Torgvang

Brugata 21

gnr 28 / bnr 157, 243
Byggjeår: 1930
Bruk: Manufaktur, bank, fargehandel, kontor, lege, tannlege
Torgvang er det største av trehusa på biletet.

Denne sentrale tomta ved Rådhusplassen vart skild ut frå gardsbruket til Anders Fløgstad, gardsbruk nr. 5. Det kombinerte forretnings- og bustadhuset vart bygt for Sigurd Fløstad i 1930. Dersom me fylgjer endringane som er gjort på huset etter den tid, tek me med at det vart forlenga heilt mot veggen til bygget til Den norske bank i 1967, samstundes som det fekk eit tilbygg mot bakgarden. Endringar av fasaden vart gjort i 1968 og 1985. Garasjen som vart sett opp i bakgarden, vart delt med Finstad gartneri. Ein del av garasjebygget har den nåverande eigaren, Øyvind Bakke, innreidd til kontor/hybelbustad.

I dette huset har det vore mykje variert verksemd sidan det vart bygt. Allereie hausten 1930 opna det kjende varemagasinet i Haugesund M. Rabinowitz ein filial i dette huset, der det vart seld skotøy og moteklede. Eldre saudabuar hugsar at ein gong det var flaum i Fløgstadbekken, rann det inn vatn i kjellaren og skada varene som var lagra der. Den gongen måtte Rabinowitz selja skotøy på billigsal! Etter at firmaet avvikla filialen i Sauda seinare på trettitalet, opna haugesundaren E. Jacobsen manufakturforretning i det same lokalet. Det var berre stutt tid at Jacobsen heldt til her. Eit par år før krigen flytte Sauda Kreditbank fra huset til Eik-Nes og vart leigetakar i fyrste høgda hjå Sigurd Fløgstad. Det var naudsynt med noko ominnreiing før banken kunne ta i bruk fyrste høgda. Kredittbanken hadde verksemda si her heilt fram til 1967. Etter at banken flytte ut, var her i stutt tid eit gatekjøken. Det vart reint dramatisk då det ein gong braut ut brann i kjøkenet. Til all lukke vart brannen sløkt for det vart gjort alvorleg skade. Den som seinare overtok det utvida forretningslokalet, var Sauda Fargehandel som tilhøyrde saudabuen Jostein Aartun. Fargehandelen var leigetakar her til firmaet flytte til nybygget nede i Rådhusgata i 1985.

Slik såg huset ut medan Sauda Kreditbank heldt til i første etasjen.
Utsnitt av flyfoto. Torgvang lengst fram i biletet, med inngangsdør mellom to store varevindauge.

Sauda kommune var på leit etter meir kontorareal, og i dette huset delte kulturetaten og avdelinga for heimesjukeomsorga fyrste høgda. Dei vart verande her frå 1985 til 1994. Tannlækjar Siri Lund opna privat praksis i huset i 1996. Men ho leiger berre om lag halve arealet av fyrste høgda. Mange saudabuar hugsar med glede og takksemd lækjar Jon E. Johnson. Han hadde kontor i andre høgda i dette huset. Han vart rekna for ein venleg og dugande lækjar. Han var bror til den kjende «onkel» Lauritz i barnetimen. Medan Johnson var i Sauda, arbeidde han ivrig for å få i stand eit folkebad. Det vart faktisk opna eit slikt bad på Fløgstad skule i 1932, men då drifta ikkje var lønsam, fekk det ei stutt levetid. I radioprogrammet «Middagsstunden» fortalde dr. Johnson for nokre år sidan om opphaldet i Sauda på trettitalet. Han kom då serleg inn på den vonlause kampen lækjarane i bygda forte mot den uhyggelege lungebrannsepidemien som kravde så mange dødsfall.

Av verksemder elles innanfor denne eigedomen, tek me med at det har vore skomakarverkstad i garasjebygget.

Den nåverande eigaren, Øyvind Bakke, kjøpte eigedomen i 1989.

Kjelde: Tre gater på Øyra


Utsnitt frå Norges bebyggelse

Bygningane på Øyra

Les om dei andre bygningane på Øyra ved å klikka på knappen under.