Luke 6

Årets julekalender frå sogelaget er utvalde bilete med motiv frå Sauda. Bileta er frå samlinga til forlaget Mittet & Co, og digitalisert og publisert av Nasjonalbiblioteket.

Dagens bilete

Dagens bilete viser Åbøbyen, og er tatt i 1926. Husa som står på rekke ligg i Parkveien, og litt lenger bak og til høgre ser me nokre av husa i Kongsveien. Parkveien 62-64 er frå 1925 (det store kvite huset me ser fremst i Parkveien). Dei to husa i krysset Parkveien – Haakonsgaten er bygd i 1927 og 1928 – dei er ikke påbyrja på dette bildet. Lengst til venstre kan me skimta Sneaths park.

Klikk på biletet for å sjå det i større format.

Skriv gjerne ein kommentar om du har fleire opplysningar om biletet!

Luke 5

Årets julekalender frå sogelaget er utvalde bilete med motiv frå Sauda. Bileta er frå samlinga til forlaget Mittet & Co, og digitalisert og publisert av Nasjonalbiblioteket.

Dagens bilete

Dagens bilete viser Rabbe sitt pensjonat i Saudasjøen før Nordaganlegget kom.

Klikk på biletet for å sjå det i større format.

Skriv gjerne ein kommentar om du har fleire opplysningar om biletet!

Luke 4

Årets julekalender frå sogelaget er utvalde bilete med motiv frå Sauda. Bileta er frå samlinga til forlaget Mittet & Co, og digitalisert og publisert av Nasjonalbiblioteket.

Dagens bilete

Dagens bilete viser Brekke (fremst i biletet) og Åbøbyen. Biletet er tatt i 1926, truleg tidleg på sommaren. Arbeidet med Fløgstad skule er i gong. Skulen blei tatt i bruk over nyttår i 1927. Sauda sjukehus er den store murbygningen i høgre del av biletet.

Klikk på biletet for å sjå det i større format.

Skriv gjerne ein kommentar om du har fleire opplysningar om biletet!

Luke 3

Årets julekalender frå sogelaget er utvalde bilete med motiv frå Sauda. Bileta er frå samlinga til forlaget Mittet & Co, og digitalisert og publisert av Nasjonalbiblioteket.

Dagens bilete

Dagens bilete viser indre del av Saudafjorden, og er truleg tatt ein gong mellom 1920 og 1930. Fremst og til høgre i biletet ligg Treaskjeret. I venstre biletkant ser me «Øgreidvillaen», Kaldhagen og Fløgstad. Oppe til høgre stig røyken opp frå fabrikken.

Klikk på biletet for å sjå det i større format.

Skriv gjerne ein kommentar om du har fleire opplysningar om biletet!

Luke 2

Årets julekalender frå sogelaget er utvalde bilete med motiv frå Sauda. Bileta er frå samlinga til forlaget Mittet & Co, og digitalisert og publisert av Nasjonalbiblioteket.

Dagens bilete

Dagens bilete viser Øyra (fotografert frå Kaldhagen/Fløgstad), og er truleg tatt ein gong mellom 1920 og 1930. Fremst og til høgre i biletet ser me lensmannsgarden. I bakgrunnen ligg Åbøbyen.