Skulegata 4
gnr 28 / bnr 235 |
Byggjeår: 1968-70 |
Bruk: Post, likningskontor, undervisning, tannlege, forsikringskontor, klesforretning |
Sauda Kjøpmannslag vart skipa 26. november 1928. På dette første møtet var det 21 som melde seg inn. Men kort tid etterpå kom det fleire til, så talet på medlemmer var 28 frå starten av. Første formann var Kornelius Aabø. I 1962 fekk laget eit nytt namn – Sauda Handelsforening.
Foreninga hadde lenge tumla med planar om å rå sitt eige hus då det i 1967 kom eit tilbod om ei tomt i sentrum. Foreninga nølte med å slå til. Å reisa eit bygg som var «verdig» denne tomta, var kanskje meir enn foreninga kunne klara. Løysinga vart å slå Handelsforeningen og Håndverkerforeningen saman til ein hovudforening, Sauda Handel, Håndverk- og Industriforening. Håndverkerforeningen selde då det vesle huset sitt ved Fløgstadvegen til Sauda Kommune, og begge laga gjekk inn med ein pengesum. Det vart sett ned ein byggekomite. Med i komiteen var Leif Lindland, formann, Hallvard Bakka, Oskar Johnsen og Gudmund Aardal.

Det var arkitektfirmaet Tryti og Lekven, Bergen, som teikna bygget. Brødr. Janson hadde grunn- og betongarbeidet, murmeister Gudmund Aardal murarbeidet og byggmeister Ingvald Botnen tømmerarbeidet. Elles var desse saudafirma inne i bildet: Sauda Elektriske Forretning, Sauda Rør, Molla Snikkarverkstad J. M. Johnsen. Gudmund Aardal var byggeleiar. I desember 1969 var «HH-bygget» kome under tak. Innflyttinga fann stad utover våren 1970.
Postverket hadde tinga seg plass og var ein viktig leigetakar. Det fekk lokale i 1. etasje og i underetasjen. Frå 1930 hadde Posten halde til i huset til Inge Sand. I «HH-bygget» fekk dei eit stort ekspedisjonslokale, bod- og pakkningsrom, arkivrom, blankettrom og spiserom med kjøken. Her kom Posten til å vera til 1. februar 1999.
Det var rom også for andre leigetakarar i det store bygget. Likningskontoret heldt til i «HH-bygget» til 1993. Handelsskulen ved Sauda Vidaregåande Skule var leigetakar til 1989. Tannlege Kristian Lie-Nilsen har i mange år hatt sin arbeidsplass i huset, først i andre etasje og nå i tredje. Storebrand har halde til der sidan 1977, og Plus-Salg Sauda A/S frå 1994. Sauda Radio var også å finna i huset i nokre år, og forretninga Kurant A/S, dame- og barnekonfeksjon, flytta sommeren 1999 inn der posten hadde flytta ut. «HH-bygget» står på ein svært sentral stad i bybildet. Det har ikkje vore vanskar med å få leige ut lokala. Handel- og Håndverkerforeningen har tatt til takke med eit større møterom i kjellaren.
Kjelde: Tre gater på Øyra

Bygningane på Øyra
Les om dei andre bygningane på Øyra ved å klikka på knappen under.