Vonheim

Rådhusgata 28

gnr 28 / bnr 106
Byggjeår: ca 1927
Bruk: Møbelforretning, systove, kontor, elektrisk forretning

Johannes Larsson Vandvik, f. 1886, var bondeson frå Ytre Vanvik i Hylsfjorden. Men då han hadde eldre brør, kom det ikkje på tale for han å overta garden heime. Johannes valde snikkaryrket, og i en alder av 37 år vart han også handelsmann. Han starta «J. L. Vandvik, Snekker og Møbelforretning» i 1923. Og etter nokre ar kjøpte han eigedomen «Vonheim» i Rådhusgata, der han bygde eit kombinert bustad- og forretningshus i 1927. I første etasje, i forretningsdelen, fekk han god plass for alt det verksemda omfatta. Det var i første rekke møblar, men også tapet, golvbelegg og møbelstoff. Ein møbeltapetserer arbeidde hjå han ei tid. I andre etasje var det frå først av to husvære og eit kontor. Sakførar Rasmus Rasmussen leigde det, og likeins Magnus Gramstad. Sigrid Våge Håheim hadde systove i 2. etasje ei tid. I forretningsdelen var det også eit lokale til utleige, og det leigde Sauda Elektriske Forretning, ved Martin Bakka, i heile 30 år.

Utsnitt av husrekka i Rådhusgata, Vonheim i midten.

Firmaet «Bakka og Ringhagen» var blitt etablert i mars 1919, eit svært gunstig tidspunkt å starta ei elektrisk forretning. I mars 1917 var det blitt vald ei elektrisitetsnemnd for kommunen. Arbeidet med forsyningsnettet på Øyra og Fløgstad var kome så langt hausten 1919 at dei kunne setja straumen på i desember. Det var om kvelden den 19. desember at det kom ljos i dei første husa på Øyra. Så ein må tru at det var ikkje mangel på arbeid for Martin Bakka og Paul Ringhagen. Sistnemnde gjekk forresten ut av firmaet i 1922. Han byrja i staden på smelteverket. Bakka dreiv vidare åleine under firmanamnet «Sauda Elektriske Forretning».

Martin Bakka hadde læretida si i Elektrisk Bureau i Stavanger 1914-1917. Medan han ennå var der, kom det en streng beskjed til Elektrisk Bureau frå direktør Sigurd Kloumann i Sauda at dei måtte sende inn to mann med ein gong fordi ljoset var gått i huset hans. Elektrisk Bureau sende to mann «med ein gong», d.v.s. med første båt. Dei to reparatørane skifte ei sikring i Kloumannsvillaen, og dermed var det atter ljos hjå den mektige direktøren i kraftselskapet A/S Saudefaldene. Om det var mangel på kunnskap eller andre årsaker som hindra ingeniøren i å retta på feilen sjølv, det teier soga om. Men elektrisitet var noko folk flest hadde problem med. Fleire som hadde fått innlagt straum, som dei visste var basert på vasskraft,

Kjelde: Tre gater på Øyra


Utsnitt frå Norges bebyggelse

Bygningane på Øyra

Les om dei andre bygningane på Øyra ved å klikka på knappen under.