Vegheim

Rådhusgata 27

gnr 28 / bnr 216
Byggjeår: 1929
Bruk: Jernvarehandel, systove, kafé, kolonial, manufaktur- og skotøyutsal

Grunnen dette huset står på, tilhøyrde opphavleg garden til Daniel Fløgstad som åtte ein stor del av det sentrale øyra. For huset «Vegheim» vart bygt, lag det fyrste postkontoret i Indrebygda på denne tomta. Styraren av poståpneriet, Ragnhild Tvedten, som var gift rned lærar og kyrkjesongar Hans Tvedten, bygsla grunnen posthuset stod på. Dette huset vart seinare rive og flytt til Birkeland.

Her er ennå ikkje Vegheim bygt. Frå venstre ser me Kolbenshaug, så Heimkjær (seinare Øyra Bakeri). Det står eit anna bygg på tomta der Vegheim nå står. Foto: Mittet/Nasjonalbiblioteket.

I 1915 kjøpte dottera Martha ei stor tomt hjå Daniel Fløgstad, der ho etter kvart sette opp to store, kombinerte forretnings- og bustadhus. Fyrste huset var der Øyra bakeri seinare heldt til, og det andre huset, «Vegheim», stod ferdig i 1929.

Det sistnemnde huset inneheldt i fyrste høgda to forretningslokale. Lokalet mot nord var det minste. Her var det at Ole Halvorsen byrja sin jernvarehandel for han flytte opp i lokalet ved sida av Fløgstad gartneri lenger oppe i Rådhusgata. Den som seinare leigde lokalet nokre år, var firmaet Norsk Ull i Stavanger. Forretninga i Sauda var filial under stavangerfirmaet, og filialstyrar var Alf Selvig. Dei vareslaga forretninga selde, var for det meste garnvarer og sengeklede. Til å hjelpa seg i filialen tilsette Selvig unge saudadamer, mellom andre Valhorg Moe (Esperås) og Ruth Hammer (Wahl). Selvig heldt til her mot slutten av trettiåra, då han flytte inn i det eine forretningslokalet i huset til Knut Teig som dreiv kafé «Torgheim».

Det andre forretningslokalet i huset «Vegheim» — mot sør — var det største. Her hadde Martha Tvedten manufakturforretning der ho spesialiserte seg i hattar og moteklede. Bustaden i andre og hyblane i tredje høgda disponerte ho sjølv. Av di buarealet var så stort, leigde ho bort nokre rom til einslege kvinner og menn. I tillegg til å vera forretningsdame var Martha organist i kyrkja i ei årrekkje. Lenge var ho ugift, men på sine eldre dagar gifte ho seg med ølensbuen skreddar Haldor Kolbeinshaug som overlevde Martha og såleis vart sitjande att med eigedomen.

Den som overtok forretninga etter Martha Tvedten Kolbeinshaug, var Marie Hystad frå Stord. Ho utvida forretningsdrifta med å innreia ei systove i bakrommet i fyrste høgda. Her sydde ho kjolar og barneklede. Som hjelp i verksemda hadde ho syster si Anna og dessutan Gudrun Pedersen (Tvedten), også ho frå Stord. Etter stutt tid vart diverre Marie Hystad alvorleg sjuk og døydde. Ho vart etterfylgd av av Kaia Kaldestad frå Sunde i Sunnhordland. Som medhjelpar hadde ho Johanne Hamre (Sand) frå Ølen.

Vegheim er huset i midten på biletet. Truleg tatt kort tid etter huset stod ferdig.

I 1939 selde Haldor Kolbeinshaug eigedomen til Alfred Vetti, som i nokre år hadde leigd forretningslokale hjå Eli Fauske, seinare Elling og Dina Kjellevold, ved Rådhusplassen. Alfred Vetti gjorde sjølv bruk av begge lokala i fyrste høgda. I det nordre hadde han kolonialhandel, i det søndre manufaktur- og skotøyutsal. Andre høgda vart leigd bort til kaféen «Rogalandsstova» som vart driven av Gunhild Sælen som brukte hyblane i tredje høgda for kafepersonalet. Kaféen heldt til i huset til hausten 1946, då huslyden Vetti flytte inn i andre høgda. I tredje høgda budde Ludvig Vetti og Ingvald Øren, dessutan vart eit par hyblar leigde bort til utanbygds skuleungdomar.

Frå andre halvdel av 50-åra har huset — med nokre års mellomrom — gjennomgått til dels store endringar bade med omsyn til innreiing og ombygging. På grunn av aukande handel fann Alfred Vetti det naudsynt å setja opp eit tilbygg på baksida av huset. Dette gav plass til lager, garasje og kontor. I 1961 vart andre høgda bygt om slik at det vart to bustader, der Barbro Johanne Vetti (Haug) og Eilif Haug budde nokre år. I den andre budde Ragna og Torgeir Vetti. I tredje høgda vart det innreidd eit husvære for Ludvig Vetti og Ingvald Øren.

Etter at Alfred Vetti gjekk bort i 1960, var det kona Ragna som sat att som eigar av eigedomen, medan Ludvig Vetti og Ingvald Øren overtok forretninga. Dei stod for drifta fram til 1976, då Ingvald Bergsbakk og Jan Øvrebø vart dei nye eigarane. I 1977 la dei ned avdelinga for manufaktur og skotøy og innreidde heile fyrste høgda som kolonialforretning.

Då Ragna Vetti døydde i 1980, var det Torgeir Vetti som overtok eigedomen. Han åtte huset fram til vinteren 1987 då han selde eigedomen til Ingvald Bergsbakk og Jan Øvrebø som dreiv forretninga under firmanamnet » Ø.B.-mat «. Om lag midt i 80-åra gjorde dei forretninga om til ein supermarknad, i det dei let tilbygget bak med lager og kontor gå inn i forretninga, medan garasjen vart brukt som lager. Men i våre dagar har sjølv ein supermarknad ein tendens til å leggja på seg. Fyrste høgda hadde ikkje areal nok til å ekspandera. Jan Øvrebø tok konsekvensen av det då han i 1993 leigde seg inn i ein nedlagd bilverkstad langs Saudasjøvegen, der han dreiv handel med stor kundekrins. Den som dermed sat att som eigar av huset «Vegheim» i Rådhusgata, var Ingvald Bergshakk som innreidde fyrste høgda til eit moderne klessenter. Han leigde bort bustadene i andre og tredje høgda.

Kjelde: Tre gater på Øyra


Utsnitt frå Norges bebyggelse

Bygningane på Øyra

Les om dei andre bygningane på Øyra ved å klikka på knappen under.