Triangelbygget

Skulegata 6-8

gnr 28 / bnr 273
Byggjeår: 1970-71
Bruk: konditori, gullsmed, elektrisk forretning, frisør, kontor, optikar, klesforretning
Triangeltomta midt i biletet før bygget kom opp i 1970/71.

Det var gullsmed Nils Espeland, Sauda Elektriske Forretning v. Hallvard Bakka og tannlege Arne Aabø som gjekk saman om å skipa A/S Triangelbygg i 1969. Frå starten og til 1989 var det eit aksjeselskap. I 1989 vart bygget seksjonert slik at kvar åtte ein viss del av bygget.

Grunnen kjøpte dei av Odd Kyvik, Haugesund, og hausten 1969 engasjerte dei arkitektfirmaet Tryti & Leknes, Bergen. Byggeleiar var murmeister Gudmund Aardal. Det var Brødrene Janson som utførte grunn- og betongarbeidet. Chr. Sørensen A/S v. G. Aardal hadde mur- og pussarbeid. Elles var desse saudafirma med på arbeidet: J.M. Johnsen & Sønn, Sauda Elektriske Forretning, H. Øgreid & Sønner, Molla Snikkarverkstad og Sauda Monteringslag.

Den offiselle opninga av bygningen fann stad 5. april 1971. Ved opninga hadde seks verksemder fått plass i bygget: Narvesen, Brynes Konditori, Nils Espeland, Sampson Sko, Sauda Elekriske Forretningen og Arne Aabø sitt tannlegekontor. Ved seksjoneringa i 1989 vart lokala til Narvesen og Brynes Konditori – Arne Aabø sin eigedom. Nils Espeland overtok eige forretningslokale og Sampson Sko sitt lokale, og Hallvard Bakka lokala til Sauda Elektriske Forretning.

Oppslag i avisa Ryfylke 2. april 1971 – i samband med opninga av Triangelbygget. Avisa skriv: «Vi tør påstå at denne forretningen er med dei største og flottaste i sin bransje mellom Stavanger og Bergen, og vareutvalet er sameleis på høgd med det beste.»

Kjelde: Tre gater på Øyra


Bygningane på Øyra

Les om dei andre bygningane på Øyra ved å klikka på knappen under.