvarer. Ane Kristine døyr i 1951, og Helene dreiv handelen vidare i 1955. Eit av barnebarna til Ane Kristine, Eli Hærem, heldt fram med steintøy- og glasvarehandelen saman med mannen Alf Johansson til 1977.

Då Toralf Hærem slutta med handelsverksemda i Rådhusgata i 1940-åra, vart butikklokalet brukt til så mangt. Me nemner at bakar Danielsen brukte bakeriet og utsalslokalet i slutten av 40- og byrjinga av 50-åra. Vidare dreiv Marie Strøm delikatessehandel her nokre år. Seinare var det frisørsalong i det same lokalet. Haugesunds Avis leigde i fleire år heile den fyrste høgda. Foreininga «Nei til atomvåpen» hadde tilhald her ei stutt tid. Me tek også med at byggjefirmaet Block Watne hadde filialkontor i fyrste høgda eit par år. Seinare var det Sauda Husflidslag som leigde fyrste høgda, og folk som kom framom, kunne sjå vakre gjenstandar i utstillingsvindaugo.

Kjelde: Tre gater på Øyra


Utsnitt frå Norges bebyggelse

Bygningane på Øyra

Les om dei andre bygningane på Øyra ved å klikka på knappen under.