Vonheim

Brugata 16

gnr 28 / bnr 113
Byggjeår: 1928 (første bygget), ca 1976 (noverande bygg)
Bruk: Musikkhandel, kolonial, skoforretning, fruktforretning, hatteforretning, manufaktur, elektrisk forretning, verkstad, kolonial

Byggherre var Hans Sand. Han søkte i april 1928 om byggeløyve for ein trebygning med 3×9 tommars plank i ytterveggene og to butikklokale i første etasje og husvære i 2. etasje.

Hanna Simonsen frå Skudenes var den første som byrja handel i den største butikken. Det var ny kraftutbygging i fjellet og gode tider i Sauda, så Hanna Simonsen gjorde det godt med musikkhandelen sin. Ho vart seinare litt av en «kjendis», for å nytta eit moderne uttrykk. Ho hadde forretning i New York, selde norske varer i Brooklyn, der alle kjende «Tante Hanna». På sine eldre dagar budde ho i Sandnes.

Hanna Simonsen

Ho blei ei godt etablert forretningskvinne på Eight Avenue i Brooklyn, New York. Ho vart generalagent for norske helsesko, fiskehermetikk, garn og ei rekkje andre ting.

Utover på 1930-takt vart det til dels vanskelege år i Sauda, også for forretningslivet, skulle ein tru. Men folk må ha vore optimistiske. Mange prøvde seg med butikk i dei to lokala. Torstein Aarthun t.d. starta kolonialhandel, og var der eit par år før han i 1935 flytta over gata til sitt eige hus. Harald Olsen frå Stavanger var gift med ei saudajente, Amanda (Ada) Østrem. Han opna skoforretning. Faren, Ommund Olsen, hadde skoforretning i Nygata i Stavanger. Etter at han reiste frå Sauda, truleg i 1937, dreiv Harald skoagentur i Stavanger ei tid før han overtok faren sin forretning. I februar 1936 leigde Anna Cecilie Birkeland det minste lokalet. «Favorit», var namnet ho gav fruktforretninga. Ho hadde tatt eksamen ved Augestad og Granner sin handelsskule i Sauda, som var ein kveldsskule. Ho heldt det gåande til mai 1938. Det vart inga karriere i forretningslivet. For Anna vart det ein ny start. Ho reiste til Oslo, der ho tok sjukepleiarutdanning med vidareutdanning bade som jordmor og operasjonssjukepleiar. I seinare tid dreiv ho mest med undervisning på Ullevål Sjukehus, der ho heile tida hadde sitt arbeid.

Vonheim er hus nr 2 frå venstre. Foto: Asle Leidland

Elles var det hatteforretning der ei kort tid. Det var ei dame frå Odda – med etternamn Herfingdal – som dreiv butikken. Ho hadde sett eit passande namn på han, «Hatten» kort og godt. I bakrommet sat Hanna Bergeland og sydde.

Så vart det krig og okkupasjon og lite varer, men stor aktivitet ved Nordag-anlegget i Saudasjøen. Butikklokala vart til dels nytta som kontor. Firmaet Ditlev Lexow, som hadde mange mann i arbeid på Nordag-anlegget, nytta det største lokalet til kontor ei tid. I det andre rommet arbeidde Cecilie Tomseth (gift Nilsen) med strikkemaskinen.

Etter krigen vart det manufakturforretning i det eine lokalet og elektrisk forretning i det andre. Walla Henriksen heldt til i «Vonheim» til 1952 då ho flytta til Nørgaard-huset. Etter ho var flytta ut, vart dei to lokale skitt saman, og det vart elektrisk forretning der i lang tid.

Denne notisen stod på trykk i Ryfylke 3. august 1977.

Det byrja med at autorisert installatør Gudmund Botnen og Nils Hammersmark leigde garasjen til Hans Sand i 1945 for a nytta han som lager. Noko seinare leigde dei det ein butikklokalet og i tillegg halve kjellaren, som dei nytta til verkstad. Botnen og Hammersmark A/S selde elektriske artiklar og dreiv elles med installasjon på nybygg og reparasjon. Firmaet vart registrert hausten 1946. I 1952 reiste Nils Hammersmark til Amerika og vart verande der. Firmaet heldt fram som «Botnen Elektriske», og heldt heile tida til i Sand sitt hus. Seinare vart det gjort om til aksjeselskap ved at dei tilsette overtok aksjar. Men i 1976, etter 30 år, var det slutt. Gudmund byrja då i det kommunale elektrisitetsverket, samstundes som «Vonheim» vart kjøpt av Ole Skorpe og seinare rive for å gi plass til eit nybygg.

Men «Botnen Elektriske» heldt fram i Mogata. Elektrikar Toralf Botnen, yngre bror til Gudmund, som lenge hadde arbeidd i firmaet, kjøpte Jon Aartun sin fiskebutikk og dreiv vidare i elektrikarbransjen.

Kjelde: Tre gater på Øyra


Utsnitt frå Norges bebyggelse

Bygningane på Øyra

Les om dei andre bygningane på Øyra ved å klikka på knappen under.