Rogaland historielag er i år arrangør av Landsmøtet til Landslaget for Lokalhistorie i Stavanger i slutten av mai. I den samanheng har Landslaget sitt magasin gitt ut eit nummer dedikert til landsmøtet, Stavanger og Rogaland. Dette kan være interessant lesnad også for medlemmene i sogelaget.
Utvandrarar frå Sauda til USA før 1920
Reiste ein eller fleire av forfedrene dine til Amerika på slutten av 1800-talet/byrjinga av 1900-talet? Sogelaget har nå publisert ei liste over folk som utvandra frå Sauda før 1920.
Lista viser saudabuane som reiste til Amerika før 1920. Dei fleste av dagens saudabuar har slektningar som drog over Atlanteren, derfor er det fint om så mange som mogeleg kontrollerer at namna på slektningane deira er komne med på lista, og at dei opplysningane som står der, er rette.
Om utvandringa frå Sauda til Amerika i sogelaget
I år er det 200 år sidan sluppen Restauration la ut frå kaien i Stavanger med 52 rogalendingar om bord. Dei var dei første som utvandra frå Norge til Amerika. Det er eit jubileum det er vel verd å markere. Så vidt vi veit, skulle det gå 25 år før dei første frå Sauda drog vestover. Frå 1850 og fram mot 1920 forlét over tusen saudabuar gardane kring i kommunen med von om ei betre framtid i Amerika.
Tone Årtun har i mange år interessert seg for Sauda si utvandrarhistorie. Ho har kome fram til namna på dei som drog vestover fram til 1920. Ho veit kva gardar og familiar dei kom frå i heimbygda, når dei var fødd og jamvel når dei døydde. Nokre kom tilbake til heimbygda, helst etter at kraftutbygginga starta kring 1910. Dei veit ho og kven er.
Tone vil gje oss ei innføring i vår lokale utvandrarhistorie med mange interessante opplysningar. Så kan vi by på fleire andre innslag. Eit om amerikabrev, eit om nær familie i USA og eit om amerikanarar som kjem til Sauda for å finne ut av kor forfedrane deira ein gong kom frå.
Naturlegvis blir det også tid til god drøs, sogelagsmat og amerikanskinspirert allsong. Denne gongen blir det berre billettsal på biblioteket eller på saudakultur.no på nettet.
Ver velkomne alle som vil vite meir om utvandringa frå Sauda til Amerika mellom 1850 og 1920.
– Roar Lund
- Tysdag 8. april kl 1900
- Stad: Storesal på Folkets Hus
- Sogelagsmat.
- Entre 150 kr. Førehandssal av billettar berre på saudakultur.no og på biblioteket.
Åpent møte om kulturminner og kulturmiljø i Øyra/sentrum
Sauda sogelag anbefaler alle med interesse for kulturminner og kulturmiljø i Sauda til å møte fram.
Dato: tirsdag 1. april 2025
Tidspunkt: kl. 18.00 – 21.00
Sted: Folkets Hus, Storsalen
Er du opptatt av kulturminner og kulturmiljøet Øyra/sentrum? Hvilke bygninger, landskap eller historier betyr mest for deg? Bli med på kulturhistorisk stedsanalyse!
Sauda kommune vil gjerne ha hjelp fra deg til å kartlegge kulturminner og kulturmiljøet. Vi inviterer derfor til åpent møte der vi sammen kartlegger hva som er viktige kulturminner for folk. Målet er å få fram den lokale kunnskapen og engasjementet som kan bidra til å forme framtidens utvikling av stedet.
Sauda kommune ønsker at så mange som mulig deler sine tanker, minner og opplevelser – kom og fortell oss hva som gjør Øyra spesielt for deg!
Velkommen til Folkets Hus, Store salen, tirsdag 1. april kl. 18!
Program
- Velkommen v/Elin Brekke, enhetsleder, Sauda kommune
- En kort introduksjon om Folkets hus v/Kristian Landro
- Hva er en DIVE analyse og hva skal vi gjøre i kveld v/Multiconsult
- Kulturminner og kulturmiljøet på Øyra v/Roy Høibo
- DIVE-workshop m. kaffe & noko attåt
Om John W. Norheim i sogelaget
Like før krigen kom haugesundaren John W. Norheim til Sauda. Saman med kone og to små jenter kom han køyrande på Dollarvegen i T-Forden sin med handelsbrevet i lomma. Her slo den litle familien seg ned, og her skulle Norheim-namnet feste seg hos saudabuen. Først opna forretningsgründeren Norheim butikk i eit lite innsmett i Seim-huset i Rådhusgata, så flytta han nokre år seinare over til Skulegata og Fløgstad-huset der, før han i 1970 etablerte seg i Rydningenhuset.
I «standardverket» om «Tre gater på Øyra» av Torgeir Vetti og Lars Viland (Årsskrift for Sauda sogelag 1999) heiter det at J. W. Norheim ominnreier heile første etasje i den nye butikken. Dei små lokala vert borte, og i staden vert heile denne høgda eit samanhengande stort lokale. Dermed var det slutt på det omflakkande tilværet innanfor «Øyratriangelet» for Norheim og familiens manufakturutsal.
Så skal vi ikkje røpe meir her om John W. Norheim. For dei som kjem til sogelagsmøtet på Eldresenteret tysdag skal få høyre resten av historia. Den skal Terje Haraldsen fortelje. Han var onkelungen til Norheim og vaks opp i heimen til Norheim og kona saman med dei to døtrene deira. Og hos Norheims manufaktur hadde Terje dei første småjobbane sine.
Så blir det som vanleg på sogelagsmøta tid for venleg drøs både før møtet og i pausen. Og naturlegvis blir det allsong denne gongen også. Alle er hjarteleg velkomne..
– Roar Lund
- Dato: Tysdag 18. mars 2025
- Tidspunkt: kl 19:00
- Stad: Eldresenteret