Rådhusgata 4
gnr 32 / bnr 45 |
Byggjeår: 1880-åra |
Bruk: Landhandel, gjestgiveri, bakeri, lager |

I dag er denne eigedomen eit reint bustadhus. Men opphaveleg var huset ein kombinasjon av bustadhus og eit butikklokale og i tillegg, vegg i vegg med hovudhuset, stod uthuset som inneheldt både bakeri og mjøllager. Ein overbygd altan batt hovudhuset saman med bakeriet og lageret. Den som oppførte dette huskomplekset, kom frå Sand. Han heitte Hans Christian Nielsen, og før han slo seg ned i Sauda i 1880-åra, dreiv han bakeri og forretning på Sand. Det er nærliggjande å tru at det som lokka han til denne bygda, var gruvedrifta i Allmannajuvet. Aukande folketal i Sauda skapte veksande etterspørsel etter matvarer av alle slag. Han kjøpte tomt nær kaien. Det er usikkert kor stor denne byggjegrunnen var den gongen, truleg var arealet mindre enn det eigedomen har i dag. For det ser ut til at tomta vart utvida etter at Kornelius Andersen overtok eigedomen. Sjølve bustadhuset er også påbygt seinare. Det er interessant å konstatera at verksemda i Allmannajuvet sette fart i forretningslivet i bygda. Hans Christian Nielsen hadde utan tvil ei travel tid i bakeriet, og både kona Margrethe og fleire av dei ni barna hjelpte til både i bakeriet og med salet over disk i det vesle utsalet i fyrste høgda i bustadhuset. Bakar Nielsen hadde sikre leveransar til gruvesamfunnet, og den av borna som oftast var med i varetransporten var dottera Ingeborg. På vegen opp til gruvene fekk ho som regel skyss med ei tom hestekjerre som hadde vore i Søndenåhamn med eit malmlass. Men heimover måtte ho traska vegen til fots, ei dryg strekning for ei ung jente.
Men den travle gruvetida varde ikkje evig. I slutten av 90-åra vert aktiviteten mindre, og før hundreåret er omme, er verksemda i sinkgruvene nedlagt. Det hadde alvorlege fylgjer for handelslivet. Etterspørselen etter varer minka i takt med talet på alle som reiste frå bygda. Dessutan synte det seg at fleire av dei som reiste or bygda, ikkje var pålitelege betalarar. Mange forsvann før dei hadde gjort opp for seg hjå handelsmennene.
Nedgangstida førte til at Hans Christian Nielsen og huslyden la ned verksemda her og reiste attende til Sand. Den som då overtok eigedomen ved kaien, var ein saudabu, Torbjørn Fiveland. Han var ikkje bakar sjølv, men leigde folk som stod for bakinga, og bakarvarene vart selde over disk i det vesle butikklokalet. Truleg har det ikkje vore noko lønsamt føretak, for etter to-tre år kjem eigedomen på nye hender. Han som kjøpte både hus og bakeri var Kornelius Andersen. Han kom opphaveleg frå Skudeneshavn, var utdanna bakar, og før han slo seg ned i Sauda, hadde han arbeidd i eit bakeri i Hjelmeland. Her i Sauda gifte han seg med Jorina Hølland, ei sers arbeidsam kvinne som vart ein krumtapp både i heimen og i bakarverksemda. Dei fekk fem barn, tre jenter og to gutar som seinare tok etternamnet Aano.

Kornelius Andersen fekk oppleva den travle anleggstida som byrja om lag 1915, etter at A/S Saudefaldene og EFP hadde etablert seg i bygda. Tilreisande frå alle delar av landet strøymde til Sauda, og skorten av husrom var stor. Etter at bustadhuset vart påbygt i 1913, var det så romsleg i heimen til Jorina og Kornelius at dei leigde ut rom til folk som fekk arbeid: ingeniørar, funksjonærar og arbeidarar. Stundom fylgde det uro med leigetakarane dersom dei ikkje meistra alkoholkonsumet. Men som oftast var ei åtvaring tilstrekkeleg til å «temja» dei.
Konkurransen mellom bakarane i Sauda var skarp, og det synte seg etter kvart at det var ei ulempe å ha brødutsalet i utkanten av sentrum. «Me må ha utsalet der folk ferdast», sa Jorina. Kornelius fylgde rådet og leigde lokale hjå Ole Seim ved Rådhusplassen. Det synte straks att på auke i omsetnaden. Neste steg var at bakar Andersen kjøpte det eine av dei husa som hadde tilhøyrd Marta Tvedten Kolbeinshaug (seinare Øyra Bakeri). Andersen opna utsal her i 1938. Krumtappen i utsalet var i mange år dottera Malene (Bokn).
Då Arne Aano overtok huset, la han ned det gamle bakeriet nær kaien og bygde nytt bak huset ved Rådhusplassen. Alt tidlegare hadde han avvikla brødutsalet i huset ved sida av Grand Hotell.
Etter at det gamle brødutsalet vart lagt ned, vart lokalet leigt ut til andre. Me nemner at Betty Knutsen heldt til her med forretninga si før ho fekk lokale meir sentralt. Handelsmann Magnar Brendemo brukte lokalet som lager i mange år. Seinare igjen leigde ein privatmann det gamle utsalet og brukte det som lagerplass for møblar.
Då Malene og Ingebrigt Bokn overtok eigedomen, bygde dei det gamle bakeriet og lageret inn i bustadhuset. Dermed forsvann det gamle bakeriet. I ettertid må ein seia seg lei for at det vart borte. Det hadde så avgjort vore ei kulturell vinning dersom det hadde blitt verna om og halde ved like.
Kjelde: Tre gater på Øyra


Bygningane på Øyra
Les om dei andre bygningane på Øyra ved å klikka på knappen under.