I byrjinga av førre hundreår reiste saudabuar i flokk og følgje for å grave etter gull i Alaska. Den største flokken hadde røter i Hellandsbygd, men også andre grender i kommunen var godt representerte. Dei reiste via Montana og tok seg derfrå vidare til Douglas i Alaska. Kring 1920 var gullrushet frå Sauda for det meste over, og dei fleste drog tilbake til gamlelandet, nokre rikare på gods, alle rikare på erfaringar.

Saudabuar som gullgravarar i Douglas Alaska. Fotografiet er frå mellom 1906 og 1910. Originalen tilhøyrer Vrål Øverland. Framme frå venstre: Ivar Handeland, ukjend (mogleg ein frå Moatre). Bak frå venstre: Amund V. Øverland, Østen O. Årthun, ukjend
Dette er det Øystein Djuv-Stiansen som fortel. I 2014 vitja han, saman med nære slektningar frå Sauda, gruvebyen i Alaska på jakt etter opplysningar om oldefaren, Østen Olsen Årthun (Djuv) og andre saudabuar. Mykje av det han fann, står å lese i Årsskrift for Sauda sogelag 2016. Og meir vil nok kome tysdag når Øystein Djuv-Stiansen vitjar sogelaget på Eldresenteret.
Men kanskje har andre i Sauda noko å fortelje om slektningar som drog vest for å grave etter gull i Alaska-gruvene. Eg har namnet på 26 unge menn. Mange kom frå Herheim, dei skulle eg gjerne visst meir om.
Djuv- Stiansen har med seg eit rikt biletmateriale frå gullgravartida. Dei fleste personane på bileta veit han kven er, men nokre av dei treng han hjelp til å identifisere. Han vil setje pris på all mogleg hjelp frå dei som kjem på møtet.
Så er det også tid for årsmøte i Sauda sogelag, det er oftast raskt avvikla. Og ingen treng uroa seg før valet, valnemnda har den saka under full kontroll. Det har også kjøkkengjengen, som også i 2018 byr på velsmakande sogelagsmat. Ver velkomne.
Roar Lund
Tid og stad: Kl 1900 på Eldresenteret (Høllandstun)