Tårland i sogelaget

Tysdag 25. februar inviterer Sauda sogelag til årets første sogelagsmøte, denne gongen i Eldresenteret. To tema står på plakaten. Sigfred Tårland vil fortelje om bestefaren Sverre Tårland, og så blir årsmøtet i sogelaget avvikla.

Sverre Tårland var fødd i Stavanger då eit nytt hundreår såg dagsens lys, og meir lys og røyk fekk han sikkert sjå då han kom til Sauda og EFP i 1923. Det var det året varmen vart sett på i smelteomnane på Klubben. Han fekk jobb på smelteverket, stifta familie og blei buande i bygda til han døydde i 1987.  Vi skal ikkje nemne så mykje om Sverre Tårland her, berre ta med at han også jobba som agent her inne i mange år. Var han «hemmeleg agent» då? Om det og mykje anna om bestefaren vil barnebarnet Sigfred røpe tysdag.

Og når Sigfred er vel ferdig med sitt, blir det tid til informasjon om den planlagde medlemsturen 3. til 4. juni til Vestnorsk utvandrarsenter på Radøy. Påmeldingsfristen er kort. Alt 1. mars må vi vete kven som blir med på ferda. Det er meir informasjon å finne på heimesida vår, sauda-sogelag.no

Som vanleg på sogelagsmøta, blir det også denne gongen allsong og sogelagsmat. Og deretter er det tid for årsmøte for medlemmane. Då får vi ei oppsummering av sogelagsåret vi nett har lagt bak oss.  Og så blir planane for  møte og aktivitetar i 2025 presentert.

Årsmøta i sogelaget er til vanleg greitt avvikla. Valkomiteen har gjort jobben, og dei har fått ja frå alle dei har spurd.

Ver velkomne til sogelagsmøte i Eldresenteret.

Roar Lund


  • Dato: Tysdag 25. februar 2025
  • Tidspunkt: kl 19:00
  • Stad: Eldresenteret

Biletet i innlegget er laga av KI.

Medlemstur

I samband med markeringa av 200-års-jubileet for utvandringa til Amerika inviterer sogelaget til medlemstur med Suldalsbussen til Vestnorsk utvandrarsenter på Radøy 3. til 4. juni 2025.

3000 kroner for reise, mat og overnatting på Alver hotell. (400 kroner ekstra for enkeltrom).

Bindande påmelding innan 1. mars.

Det blir informert om turen på sogelagsmøtet 25. februar. Det blir også lagt ut meir informasjon her på nettsida.

Har du splrsmål? Ta kontakt med Roar, tlf 95 03 21 83 eller Aslaug, tlf 94 82 20 22.

Fantastisk fin barnebok – også for vaksne

Anne Elisebeth Skogen er suldøl, og ho er «forteljar». I den uvanleg fine boka «Over havet til Amerika i 1825»,  som ho gav ut saman med biletkunstnaren Nenad Ignjatic tidlegare i haust, presenterer forfattaren seg sjølv slik: «Eg heiter Anne Elisebeth og er forteljar, munnleg forteljar. Når eg fortel, brukar eg sjølvsagt stemma mi, men eg brukar og ansiktet, ikkje minst augo, og iblant heile kroppen». Ho skriv at ho fortel både for barn og vaksne, unge og gamle. I år har ho bestemt seg til å «fortelje skriftleg». Og forteljinga hennar er eit frampeik mot noko som vil skje neste år. Då skal vi markere at det er 200 år sidan sluppen Restauration kasta loss i Stavanger med 52 rogalendingar om bord. Dei ville utvandre til Amerika.

Dei 52 var kvekarar. Dei hadde nekta å innordne seg, dei ville ikkje følgje den norske kyrkja og prestane sine reglar. Passasjerane var religiøse flyktningar. Det er den dramatiske og farefulle ferda frå Stavanger, via England og Madeira og over Dammen til Amerika boka handlar om. Og som hand i hanske passar Nenad sine illustrasjonar til Elisebeth sin tekst. Akvarellane hans fortel, dei og, om reisa mot det ukjende. Om småjenta Marta Helene der ho sit på dekk og tviheld på filledokka si. Om Marta Geilane, som hell sitt nyfødde barn på fanget fødd to dagsreiser frå Bahamas.

Treng saudabuen eit julegåvetips, anbefaler eg «Over havet til i Amerika i 1825», både til dei som kan lese og til dei som enno ikkje kan, men er glad i å bli lese for.

Og på dei tre barneskulane våre burde rektor svinge seg rundt og kjøpe inn klassesett av boka – om ein der enno held seg med klassesett med bøker? Boka er til sals i adventbokhandelen.

– Roar Lund